Hopp til innhold

Merkar Rådebank-effekt: – Fleire lurer på kva yrket handlar om

Inspirasjonen bak «Hege» i Rådebank får fleire meldingar av jenter som er nysgjerrige på yrket hennar.

Glade ungdommer rundt et bord ute med brus på bordet

FØREBILETE I RÅDEBANK: Yrkesvalet til billakkerar Hege kan ha ein smitteeffekt. Ein halv million sjåarar fekk med seg sesongopninga av Rådebank i januar.

Foto: Max Emanuelson / NRK

Livet i rånebilane er meir enn TV-underhaldning frå eit spesielt miljø.

Rådebank gir òg eit godt innblikk i kva som er under panseret og på den glinsande, nypolerte lakken.

Seriens Hege lakkerer bilar. Det gjer òg Åse Brekke Roe i verkstaden sin i Bø.

Serieskapar Linn-Jeanethe Kyed legg ikkje skjul på at Åse har vore ein inspirasjon under planlegginga av den tredje og siste sesongen.

– Det er jo kjempestas, seier 27-åringen med lakkpistolen. Ho lèt seg inspirere av fargane, å lakke og å fikse noko som er øydelagt.

Les òg Ein halv million såg Rådebank

Rådebank sesong 3

– Har allereie søkt på linja

No merkar ho at serien og merksemda gjer at fleire unge jenter snusar på yrket hennar.

– Eg har fått fleire meldingar frå jenter som har sett på Rådebank. Dei lurer på kva yrket handlar om. Nokon fortel at dei allereie har søkt på linja.

Andre billakkerarar har òg teke kontakt. Dei er glad for at det er fokus på dette yrket.

– Yrkesfag er viktig, og jenter kan gjere akkurat det dei vil viss dei berre har interessa.

Åse Brekke Roe

Åse Brekke Roe er tidenes første kvinnelege noregsmeister i billakkering.

Foto: Håvard Sandvik / NRK P3

Fleire jenter på verkstadene

Dette er sjølvsagd musikk i øyra til Rolf Thorkildsen. Han er dagleg leiar for Opplæringskontoret for bilfag i Telemark.

Han håpar det kjem mange søknader før fristen går ut 1. mars.

– Vi har hatt ein forsiktig vekst dei siste åra.

Thorkildsen fortel at rundt 20 prosent av lærlingane på bilverkstadene er jenter.

– Og eg har fått konkrete tilbakemeldingar på at Åse er førebiletet til lærlingane som har valt billakkerarfaget. Ho er ein flott ambassadør og rollemodell.

Thorkildsen er ikkje i tvil om at dette valet er eit godt val. Han meiner behovet for fagarbeidarar er enormt anten dei vel å spesialisere seg på motorsyklar eller bilskadar.

Han trur ikkje han tek munnen for full når han seier at dei som vel dette, har ein god jobb i mange år framover.

Stadfestar auke

Ifølgje Statistisk sentralbyrå har det vore ein auke i talet på kvinner i bilbransjen i Noreg.

Frå 2015 til 2020 har talet på kvinnelege bilmekanikarar auka frå 273 til 453. Dei fleste jobbar i ein 100 prosent stilling.

Likevel er framleis berre litt over 2 prosent av bilmekanikarane kvinner.

Når det gjeld overflatebehandlarar og lakkerarar, er det òg ein auke, og her er delen kvinner 6,7 prosent.

Meir enn å sprøyte lakk

Åse Brekke Roe ler når nokon kallar henne yrkesrettleiar.

– Det er jo veldig artig viss nokon har valt å bli billakkerar på grunn av meg.

Ho håpar dei som er freista, men som er litt usikre, sjekkar kva faget inneheld.

– Jobben er meir enn å sprøyte lakk. Det er mykje sliping og maskering. Og å levere resultatet til bileigaren, seier ho som akkurat no er Noregs mest kjende billakkerar – med unntak av Hege i Rådebank.

Åse Brekke Roe

Åse Brekke Roe legg ikkje skjul på at det er mykje pirk før resultat blir perfekt.