Hopp til innhold

Slik unngår du leigebuarar med venger

Endeleg er det vår i lufta, det betyr at hekketida er i gang. Ved å ta nokre enkle grep slepp du å få fuglereir i pipa.

Fuglereir i pipe

I PIPA: Har fuglane allereie laga reir i pipa, kan du ikkje fjerne reiret før fuglane har forlate det

Foto: Vestfold Interkommunale Brannvesen

– Ein skal aldri kimse av kjerringråd.

Det seier feiemeister Jan Espeseth i Vestfold interkommunale brannvesen.

Feiemester Jan Espeseth

FEIEMEISTER: Jan Espeseth er feiemeister og leiar i feiarseksjonen i Vestfold Interkommunale Brannvesen.

Foto: Linda Røsholt

Det er spesielt kaier, ein del av kråkefamilien, som har skorstein som ein favorittplass for reira sine.

– Pipene er ofte ute av bruk på denne tida av året. Skorsteinen er ein enkelt stad å bygge reir og fuglane har lett tilgang til han. Det er også ein trygg stad å legge egga så ingen stel dei, seier Espeseth.

Gode råd

– Ei gammal kjerringråd er å sette ein kopp med salmiakk i den nedste luka i skorsteinen, det har visst fungert, men hugs å ta den bort når fyringssesongen er i gang igjen, seier feiemeisteren.

Han fortel at det er eit enda betre alternativ å kjøpe ei fuglerist som kan ligge permanent på toppen av pipa.

– Det hindrar reiret, men ikkje røyken. Mange har brukt hønsenetting, men det er meir jobb, for da må du fjerne det før du fyrer igjen.

Bilde pipe med netting

NETTING: Du kan bruke netting for å sleppe å få reir i pipa, men da må du hugse å fjerne det før du tek til å fyre igjen.

Foto: Vestfold Interkommunale Brannvesen

Det er lurt å gjere tiltaka nå, for om kaiene allereie er i gang med å bygge reiret, må du la dei vere.

– Viss du allereie har fått ein leigebuar, må han vere der til fugleungane har forlate reiret.

Les også Vil hjelpe utryddingstruga sjøfugl med å bygge eigne hotell

Krykkjehotell på Røst med flere krykkjer i foran havna på Røst.

Ulovleg å øydelegge

Finn Hauge har studert fuglar i 70 år og er leiar i Birdlife Vestfold. Han fortel at det er strenge reglar for kva du kan gjere i hekketida til fuglane.

Finn Hauge, leder Birdlife Vestfold

FUGLEENTUSIAST: Finn Hauge er leiar av Birdlife Vestfold. Han har studert fuglar heile livet.

Foto: Privat

– Det er ikkje lov å ta vekk reiret eller øydelegge for fuglane på nokon måte.

Frå kaiene bygger reiret til dei har lagt egg, tar det ofte nokre månader. Sjølve ruginga varer i 20–30 dagar, og så er ungane i reiret ein månads tid.

– Så da går heile sommaren, seier Hauge.

Først da kan du fjerne reiret.

Les også Her fjernes reir fra kjøpesenter

Kreative fuglar

Fuglane er kreative og ekstremt flinke til å lage reir, fortel feiemeister Espeseth.

– Dei kan fylle halve skorsteinen på berre éin sesong. Dei bruker kvist, grass, sand og leire, så det blir forholdsvis kompakt.

Kastet? fuglereir

FUGLEREIR: Fuglane er kreative når dei lagar reir. Dei bruker kvister, gras og jord.

Foto: Vestfold Interkommunale Brannvesen

Feievesenet har eit lodd på ei line som dei bruker til å feie med.

– Loddet er på 2 kg, men vi har også eit tungt lodd på 20kg. Til og med da har vi slite med å komme gjennom reiret, så dei bygger hardt og er flinke.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark

Seriekobla campingvogner

Seriekoblede campingvogner på ferga mellom Horten og Moss: – Er som et vogntog