Hopp til innhold

No er det slutt på gratis koronatest: – Ein epoke er over

Frå 1. juli blir det ikkje lenger mogleg å få koronatest utan henvising frå legen.

Teststasjonen for koronavirus i Fyllingsdalen

TESTSTASJONAR BLIR AVVIKLA: Dersom du treng koronatest og dokumentasjon på det må du frå 1. juli kontakte private aktørar.

Foto: Marit Hommedal / NTB

Ordninga der innbyggjarar kunne få gratis koronatest utan henvising frå lege avviklast. Det kjem fram i eit brev Helsedirektoratet har sendt til alle kommunane i landet.

– Ikkje lenger grunnlag

Frå 1. juli vil det ikkje lenger vere mogleg å ta koronatest ved dei kommunale teststasjonane.

– Helse- og omsorgsdepartementet har vurdert at det ikkje er grunnlag for å be kommunane om å tilby testing som dokumentasjonskrav ved feriereiser, seier assisterande direktør i Helsedirektoratet, Espen Rostrup Nakstad.

Espen Rostrup Nakstad

Assisterande direktør i Helsedirektoratet, Espen Rostrup Nakstad, seier at det ikkje lenger er grunnlag for at kommunane skal tilby koronatestar.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Det kjem av at det berre er tre land i Europa som no bruker koronasertifikat ved innreise, Frankrike, Malta og Portugal.

Dersom du no ønskjer koronatest og dokumentasjon på det, så må du oppsøkje private aktørar frå 1. juli. Det vil ikkje vere mogleg å ta koronatest eller få dokumentasjon på test frå fastlege eller legevakta.

Les også Ny omikron-mutasjon i Portugal: 36 ganger mer smitte enn i Norge

Pakkar saman

I Sandefjord kommune er dei no i ferd med å pakke saman sakene på teststasjonen.

Kommunalsjef for helse, sosial og omsorg, Bente Østbakken Aasoldsen, seier at det er rart å avslutte dette arbeidet.

– Det er veldig godt å sjå at vi kan gå tilbake til normal drift igjen i kommunen vår, seier ho.

Dagen i dag har blitt brukt til å pakke utstyr og til å kansellere timar.

Covid-19 teststasjon Bergen

Kommunane har tilbode koronatesting ved teststasjonar under pandemien, som her i Bergen. No går denne perioden mot slutten.

Foto: Atle Markeng / NRK

– Nokon har bestilt time i juli fordi dei skulle på ferie og trong ein negativ test. Dei avlyser vi no.

Kommunalsjefen ser ikkje bort frå at det er nokon som blir fortvila over at dei ikkje lenger får gratis test.

– Eg trur det er ei forståing i befolkninga på at det er sånn. Det er ein epoke som er over.

Aasoldsen understrekar at dersom du er sjuk og treng test eller helsehjelp, må du kontakte fastlegen din eller legevakta.

Les også Unngå feriebommert – sjekk koronapasset i tide

Flere polaroid feriebilder som ligger oppå hverandre

50 millionar sjølvtestar

Dei fleste kommunale teststasjonar er allereie bygd ned, forklarer Nakstad.

Smitten aukar no i samfunnet, men styresmaktene baserer seg på at du testar deg heime, i staden for i kommunal regi.

– Det mest aktuelle er å bruke sjølvtestar som folk tek heime og registrerer på nettsidene til kommunane. Denne typen testar har vi skaffa 50 millionar av. Så det er nesten 10 testar per innbyggjar i beredskap, viss det skulle bli nødvendig.

Les også Sprengte akuttavdelinger – hever beredskapen på flere sykehus

St. Olavs hospital

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark

Seriekobla campingvogner

Seriekoblede campingvogner på ferga mellom Horten og Moss: – Er som et vogntog