Hopp til innhold

Varslar kamp mot nedskyting av villrein

Jegerar og ordførarar rundt Hardangervidda fryktar at villreinen på Hardangervidda skal bli utrydda i kampen mot skrantesjuka.

Villrein med skrantesyke på Hardangervidda september 2020.

KAMP OM FORVALTING AV VILLREIN: Mattilsynet vil redusere stammen til 500–1000 dyr for å overvinne skrantesjuke. Lokale forvaltingsorgan meiner villreinstammen ikkje kan vere mindre enn 4500 dyr.

Foto: NRK/Mattilsynet

Det er ikkje felt ein einaste villrein med skrantesjuke under årets jakt, og veterinærinstituttet har analysert over 1300 negative prøver.

Endre Lægreid er leiar for Villreinnemnda på Hardangervidda. Han fryktar for at Mattilsynet vil fortsette med vinterjakt.

– Det vi fryktar aller mest, er at ei handfull personar i Mattilsynet og Veterinærinstituttet skal klare å overtale ein statsråd om at det er lurt å utradere eller rasere stamma på Hardangervidda før ein har eit grunnlag som er godt nok til å forsvare eit så drastisk tiltak.

Endre Lægreid på villreinjakt ved Viveli på Hardangervidda

Endre Lægreid på jakt ved Viveli på Hardangervidda. Han bur i Eidfjord og er leiar for Villreinnemnda på Hardangervidda. Dei forvaltar villreinstamma som Noreg har eit internasjonalt ansvar for å ta vare på.

Foto: Privat

Bukk over 3,5 år

Under villreinjakta i fjor blei det skote ein villreinbukk som viste seg å vere smitta av skrantesjuke. Det førte til at Mattilsynet og Veterinærinstituttet fekk gjennomslag i Landbruks- og matdepartementet for å skyte ned alle reinsdyrbukkar over 3,5 år.

– Oppdraget frå departementet var at det skal vere tilnærma null bukk igjen som er eldre enn 3,5 år, og eit uttak av 1000–1500 simler. Det var målet, seier Harald Øverby. Han er beredskapskoordinator i Mattilsynet.

Før villreinjakta starta i år rekna ein med at det var om lag 6000 dyr på vidda. Mattilsynet vil redusere bestanden til eit genetisk levedyktig nivå på 500–1000 dyr i løpet av 2–3 år.

Harald Øverby i Mattilsynet vil ikkje friskmelde villreinstamma i år, sjølv om det ikkje er funne skrantesjuke i år.

– Vi veit at vi har eit smittetilfelle, så friskmelde er nok ikkje det rette ordet ennå.

Harald Øverby i Mattilsynet

Harald Øverby er beredskapskoordinator i Mattilsynet som skal analysere resultatet av årets villreinjakt og foreslå tiltak mot skrantesjuke.

Foto: Even Lusæter / NRK

Ikkje skrantesjuke av stort omfang

Den lokale villreinforvaltinga ønskjer ein tilvekst på 1500 kalv som eit minimum for å kunne fortsette jakt. Og dei ønskjer ikkje at bestanden skal vere under 4500–5000 dyr.

Ordførarane rundt Hardangervidda er ueinige i nedskytinga av villreinstamma som Mattilsynet foreslår. Ordførar i Vinje, Jon Rikard Kleven, seier det er eit historisk feilgrep.

– Eg meiner det vil vere eit dramatisk brot mellom statleg og lokal forvalting. Eg meiner staten er avhengig av å ha legitimitet lokalt. Ordførarane har vore veldig tydleg på at dersom vi ikkje blir lytta til, så kjem vi ikkje til å støtte den statlege strategien. Og då får vi ein ordentleg konflikt.

Endre Lægreid i Villreinnemnda fryktar mest av alt at det blir vinterjakt frå helikopter på Hardangervidda, dersom Mattilsynet ikkje er fornøgd med uttak av villrein i år.

– Det er det vi fryktar. Eg håpar inderleg at det ikkje blir aktuelt, men vi fryktar det.

Ordførar Jon Rikard Kleven seier det er tatt over 13000 prøver av hjortedyr i år. Og at det er funne skrantesjuke i ein vill hjort og to elgar.

– Det peikar i den retning at det ikkje er noko skrantesjuke i Noreg av stort omfang på hjortedyr.

Ordfører Jon Rikard Kleven

Ordførar Jon Rikard Kleven i Vinje er ueinig i måten Mattilsynet vil overvinne skrantesjuke. Han vil be politisk leiing i departementa om å gripe inn i konflikten.

Foto: Ole Oskar Eriksen / NRK

Villreinen blir politisk tema

Kleven seier ordførarane rundt Hardangervidda vil ta kontakt med den politiske leiinga i Klima- og miljødepartementet og Landbruks- og matdepartementet og forklare kor alvorleg denne situasjonen er.

Harald Øverby i Mattilsynet seier det ikkje er eit mål å utrydde villreinstamma på Hardangervidda, men han vil ikkje svare på kva som skjer vidare i kampen mot skrantesjuka.

– Det svaret får vi etter at alle tal er vurdert. Og etter at Mattilsynet, Klima- og miljødepartementet, lokale styresmakter og lokale grupper er blitt snakka med. Så kjem det er avgjerd og den kjem nok frå departementa.

Skal ta stilling til ekstra jakt

Landbruks- og matdepartementet skriv i ein e-post til NRK at dei vil saman med Klima- og miljødepartementet ta stilling til behovet for ekstraordinært uttak av villrein.

Det blir vurdert på bakgrunn av det totale uttaket etter jakt og fordelinga av felte dyr fordelt på ulike kjønns- og alderskategoriar, strukturteljingane og eventuelle andre forhold av tyding.

– Vi meiner førekomsten av klassisk skrantesjuke på Hardangervidda blir vurdert som svært låg. Vitskapskomiteen for mat og miljø (VKM) meiner at vi truleg har oppdaga smitten tidleg i forløpet av eit utbrot. Det skriv seniorrådgivar Heidi Eriksen Riise i Landbruks- og matdepartementet i ein e-post til NRK.

Riise skriv også at det er behov for meir kunnskap om kva som er ein genetisk levedyktig bestand før det blir vurdert å redusere villreinstammen til 500–1000 dyr.