Hopp til innhold

Ordføraren ville «opne bygda» etter påske: – Opplagt forskjell på oss og Oslo

Fyresdal har 1300 innbyggarar og ingen koronasmitte. Dei er klare til å opne skular og barnehagar, men får ikkje lov.

Erik Skjervagen

VAR KLAR FOR Å OPNE: Fyresdalordfører Erik Skjervagen ville opne skular og barnehagar etter påske, men myndigheitene meiner det er for tidleg.

Foto: Fyresdal kommune

Ordførar Eirik Skjervagen var spent før pressekonferansen til statsminister Erna Solberg tysdag. Han håpa regjeringa ville lette på tiltaka, men slik gjekk det ikkje.

Skular og barnehagar får ikkje opne veka etter påske. Fyrst frå 20. april kan barn komme tilbake til barnehagar. Frå 27. april får skular frå 1.–4. trinn opne.

Ordføraren i den vesle bygda i Telemark seier han ikkje er skuffa sjølv om han ønska at kommunane skulle få styre meir sjølve.

– Vi kan ikkje gjere anna enn å stole på vurderingane til myndigheitene. Dei tiltaka dei har gjort til no har fungert, så vi får berre følge dei vidare, seier han etter pressekonferansen.

Vil opne så fort som mogleg

Alle skulane og barnehagane i landet har vore stengde sidan torsdag 12. mars.

Det har tydelegvis gitt resultat, for måndag kom gladnyheita om at Noreg har fått koronaepidemien under kontroll.

Før pressekonferansen sa ordføraren at dei ville opne opp så fort som mogleg.

– Det er store forskjellar mellom oss og Oslo-skulane, og eg meiner det vil vere fornuftig å la kommunane sjølve få bestemme, så lenge det er forsvarleg, sa Skjervagen.

– Det er berre nokre få dagar til påska er over. Vil det vore forsvarleg å opne så raskt?

– Det er ingen smitte i bygda, vi har små skuleklassar og store inne- og uteareal for barna. Vi har god plass og moglegheiter for å halde på reglane så godt det lèt seg gjere.

Ekeberg Skole

Skulegardane i heile Noreg har vore tomme dei siste vekene.

Foto: Vegar Erstad / NRK

Får støtte frå KS

Kommunanes interesseorganisasjon, KS, går langt i å støtte kommunar som vil bestemme sjølve om skular og barnehagar skal vere opne.

Før pressekonferansen svarte 1. nestleiar i KS, Gunn Marit Helgesen, slik:

– Dersom regjeringa tillèt delvis eller full gjenopning er det kommunanes ansvar å vurdere sin eigen situasjon.

– Kva meiner du reint prinsipielt? Bør kommunane få bestemme dette sjølve?

– Ja, dei har og skal ha eit stort ansvar. Derfor må dei få bestemme dette sjølve, gitt at det er opna for det nasjonalt. Det er heilt tydeleg at det er stor forskjell på Fyresdal og Oslo kommune, som det blir snakka om i denne saka, seier Helgesen.