Hopp til innhold

Mange hol i skroget, men skipet ligg stabilt

Det er ingenting som tyder på at containerskipet MV «Celina» tek inn meir vatn enn før, eller at det har teke til å leke tungolje.

Celina

GRUNNSTØYTTE FREDAG: Det 123 meter lange, tyskeigde containerskipet MV 'Celina' grunnstøytte fredag kveld ved Gangsøy utanfor Måløy.

Foto: Nils Martin Sønderland

– Vi har ingen meldingar om at skipet tek inn meir vatn. Det er tetta ein del hol og skipet ligg veldig stabilt og vert halde på plass. Situasjonen er ganske stabil, seier Rune Bergstrøm, vaktleiar i Kystverket.

– Det vart veldig mange hol i båten då han gjekk på grunn, men fleire av dei hola er tetta no. Så eg vil seie at situasjonen er noko betre no enn då båten havarerte, seier Bergstrøm.

Er riven opp fleire stader

Skipet fekk store skadar i samanstøyten med Gangsøya.

– Skipet har hatt ganske god fart då det gjekk på grunn. Så båten har gått bortover og vore nedi, og dermed rive opp fleire stader i skroget. Noko har ein klart å tette, men ein kjem ikkje til overalt på båten sidan han ligg nedpå botnen. I tillegg er roret blitt pressa opp slik at det også har slege inn i båten, seier Bergstrøm.

Han fortel at mange av småhola som MV «Celina» fekk langs skutesida er no tetta med trepluggar.

– Vi prøver å halde skipet stabilt slik at det ikkje rører på seg. Blir båten for lett kan vi også få meir skadar dersom skipet rører på seg. Vi prøver å halde båten stabil fram til vi får tømt han for olje, og eventuelt teke av nokre containerar. Men vi må ha ein nøye plan før vi endrar oppdrifta på båten, seier Bergstrøm.

Blir halden av to taubåtar

Vêret på staden har vore stabilt natt til søndag, og båten har lege i ro. MV Celina blir også halden på plass av to taubåtar.

– Dei skubbar han inn mot land, for å unngå at han rører på seg. Viss han skulle røre på seg, kan det oppstå ein alvorleg situasjon. Men vi har ikkje hatt problem med å halde han i denne situasjonen, seier Bergstrøm.

Han presiserer at det viktigaste med bergingsarbeidet er at ein skundar seg langsamt.

– Vi tek dette veldig roleg slik at vi ikkje gjer feil. Ein båt som har mykje vatn innabords er svært ustabil. Og viss du då byrjar å ta av til dømes oljetankar på 100 tonn, kan du endre på stabiliteten, og det kan få alvorlege følgjer. Så alt må vere veldig planlagt og nøye gjennomtenkt før ein byrjar å losse av vekt på båten, seier Bergstrøm.

Pumpene går for fullt

Han presiserer at containerskipet ikkje lek olje.

– Nei, heldigvis ikkje. Situasjonen var slik at då politi og redningsmannskap kom til staden, så såg dei olje på vatnet ved båten. Vi har undersøkt nøye, men vi finn ingen lekkasjar. Den oljen som dei såg då, er såkalla blueshine, eit fargespel på vatnet, som har løyst seg opp etter kvart. Vi har ikkje fått nokon meldingar om at det er funne olje nokon stad, seier Bergstrøm.

Det vesle som kjem av olje no, følgjer det vatnet som kontinuerleg vert pumpa ut av havaristen.

– Men den oljen vert samla opp i eit lensesystem, seier Bergstrøm.

(Artikkelen held fram under biletet)

Åtte grader

STABIL: Skipet har framleis ei halling på åtte grader, og to taubåtar skubbar båten inntil land for å halde han i ro.

Foto: Nils Magne Sønderland

Trur ikkje båten knekk

Han trur ikkje det er fare for at båten kan knekkje i to.

– Vi er veldig obs på at vi ikkje lagar slike situasjonar at noko slikt kan skje. I tillegg ligg båten på ein stad der det er lite vind, noko som er bra for stabiliteten, seier Bergstrøm.

Båten vil tidlegast bli tømd for tungolje måndag.

– Vi gjer det ikkje fortare enn vi må. Vi må ikkje gjere noko feil som gjer at båten endrar stabilitet. Ein kjem til å bore seg ned til tankane og tømme den tanken det er mest skade ved. Det er også der det er mest tungolje, seier Bergstrøm.

Då skipet grunnstøytte hadde det om lag 265 kubikkmeter tungolje og om lag 65 tonn diesel om bord.

Skipet har 165 containerar om bord, dei fleste laste med frosen fisk og gjødsel. Skipet hadde 14 mann om bord då det gjekk på grunn, og er registrert på Antigua og Barbuda. Ingen om bord er norske.