Aust-Telemark tingrett meiner det er bevist at Tvedt står bak hatefulle ytringar på nettstaden til Vigrid. Blant anna blir jødar omtala som «parasittar» og «reptil».
Vigrid-leiaren er også dømt for å ha sendt 1300 e-postar der jødar blir omtalt svært nedsetjande.
E-postane blei mellom anna sendt til barnehagar og skular over ein periode på to månader i 2016.
Tvedt er dømt etter den såkalla rasismeparagrafen. Den forbyr hatefulle og diskriminerande ytringar knytt til mellom anna hudfarge, etnisitet og religion.
I tillegg til fengselsstraff på 60 dagar med prøvetid på tre år, må Tvedt betale ei bot på 10 000 kroner. Han får dessutan inndratt ein PC og ein ekstern harddisk.
Tvedt vil anke
Forsvarar John Christian Elden seier til NRK at Tvedt har bestemt seg for å anke domen.
– Det er ein grundig dom, der retten meiner vernet mot rasisme er større enn det Høgsterett tidlegare har lagt til grunn. Det gjev ein trigger i retning av anke for å sjå om Høgsterett sjølv er einig i dette, seier Elden.
Fann bevis i datamaskinene hans
Då Tvedt møtte i Aust-Telemark tingrett på Notodden 7. juni i år ville han ikkje forklare seg. Han har heller ikkje forklart seg for politiet.
Forsvarar Elden stilte i retten spørsmål ved om det var bevist at Tvedt som stod bak ytringane.
Blant bevisa mot Tvedt var fleire datamaskiner frå heimen hans på Akkerhaugen.
Politiet meiner undersøkingane av desse viser at Tvedt har fleire brukarkontoar registrerte i USA, Australia og Russland.
Dei meiner han nyttar desse kontoane til å skrive hatefulle ytringar på nettstaden til Vigrid, og sende e-postar.
Retten meiner ein kan sjå heilt bort frå at det er nokon andre enn Tvedt som har publisert innhaldet og sendt e-postane.
Gjekk til Høgsterett sist gong
Det er ikkje fyrste gong leiaren for den nynazizstiske gruppa har møtt i retten for hatefulle ytringar.
I 2006 blei han fyrste gong dømt i Eiker, Modum og Sigdal tingrett for hatefulle ytringar om jødar i eit intervju med VG.
Borgarting lagmannsrett frikjente Tvedt i ankesaka, men Høgsterett oppheva frifinninga i 2008.
Saka endte dermed med 45 dagar fengsel på vilkår for Tvedt.
Tore Tvedt er ein av få som er dømt etter den såkalla rasismeparagrafen.