Krev byggjestans i den fjerde største hyttekommunen i landet

Mange fastbuande har fått nok: – Meininga med å bu i ei bygd blir øydelagd, meiner Irja Godal.

Hytter i Holtardalen i Rauland

FOLKSAMT TIL FJELLS: I Vinje ligg hyttene tett i enkelte område. Her frå Holtardalen på Rauland.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Hyttene ligg tett i tett på Rauland i Vinje.

Utbygginga skaut fart på 2000-talet. I dag er det registrert 5500 hytter i kommunen.

Det gjer Vinje til Noregs fjerde største hyttekommune, i eit land som ifølgje SSB no har meir enn 440.000 hytter og sommarhus.

Og fleire kan det bli.

700 nye tomter er allereie godkjende i Vinje. Neste veke bestemmer kommunestyret om dei skal seie ja til ytterlegare 600.

Det som potensielt kan bety 1300 nye hytter i kommunen, får mange i lokalbefolkninga til å reagere med vantru. Det er ikkje første gong.

Har fått nok

– Det er mykje. Ein må berre seie nei når ein ser på det volumet som er her frå før, meiner Irja Godal.

Ho er busett på Rauland, og har tidlegare vore positiv til hyttebygging. No meiner ho kommunen har nådd eit mettingspunkt. Mange er samde med henne.

Hyttebygginga går mellom anna ut over jakt, villrein, og sauehald, ifølgje bygdefolket.

Irja Godal, Rauland, Vinje

Irja Godal er ein av mange innbyggjarar som er kritisk til hyttebygging på Rauland.

Foto: Lars Tore Endresen / NRK

– Folk som har gått på tur her i mange år, blir no gåande i eit slags 17. mai-tog.

Saman med fleire av innbyggjarane har ho teke initiativ til eit lokalt opprør mot planane om fleire hytter.

– Vi kjenner oss framandgjort. Det som høyrer til bygda, og meininga med å bu i ei bygd, blir forstyrra og øydelagde.

Skepsis fleire stader i landet

Det er ikkje berre i Vinje fortetting og utviding av hyttefelt skapar reaksjonar.

Nabokommunen Tinn har dei same utfordringane. Der har fleire hytteeigarar med lang fartstid vore skeptiske til fortetting.

På Sjusjøen i Ringsaker har mange uttrykt eit sterkt ønske om å ta ein pust i bakken.

Problemstillinga er heller ikkje ny for Noregs Hytteforbund.

– Dette er eit tema vi får mange førespurnader om, seier styreleiar Trond Hagen.

Hytteforbundet er i utgangspunktet positive til at det blir bygd hytter. Men på generelt grunnlag trur dei at ein del kommunar kunne hatt godt av ein ekstra runde i tenkeboksen før dei godkjenner fleire tomter.

– Ein skal tenkje seg godt om. Både økonomisk og med tanke på slitasje i naturen. Ein må òg ta omsyn til dei eksisterande hyttene som allereie er der, seier Hagen.

– Aktivitet og verdiskaping

Ordførar i Vinje, Jon Rikard Kleven (Sp), støttar kravet om å bremse. Men først vil han altså seie ja til ytterlegare 600 hytter.

Jon Rikard Kleven, ordførar i Vinje(SP)

Ordførar i Vinje kommune, Jon Rikard Kleven (Sp).

Foto: Anne Lognvik / NRK

– Det er veldig mange arbeidsplassar i reiselivsnæringa. Det må vere meir føreseieleg for dei. Så må vi finne ut når og kvar vi landar. No er det mogleg å planleggje for dette.

Kleven påpeikar at jordbruk og reiseliv er dei to viktigaste satsingsområda i næringsplanen til kommunen.

– Om vi skal ha aktivitet og verdiskaping, må dei næringane fungere.

Usamde om plassen

Kleven minner òg om at Vinje er ein enorm utmarkskommune. Berre 2 prosent av kommunen er regulert til eit eller anna formål.

– 98 prosent av Noregs 12. største kommune er uregulert utmark. Sånn sett kjenner eg ikkje at vi har øydelagt veldig mykje.

Det synest Irja Godal er eit syltynt argument for å seie ja til 600 nye hyttetomter.

Ikkje minst fordi store delar av Vinje er ein nasjonalpark, og har mange innsjøar.

– Poenget er jo at folk ikkje sit på hytta heile tida. Dei bevegar seg ut.

Vet du mer om dette?

Hytteliv engasjerer. Har du tips til andre saker vi bør undersøke eller fortelle om? 

Send meg gjerne en e-post.