Hopp til innhold

Kolliderte med eit rådyr på E18 – blei redda av godt utstyr

Rett påkledning gjorde at Gustav Lønnegraff slapp unna ulykka utan ei skramme. Dette bør fleire yngre MC-førarar lære av, meiner politiet.

Kollisjon med rådyr

HADDE RETT UTSTYR: Lønnegraff slapp unna med null skadar etter kollisjonen. Alt takka vere god kledning.

Foto: Stian Wåsjø Simonsen / NRK

– Eg trefte han midt i fronten, eg rakk ikkje å bremse eller nokon ting.

Det fortel Lønnegraff etter han ein tidleg morgon i juni kolliderte med eit rådyr på E18 i Porsgrunn.

Som følge av samanstøyten gjekk motorsyklisten i bakken og sklei langs asfalten.

Gustav Lønnegraff

Gustav Lønnegraff.

Foto: Stian Wåsjø Simonsen / NRK

Operasjonsleiar i Sør-Aust politidistrikt, Lasse Holen, meiner Lønnegraff var heldig som slapp unna utan skadar.

– Ein av årsakene til det er jo at motorsykkelføraren her har hatt på seg godt med verneutstyr.

Men rett påkledning er det ikkje alle som er like flinke til.

Ungdommen vel bort tryggleiken

Ein stor del unge køyrer utan tryggingsutstyr, ifølge politiet.

Det bekreftar ungdommen sjølv.

Henrik Sjokta (17) og Orlando Svendsen (17) køyrer moped og motorsykkel til skolen. Begge fortel at dei som regel berre køyrer i vanleg klede og hjelm.

– Eg har bukse, jakke, sko og alt heime, men det er mest hjelm og hanskar det går i, seier Svendsen.

– Eg køyrer moped, så det er ingen vits i meir klede, legg Sjokta til.

Orlando Svendsen

Motorsyklist Orlando Svendsen.

Foto: Stian Wåsjø Simonsen / NRK

Ungdommane anerkjenner at valet om å køyre utan rett utstyr kan få konsekvensar.

– Ein kan jo få nokre stygge arr og sånt, men eg tenker berre på at eg kosar meg når eg køyrer. Og så er det herleg å få vind på kroppen, seier Svendsen.

Likevel verkar det ikkje som om klesvalet kjem til å endre seg med det første.

– Eg har tryna før og det gjekk greitt, så det går sikkert greitt igjen, fortel Sjokta og ler.

Meiner det er naivt

Trafikkoordinator i politiet i Telemark, Nils Anders Bruun, beskriv valet som naivt.

– Ein tenker ikkje konsekvensar og følgeskadar viss det skulle oppstå eit uhell.

Nils Anders Bruun, trafikkoordinator i politiet, foran en av veiene moped-crosserne liker å kjøre på.

Trafikkoordinator i politiet i Telemark, Nils Anders Bruun, seier at det finst fleire trendy alternativ for verneutstyr for ungdommen.

Foto: Martin Torstveit / NRK

Han fortel at politiet regelmessig observerer unge som køyrer utan rett verneutstyr. Verstingane er dei som køyrer moped.

– Køyrar du ein moped i lovleg fart så kan du framleis få store og alvorlege skliskadar viss du fell av mopeden, seier Bruun og legg til:

– Enda verre er det om du køyret lettsykkel som går enda fortare.

Han oppfordrar nå unge til å ta sin eigen tryggleik på alvor.

– Når ein er involvert i ei motorsykkelulykke, så er ikkje oddsen på føraren si side.

Les også Økning i trafikkdødsfall i Norge: Verste mars på fire år

Minnemarkering i Nome