Hopp til innhold

– Ny kyrkje passar ikkje inn

– Eg synest det liknar mest på det vi kallar for "New York skyline". Og det har lite å gjere med dei gamle bygga i området, seier Gunnar Hopen i Komiteen for gjenreising av Østre Porsgrunn kyrkje.

Nye Østre Porsgrunn kirke

Prosjektet 'Reis opp' vann arkitektkonkurransen om nye Østre Porsgrunn kyrkje.

Hopen meiner forslaget til ny kyrkje ikkje vil passe inn i miljøet blant dei gamle trehusbygningane på kyrkjehaugen. Og har lite å gjere med det gamle Porsgrunn.

– Det ser ikkje ut som ei kyrkje, og er framandt i miljøet, seier Hopen.

Les også: «Reis opp» vant arkitektkonkurransen

Prosjektet "Reis opp" vann arkitektkonkurransen om nye Østre Porsgrunn kyrkje i går.

– Det er eit modernistisk, eller kanskje postmodernistisk forslag som minner lite om ei kyrkje, og som ikkje passar særleg godt inn blant trehusbygningane i nabolaget, seier Hopen.

Skal ta stilling på søndag

Hopen seier den gamle kyrkja som brann var ein av dei vakraste trekyrkjene i Noreg, og stod der i 250 år.

– Vi synest det er absolutt verdt å ta vare på, ut frå eit kultur og historisk synspunkt. Det er ingen grunn til å kalle ei gjenreising for ein kopi, for det er gjenoppbygging av kyrkja, seier Hopen.

Og på søndag skal kyrkjelyden ta stilling til om dei ønskjer ei gjenreising av den gamle kyrkja.

Les også: – Arkitekter er kyniske og selvopptatte