Hopp til innhold

Smilande Vigrid-leiar nekta å forklare seg i retten

Aktor ber om at leiaren i Vigrid får 60 dagar i fengsel for hatfulle ytringar. Forsvararen meiner Tore Tvedt må bli frifunne.

Tore Tvedt

TILTALT: Tore Tvedt i retten i dag.

Foto: Britt Boyesen / NRK

Leiaren for den nynazistiske organisasjonen Vigrid, Tore Tvedt, møtte i dag i Aust Telemark tingrett. Han er tiltalt for hatfulle ytringar mot jødar.

Påtalemakta meiner Tvedt står bak ei rekke e-postar som omtalar jødar nedsetjande.

Dei meiner også at Tvedt skriv hatfulle ytringar på nettstaden til Vigrid, der jødar blir omtala som «parasittar» og «reptil».

Fredrik Reinertsen, politiadvokat

60 DAGAR: Politiadvokat Fredrik Reinertsen ber om 60 dagar fengsel for Tore Tvedt. I tillegg meiner han Vigrid-leiaren må betale ei bot på 10 000 kroner.

Foto: Britt Boyesen / NRK

Ber om 60 dagar i fengsel

I retten fortalde politiet om etterforskinga dei har gjort i saka. I 2017 beslagla dei fleire datamaskiner frå heimen til Tore Tvedt på Akkerhaugen.

Politiet meiner undersøkingane av desse datamaskinene syner at Tvedt har fleire brukarkontoar registrert i USA, Australia og Russland.

Dei meiner han nyttar desse kontoane til å skrive hatefulle ytringar på nettstaden til Vigrid, og sende e-postar.

– Me meiner at det er lagt fram god nok dokumentasjon til å domfelle Tvedt, seier politiadvokat Fredrik Reinertsen.

Aktoratet meiner difor Tvedt bør bli dømt til 60 dagar i fengsel. I tillegg meiner dei han må betale 10 000 kroner i bot.

elden

TALSMANN FOR TVEDT: Sidan Tore Tvedt nekta å forklare seg i retten i dag, var advokat John Christian Elden talsmann for Vigrid-leiaren.

Nekta å forklare seg

I retten nekta Tore Tvedt å forklare seg. Han valde å bruke forsvarar, John Christian Elden, som sin talsmann.

– Eg føretrekkjer at klienten forklarar seg sjølv, men han har ingen plikt til å gjere det, seier Elden.

Forsvaret meiner at bevisa som blei lagt fram i retten ikkje er gode nok, og at dei ikkje knyter Tvedt til dei hatfulle ytringane.

– Det er ikkje bevist at han har skrive desse ytringane, seier Jon Christian Elden, som er forsvararen til Tvedt.

Forsvaret meiner retten må frifinne Tore Tvedt. Det er førebels ikkje kjend når retten vil kome med dommen.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark