Hopp til innhold

Slit i kulda – toga må «overnatta» i tunnelar for å tina

Vinteren har vore tøff for mange togpendlarar. Ein av hovudårsakene er eldre togsett som bokstaveleg talt frys fast.

Togsett fryser

BOM FAST: Mange av togsetta er ikkje rusta for vinteren me har hatt i år.

Foto: Vy

– Det har vore ekstremt mykje av det no i år, seier Siv Egger Westin. Ho er pressevakt i Vy, som har ansvaret for store delar av togtrafikken i Noreg.

Les også Tok du taxi for tog? Da får du pengene igjen

Tog fra Vy står i snø i Oslo

Komponentar frys fast

Togsetta har utvilsamt vore ute ei vinternatt før, men denne vinteren har det vore ekstra ille.

– Dette har vore ein av dei tøffaste vintrane på mange år, med tanke på kulde og snøproblematikk, forklarar Westin.

Siv Egger Westin

Siv Egger Westin, pressevakt i Vy.

Foto: Bård Gudim

Isen pakkar seg rundt viktige komponentar på toga, som gjer at ein til dømes slit med å kopla togsetta til og frå kvarandre.

Det går igjen ut over pendlarane. Når setta ikkje kan koplast saman på grunn av is, blir kapasiteten halvert med tanke på talet på passasjerar.

Dette gjeld særleg travle linjer som Spikkestad-Lillestrøm og Stabekk-Ski.

– Sjølv om toget går i rute, er det likevel fullt når toga blir køyrde med enkle sett på enkelte avgangar. Me forstår at det er utruleg kjedeleg å oppleva som pendlar.

Vestfoldbanen har også vore ramma av togsett som frys.

Togsett fryser

Botnfrosne tog skaper utfordringar når setta skal koplast saman.

Foto: Vy

– Kvifor kan de ikkje setja opp fleire avgangar, når kapasiteten blir halvert på enkelte avgangar?

– Me kan ikkje utan vidare auka frekvensen og køyra kvart femte minutt eller tiande minutt, der me vanlegvis køyrer kvart kvarter eller halvtime. Det er ikkje plass på sporet til fleire avgangar, forklarer Westin.

– Rutetidene er fastsette av Bane Nor, og me kan dessverre ikkje setja inn fleire avgangar utan at heile rutetabellen for alle tog som trafikkerer Oslo-området blir endra.

Les også Alt stoppet opp i snøkaoset: – Det er for dårlig

Oslo s forsinkelser

Draumar om parkeringshus

På dei nyare toga er det færre problem, då dei fleste komponentane er inne i toget eller på taket. På dei eldre togsetta er dette under toget.

Togsett fryser

Iskald vinter skaper trøbbel.

Foto: Vy

Det er bestilt fleire nye tog, som etter planen blir sette i drift frå 2025.

Men sjølv om dei nyare toga har mindre problem, drøymer Vy om parkeringshus for å unngå trøbbelet med is.

– Parkeringsanlegg med varme eller tak der dei ikkje blir like eksponerte for kulde og is er noko me ønskjer oss, men det er førebels ikkje planar om dette så vidt eg veit, seier Westin.

I Sverige prøver ein så godt det lèt seg gjera å køyra toga til den næraste staden med plussgrader.

Det er ikkje ein strategi Vy vil satsa på.

– Togsetta på Austlandet må haldast her. Me har ikkje eit hav av tog å plukka frå, så me er nøydde til å ha dei i områda dei skal køyra, seier Westin.

Tog på overnattingsbesøk

Toga må «overnatta» i tunnelar for å tina. Her frå Nationaltheatret i Oslo.

Foto: VY