Hopp til innhold

- Slepebåtane berga "Celina"

- Hadde det ikkje vore for dei to slepebåtane som låg til kai i Måløy kunne situasjonen vore langt verre for containerskipet "Celina", seier fartysjef Nils Samland på kystvaktskipet «Tor».

"Celina" på grunn ved Gangsøy
Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Fartysjef Nils Samland på KNM Tor

'HELL I UHELLET': Fartysjef Nils Samland.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

– Det var veldig heldig av slepebåtane låg her og var på plass alt 20 minutt etter grunnstøytinga.

– Var det heilt avgjerande for at dette har gått bra eller ikkje?

– Ja, det vil eg nesten seie. Vi veit iallfall ikkje kva som ville ha skjedd dersom vi ikkje hadde lagt press på fartyet slik det ligg.

LES OGSÅ: Skipet står ustabilt

LES OGSÅ: Satsar på oljetømming måndag

Då det 123 meter lange skipet gjekk på grunn fredag kveld var to slepebåtar raskt på plass ved havaristen. Framleis ligg dei inntil skutesida for å presse havaristen frå å skli ut på djupt vatn.

– Verste frykta er oljeutslepp

På land drillar folk frå Kystverket no boltar ned i fjellet for å kunne feste oljevernutstyr, i tilfelle utslepp skulle skje.

Celina har over 300 tonn med olje og diesel ombord. Sjølv om verste faren er over no, skal båten lossast og dragast av grunna.

Samland veit kva som er den største frykta.

– Oljeutslepp, utan tvil. Det vart tidleg klart at det ikkje var hol på nokon av bunkerstankane, og slik er det heldigvis enno.

"Celina" på grunn med mange hjelpefarty

MANGE HJELPEFARTY: 'Celina2 blir halden i sjakk.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK