Hopp til innhold

Vil ha raskare utbygging av E134

Politikarane i Vest-Telemarkrådet vil ha fortgang i bygging av E134 som stamveg mellom aust og vest. Lite har skjedd sidan det blei bestemt i 2015. Nå ber dei om byggestart i 2022.

Politikerne i Vest-Telemark-rådet vil ha fortgang i byggingen av E 134 som stamvei mellom øst og vest.

E134 er blant dei mest vintersikre vegane mellom aust og vest. Det er noe av grunnen til at den blei vald som ein av to stamvegar i 2015.

Vest-Telemarkrådet er misnøgd med at det ikkje er pengar til nye tunnelar på E134 i framlegget til Nasjonal transportplan.

Jarand Felland, ordførar i Tokke

Jarand Felland, ordførar i Tokke.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Ordførar i Tokke, Jarand Felland, seier utgreiingane viser heilt klart at E134 er den mest samfunnsøkonomisk lønsame stamvegen mellom Austlandet og Vestland.

– Vi har ei regjering som er veldig oppteken av samfunnsøkonomi. Det er veldig bra at regjeringa seier at E134 er stamveg nummer 1, men det må følgjast opp med konkrete løyvingar i første planperiode i NTP. Ellers blir det eit slag i lufta.

Felland viser til at det blir eitt eit val i september, og eit nytt val i 2021 før det kanskje kan kome pengar til nye vegprosjekt på E134.

Felles sak med Vestlandet

Erik Skjervagen, ordførar i Fyresdal

Erik Skjervagen, ordførar i Fyresdal.

Foto: Robert Hansen / NRK

Ordførar i Fyresdal, Erik Skjervagen, vil få tunnelen mellom Seljestad og Røldal inn igjen i første planperiode i NTP. Og seier det er ei felles sak i Telemark, Hordaland og Rogaland.

– Eg trur eg regjeringa vegrar seg for å ta ei avgjerd, og at det er rein valkampstrategi i frykt for å misse veljarar. Samferdsleministeren har problem med forklare kvifor, for han har sjølv forklart at E134 er det mest lønsame vegprosjektet i Noregshistoria, og likevel så har det blitt nedprioritert.

Jon Rikard Kleven, ordførar i Vinje

Jon Rikard Kleven, ordførar i Vinje.

Foto: Robert Hansen / NRK

Ordførar i Vinje, Jon Rikard Kleven, er redd det ikkje blir nokon nye investeringar på E134 på lenge.

– Når det først er skuva ut i neste periode i NTP, så veit vi ikkje om det kjem inn i første periode neste gong, for det skal vere to stortingsval før det skjer.

Høgre har bestemt dette

– Kva er grunnen til at dei klare signala ikkje er følgd opp?

– Det blir berre spekulasjonar. Men samferdsleminister sa i september 2015 at E134 var ein klar hovudsatsingsveg mellom Oslo og Bergen. Det er rart at det ikkje blir følgd opp med pengar når Statens vegvesen seier samfunnsnytten er på 26 milliardar kroner. Motivet for det er vanskeleg å spekulere i, men det er dei som tar avgjerder i Høgre som har bestemt dette. Så viss du ikkje ønskjer E134 i framtida bør du stemme på Høgre.

Halvor Homme, ordførar i Nissedal

Halvor Homme, ordførar i Nissedal.

Foto: Robert Hansen / NRK

Ordførar i Nissedal, Halvor Homme, mistenker at det er krefter i det sentrale Høgre som har fått sin vilje igjennom.

– Her er det gjort prioriteringar som ikkje har noko med samfunnsøkonomisk nytte å gjere. Det nærmar seg eit val, og då er det er det viktig for Høgre å sikre seg at deira veljarar stemmer på dei. Og det har gått utover E134.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark