Hopp til innhold

Unge lærer å unngå luksusfella: – Absolutt eit behov for opplæring

Freistingane finst og pengane flyg for mange. No vil dei unge lære triksa som får pengane til å vare.

Elever ved Notodden vgs lærer om personlig økonomi. Fra venstre Even Fjelle, Peter Skaanes, Tobias Kasin.

VIL LÆRE: – Eg prøvar å ha kontroll på privatøkonomien. Når eg først tener pengar, prøvar eg å spare og ikkje bruke altfor mykje, seier Even Fjelle. Her saman med Peter Skaanes, Tobias Kasin, og privatøkonom Kenneth Sjåvåg i Sparebanken Sør.

Foto: HÅKON LIE / NRK

– Det er nok av freistingar. Det hender eg går på nokre smellar. Som regel stoppar mamma og pappa meg før eg gjer det, seier Even Fjelle.

Nyleg fekk han og 160 elevar på Notodden vidaregåande skole lære om korleis dei kan unngå luksusfella.

Ungdommane prøvar å spare, men det er ikkje alltid så lett.

– Det går meir pengar ut enn inn. No kan ein handle på nett, og det er veldig lett. Det går litt på nett, energidrikk og mykje drit, seier Peter Skaanes.

– Eit behov for økonomisk opplæring

Elevar saknar praktisk opplæring om personleg økonomi på skulen, fortalde NRK nyleg.

Med nye læreplanar frå hausten 2020 skulle elevane få lære om privatøkonomi, men framleis meiner mange at opplæringa er mangelfull.

Det er viktig å komme i gang med dette tidleg, meiner privatøkonom i Sparebanken Sør, Kenneth Sjåvåg.

Privatøkonomi Kenneth Sjåvåg Sparebanken Sør.

Overgangen til elektroniske pengar har nok ført til at det er lettare å bruke pengar, meiner Kenneth Sjåvåg, privatøkonom i Sparebanken Sør.

Foto: HÅKON LIE / NRK

– Vi ser absolutt eit behov for økonomisk opplæring blant unge. Det er nok ekstremt ulikt om økonomi er eit tema rundt middagsbordet i hus og heim, seier Sjåvåg.

2000 elevar i fylket får kurs i privatøkonomi gjennom eit samarbeid mellom Sparebanken Sør og Ungt Entreprenørskap Vestfold og Telemark.

Der lærer dei mellom anna å setje opp eit framtidig budsjett for å sjå kva som kostar pengar i det verkelege livet.

– Det er ganske mykje som kostar pengar, seier Sjåvåg.

Eit døme er energidrikk som mange unge kjøper dagleg, påpeikar han.

– Det kostar 30 kroner og då er det lett å tenkje at det ikkje er så mykje pengar. Men kjøper du ein sånn kvar dag, er det 900 kroner i månaden og over 10 000 kroner i året, seier han.

Hard læring når dei flyttar

For unge som er i lære og byrjar å tene pengar tidleg, er det spesielt lurt å vite kva som kan vere fornuftige val, påpeikar han.

Privatøkonomen trur mange unge blir overraska når dei flyttar ut.

– Det kan bli ei litt hard læring for mange når dei skal flytte heimanfrå for første gong og ha eit forhold til si eiga lommebok, seier han.

Overgangen frå kontantar til elektroniske pengar gjer at mange mistar oversikta over eigen pengebruk, meiner han.

Det er nok lettare å bruke bankkortet og Vipps enn dei fysiske pengane der ein betaler med ein 100-lapp og får tilbake vekslepengar, seier Sjåvåg.

No er det spesielt viktig å bli meir økonomisk medvite, meiner han.

– Det er viktigare enn nokon gong. Vi ser ein annan privatøkonomi også hos folk med stadig stigande rente på bustadlån, seier han.

Sjåvåg har desse råda for å få betre økonomi:

  • Tenk over «lommetjuvar»: Vanar som å kjøpe kaffi kvar dag blir dyrt. I staden kan du få det gratis på jobb.

  • Abonnement på strøymetenester: Nokon snakkar varmt om ein serie og du kjøper abonnement for å få tilgang. Til slutt har du mange abonnement som du sjeldan brukar, men som kostar mykje pengar.

  • Planlegg matinnkjøp: Mat har vorte dyrare, ikkje gå i butikken kvar dag når du er svolten. Lag ein plan for eitt eller to innkjøp i veka.

  • Sjå gjennom avtalane dine: Forsikringar, banktenester, alarmar.

  • Lag ein vane med å spare: Sparing er ein god vane, og gode vanar får ein inn tidleg. Dei som har klart å spare i unge år, held ofte fram med det gjennom livet.

  • Betal ned dyre lån først: Kredittkortgjeld og forbrukslån har høg rente. Prioriter å betale ned desse først.

  • Legg ein plan for økonomien: Kor mykje vil du bruke på ting framover? Ta eit dykk i mobilbanken og bli meir klar over kva du bruker pengar på. Lag eit budsjett og prøv å leve etter det.

Les også Vanskelige tider: Slik redder du privatøkonomien

Bankkort og betalingsterminal

Mål om å spare 20 prosent

Elevane på Notodden vidaregåande seier at dei prøver å spare meir pengar.

Even Fjelle, Peter Skaanes og Tobias Kasin, elever ved Notodden vgs.

Elevane Even Fjelle, Peter Skaanes og Tobias Kasin vil gjerne lære tips og triks til korleis dei kan unngå å hamne i luksusfella.

Foto: HÅKON LIE / NRK

– Eg prøver å spare så mykje som mogleg. Det kan hende eg får bruk for mykje av det seinare i livet, som eg kan takke meg sjølv for, seier Tobias Kasin.

Peter Skaanes meiner det ikkje står bra til med privatøkonomien hans, men han har ein plan.

– Eg har fått jobb i dyreparken i Kristiansand, og har fått eit mål om å spare 20 prosent av lønna.

Les også Dette koster en dag i familiepark i sommer

Sommarland i Bø

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark