Så lagt har forsikringsselskapa fått melding om rundt eitt tusen skader etter flaumen dei siste to døgna. Det viser tal frå Finans Norge.
Terje Haug i Norsk Naturskadepool seier til NRK at det er gjort skader for store beløp.
– Vi er nå på 80 millionar, men dette talet vil stige i dagane som kjem, seier Haug.
Vil passere hundre millionar
Han trur talet kjem til å passere 100 millionar kroner etter kvart som skadane blir meldt i dagane som kjem. Og det kan ta nokre veker før dei har den fulle oversikta.
Dei største skadane oppstår når vatn kjem inn i kjellarar i privathus og næringsbygg.
– Til nå er det meldt inn cirka tusen skader, men dette vil stige i nær framtid, seier Haug.
Og etter kvart som vatnet trekk seg tilbake vil forsikringsselskapa få eit betre bilete av kor stort skadeomfanget har blitt.
I tillegg kjem skader på offentlege bygningar, vegar og infrastruktur som blir dekt av staten og kommunane.
Mange er fortvila etter flaumen
Berre Gjensidige har mottatt over 260 skader for 30 millionar kroner. Nesten halvparten av dei i Vestfold.
Og forsikringsselskapet Gjensidige ventar at talet på skademeldingar vil stige i dagane som kjem.
– Det har vore veldig travelt. Det er mange fortvilte kundar som ringer til oss og kanskje har fått øydelagt heimen eller har fått øydelagt bedrifta sin, Eller andre eigendelar dei er veldig redde for, seier informasjonssjef i Gjensidige, Arne Voll.
I tillegg har Gjensidige fått melding om 40 bilar som bokstaveleg talt har drukna.
Må utbetre avløpssystema
Forsikringsbransjen meiner kommunane må vere betre førebudd.
– Dei må sjå på om avløpssystema fungere godt nok. Vi veit at rundt omkring er dei for dårlege, dei er for tronge og for dårleg vedlikehalde, seier Jon Berge, informasjonsdirektør i forsikringsselskapet IF.
Han meiner dette må rettast opp i, for det er skader frå dette som aukar veldig i omfang år for år.