Hopp til innhold

Ny oppdaging: Parasitt rammar laksefisk i norske innsjøar

For første gong er den såkalla PKD-parasitten oppdaga i store, djupe innsjøar i Noreg. Det kan få mykje å seie for laksebestanden her til lands.

Lakseparasitt.

KAN MEDFØRE FISKEDØD: PKD-parasitten er ikkje farleg for menneske, men angrip nyrene til fleire typar laksefisk. Her frå forskingsarbeid ved Universitetet i Søraust-Noreg (USN).

Foto: USN

Sjukdommen som rammar fisken som blir infisert, ber namnet Proliferative Kidney Disease (PKD).

På norsk: Parasittær nyresjuke hjå laksefisk.

Den er umogleg å sjå med det blotte auge, men gjer allereie stor skade. Både lengre sør i Europa og i USA.

Den vesle plageånda er ikkje farleg for menneske, men rammar ulike typar fisk. Den kjem inn i fisken gjennom gjellene, og lever primært i nyrene (blodranda) på fisken. Der hemmar han produksjonen av raude blodceller, som i verste fall fører til fiskedød.

I Noreg er han tidlegare påvist i elvar over heile landet, og rammar mellom anna sik, røye, aure og laks.

Funn av parasitten på djupt vatn i innsjøar er likevel heilt nytt, noko som skaper stor bekymring for framtida til fiskeartane.

Mykje handlar om stigande temperaturar.

Les også Har samlet på fiskearter i mange år – nå ser de store endringer

Artsfiske i Kragerøskjærgården.

Funnen nye stader

Tone Jøran Oredalen er høgskulelektor ved Universitetet i Søraust-Noreg (USN).

Ho har nyleg levert ei doktoravhandling om den aktuelle fiskeparasitten, og gjort urovekkjande oppdagingar etter å ha forska på djupe innsjøar i Telemark.

Tone Jøran Oredalen
Foto: Martin Torstveit / NRK

– Parasitten er tidlegare funnen i oppdrettsanlegg og elver i Noreg, men det er aldri blitt undersøkt i de djupe, store innsjøane, seier Oredalen.

Parasitten kan potensielt ta livet av store mengder fisk i framtida, som følgje av eit varmare klima, og at unge fisk er spesielt sårbare.

Berre i sveitsiske elver har fisk døydd i hopetal, der det er vist at parasitten har vore sterkt medverkande.

Ho har funne fleire tilfelle av den upopulære skapningen på fisk i dei fem undersøkte norske innsjøane. Ikkje berre i laks, men også aure, røye og sik.

– At parasitten er der, det er det ikkje tvil om.

Større utfordring når temperaturen stig

Klimaet spelar ei viktig rolle i utbreiinga.

– Jo varmare vatnet blir, jo større er faren for at fisken blir ramma. Har du mellom 12–14 grader over ein periode på meir enn fjorten dagar, er risikoen for at sjukdommen utviklar seg mykje større, forklarer Oredalen.

Åsa på vei over Norsjø med varer

Norsjø er ein av stadene forskaren har funne parasittar på fisken.

Foto: Per Kåre Sandbakk/NRK luftfoto

Dette er også grunnen til at ho meiner fisken er «tryggare» med tanke på sjukdomsutvikling på botnen av store, djupe innsjøar, der temperaturen vanlegvis er betydeleg lågare enn i overflata.

– Temperaturane stig jo i overflatevatnet om sommaren, seier forskaren.

– Men botnvatnet forventar vi at vil halde seg kaldt også i framtida.

Spørsmålet er berre kor lenge.

– Temperaturane stig jo.

Det blir stadfesta av Norsk institutt for luftforsking, som seier vasstemperaturen har auka med tre grader dei siste 30 åra.

– Skremt

Blant fiskarane på innsjøen Norsjø i Telemark skaper resultata av forskinga bekymring.

– Ein blir jo litt skremt av å høyre om dette, seier Espen Snippen.

Sportsfiskaren er ein av mange som driv med såkalla trolling, ei avansert form for dorging.

Erik Snippen, fisker i Norsjø

Espen Snippen brukar mykje av fritida på fiske i Norsjø. Han blir skremd av dei nye funna.

Foto: Martin Torstveit / NRK

Han er vand med at det krev både tid og ein solid dose tolmod å få fisk på kroken.

– Det er liksom litt av moroa, meiner han.

Om ein parasitt trugar fiskebestanden der han driv den store fritidssysselen sin, stiller det seg ganske annleis.

– Det er jo bra dei oppdagar han, men det er også litt skummelt.

No håpar han og dei andre i miljøet å kunne bidra til om mogleg å kjempe mot parasitten.

– Dette er jo eit kjempefint vatn. Det er mykje fin laks, aure og sik her. Det hadde vore trist om det gjekk hardt utover bestanden, meiner Snippen.

Utfordrande å hindre spreiing

Men går det an å bli kvitt parasitten?

For sjølv om utsiktene for laksefisken trass alt er betre i dei store innsjøane med mykje vatn enn i elver og grunnare sjøar, veit ein at temperaturane stig jamt og trutt.

– Det er eit godt spørsmål, medgir forskar Oredalen.

Det finst likevel håp, om ein er villig til å ta nødvendige grep.

Røye

Parasitten er ikkje berre funnen på laks, men også røye (biletet), sik og aure.

Foto: NINA

Det mest opplagde er kanskje at ein ikkje set ut fisk som allereie er smitta.

Forureining speler også inn.

– Du kan for eksempel avgrense næring ut i vatnet for å hindre at forureining kan stimulere til vekst for såkalla mosdyr som er eit viktig «vertskap» for parasitten.

– Eit anna verkemiddel er vassdraga våre. Køyrer du på med kaldt vann i varme periodar med lite vatn om sommaren, så vil du kunne redusere moglegheitene for utvikling av sjukdom, forklarer ho.

– Medviten regulering av temperaturen der vi har moglegheita til det kan vere ein veldig god ting, meiner forskaren.

– Kvifor er fiskedød så farleg?

– Slår du ut heile generasjonar av ungfisk, så vil jo heile gruppa av fisk slite i ettertid. Særleg om det skjer ofte.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark