Hopp til innhold

Bø Auto har selt over 2500 t-skjorter etter NRK-serien Rådebank

– Det er ganske vilt. Eg føler at halve Bergen går med t-skjorta vår, seier verkstad-drivar.

Dramaserien Rådebank følger GT (Odin Waage) i livet som råner på bygda.

Ein av seriens hovudpersonar, GT, er mekanikar ved Bø Auto, og er stadig å sjå i den ikoniske t-skjorta.

Foto: Fenomen / NRK

Bø Auto er ein av innspelingsstadene for NRK-serien Rådebank, der tredje og siste sesong har premiere denne uka.

Før serien vart laga kom det berre frustrerte bileigarar innom for å få hjelp, men etter Rådebank har kundebasen forandra seg.

Glenn-Tore (GT), ein av hovudpersonane i serien, jobbar nemleg på Bø Auto og er stadig å sjå i ei raud t-skjorte med «Bø Auto» på brystet.

T-skjortesalget går så det suser

Denne t-skjorta er det selt over 2500 av sidan NRK-serien Rådebank hadde premiere i mars 2020. Torsdag var det premiere på tredje og siste sesong av serien.

Foto: Stian Wåsjø Simonsen / NRK

Den er det mange fans som vil ha. Sidan serien starta har verkstad-drivar Knut Arne Firingen selt over 2500 eksemplar av den ikoniske Bø Auto-t-skjorta.

Det kjem masse folk frå alle stader rundt i Noreg. Det er ganske vilt. Eg føler at halve Bergen går med t-skjorta, fortel Firingen når NRK er på besøk.

Han seier at mange kundar kler av seg rett utanfor, og får på seg t-skjorta med ein gong.

Bilverkstedet i Bø selger massevis av t-skjorter på grunn av populær tv-serie

Bilverkstaden i Bø sel massevis av t-skjorter på grunn av populær tv-serie.

Mange kjem til Bø for å oppleve stadene som blir vist i TV-serien. I tillegg til å kjøpe t-skjorter er det mange som tar selfies utanfor Bø Auto.

– Det er morosamt å bli spurt om å sende bursdaghelsing frå verkstaden. Vi har jo stått alle mann ved porten her for å filme at vi gratulerer ei ung jente med dagen.

Det fortel svigersonen til Firing, Sverre Smestad, som også jobbar på verkstaden.

Bilist utenfor Bø Auto

– Eg har vel ein fem-seks Volvoar, fortel Sverre Smestad som er tilsett på Bø Auto.

Foto: Stian Wåsjø Simonsen / NRK

Ordføraren støttar rånarane

I Bø har dei laga ei eiga Rådebank-rute som guidar folk gjennom dei viktigaste stadene frå serien.

I serien er ordføraren i krangel med rånarane på den lokale Esso-stasjonen, men slik er det ikkje i verkelegheita, fortel ordførar Siri Blichfeldt Dyrland når NRK møter ho ved elbilen hennar.

– Eg er veldig positiv til rånarmiljøet, og ser på det som ein viktig del av Midt-Telemark. Det har vore fokus på dei negative aspekta som støy og forsøpling, men eg er glad for at råninga er løfta fram som det er gjort i Rådebank, seier ordføraren.

– Kva betyr TV-serien for dykk?

– Det er ikkje lett å setje tal på det. Vi har nok vore kjende for Telemarkskanalen og Sommarland i Bø. Men når ein viser fram så mange delar av kommunen, har det sikkert mykje å seie for at folk får lyst til å dra hit og bli betre kjende her.

Ordføraren tek NRK med på Rådebank-ruta, men det kvin ikkje akkurat i dekka på elbilen på veg ut.

– Det er ikkje helt den råninga ein ser på TV, seier ho og ler på veg til Bø Stasjon.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark

Seriekobla campingvogner

Seriekoblede campingvogner på ferga mellom Horten og Moss: – Er som et vogntog