Hopp til innhold

Hytteopprørarar stiller til val for å stoppe all ny bygging

Dette viser at problemstillinga rundt hytteutbygging har nådd eit smertepunkt, meiner NRK-kommentator Lars Nehru Sand.

Luftfoto av hytteområdet i Holtardalen på Rauland i Vinje kommune.

HOLTARDALEN: Dei er alvorleg bekymra for hyttebygginga i Rauland og vil setje ein stoppar.

Foto: Per-Kåre Sandbakk / NRK Luftfoto

Dei som kjempar med nebb og klør for å stoppe hytteutbygginga i Vinje, vil bli politikarar for å setje bråbremsen på.

Hytteopprørarane i Noregs fjerde største hyttekommune stiller tverrpolitisk bygdeliste til valet neste år.

– Du kan ikkje stå på utsida og klage i det uendelege. Då må du kanskje vere villig til å vere med og ta ansvar, seier initiativtakar Irja Godal, som til dagleg er lærar ved Rauland skule.

Det var Vest-Telemark Blad som melde nyheita først.

Godal og gjengen hennar elskar bygda dei bur i, og er alvorleg bekymra for den storstilte hyttebygginga tett på verna natur.

Irja Godal, Rauland, Vinje

Initiativtakar til ny bygdeliste i Vinje, Irja Godal, seier dei vil fokusere meir på berekraftig turisme framover.

Foto: Lars Tore Endresen / NRK

Ifølgje SSB er det bygd over 100.000 nye hytter i Noreg dei siste 20 åra.

Over 2000 av dei er sett opp i Vinje i Telemark.

Les også Oversikten ingen har: Hvor mange hytter skal bygges i Norge i framtida?

Luftfoto av hyttefelt på toppen av Holtardalen på Rauland i Vinje kommune.

Trur dei får mange stemmer

Ein av dei andre initiativtakarane, Bjarte Hestdalen, er tydeleg på at dei også skal satse på andre saker enn stopp i hyttebygging.

Bjarte Hestdalen / bygdeliste

Bjarte Hestdalen er ein av initiativtakarane til bygdeliste i Rauland.

Foto: Kurt Inge Dale / NRK

Kort sagt handlar det om å ta vare på verdiane og ressursane i kommunen på ein berekraftig måte.

Han har stor tru på at dei får nok stemmer til å kunne påverke politikken framover.

– Absolutt. Under hytteopprøret hadde vi veldig god respons og sterkt engasjement frå mange som normalt ikkje tør å ta ordet.

– Vil prege valkampen i mange kommunar

Politisk kommentator i NRK, Lars Nehru Sand, seier det ikkje er nokon hemmelegheit at ei tverrpolitisk lokalliste kan få stor merksemd.

Nettopp fordi dei gjerne sel seg inn med éi kampsak.

Lars Nehru Sand

Lars Nehru Sand er politisk kommentator i NRK.

Foto: Vidar Ruud / NTB

Sand har ikkje høyrt om liknande liste enno, men seier han trur hytteutbygging vil prege neste års valkamp i mange kommunar.

– Turisme og næringsliv på den eine sida, og natur og miljøforvaltning på den andre sida, har nådd eit anna smertepunkt no enn for fem og ti år sidan.

– Kan denne bygdelista i Vinje vere starten på noko større?

– Det er litt tidleg å seie, men problemstillinga i seg sjølv er eit tema i mange norske kommunar. Det vil vere ei auka problemstilling rundt dette.

Sand er overtydd om kva som er svakheita ved ei bygdeliste som dei no lagar i Vinje.

– I eit kommunestyre er det ofte veldig mange saker dei må ta stilling til. Det er vanskeleg å halde gjengen samla over tid.

Ikkje redd for konkurranse

Jon Rikard Kleven (Sp) har styrt Vinje kommune i sju år.

Han er ikkje redd for konkurranse, og seier at politisk engasjement er utelukkande positivt for kommunen.

– Men uttrykkjer ikkje dette ein mistillit mot dei etablerte partia i kommunen?

– Nei, det synest eg ikkje. Men sjølvsagt er det nokon som ikkje er samd i korleis det blir styrt no.

Vinjeordfører Jon Rikard Kleven i skolegården på Rauland skule.

Jon Rikard Kleven er ordførar i Vinje og er glad for politisk engasjement i kommunen.

Foto: Martin Torstveit / NRK

Kleven er open om at hans eige parti, Senterpartiet, er delt på midten i spørsmålet om vidare hytteutbygging.

– Vi skal hugse at reiselivsnæringa i Vinje er hjørnesteinsbedrifta vår. Det blir lagt igjen 300 millionar kroner i året, og det er ikkje noko vi berre kan setje ein strek over. Då må vi ha eit veldig godt alternativ for kvar dei 400 menneska skal jobbe.