Hopp til innhold

Kraftig auke i oppdragsmengda for Røde Kors

– Det har vore større utfart og alle har ikkje vore riktig skodd og kledd for forhalda, seier distriktsleiar i Røde Kors.

Redningsaksjon på Gaustatoppen

OPPDRAG: Det har vore mykje slike oppdrag for hjelpekorpset til Rjukan og Tinn Røde Kors.

Foto: Rjukan og Tinn Røde Kors Hjelpekorps

Med mange nordmenn ferierande i eige land har Røde Kors hatt ein travel sommar.

Statistikk visar at heile 12 av 19 hjelpekorpsdistrikt har hatt ei auke i talet på oppdrag denne sommaren.

Det er særleg dei populære fjellområda slik som Besseggen, Romsdalseggen og Gaustatoppen som har merka størst pågang. Mange av desse stadene har også sett besøksrekordar.

Samtidig har Røde Kors hatt eit inntektstap på nærmere 100 millioner kroner.

Hjelpekorpset kan melde om at den siste veka har vore den travlaste mange stader, og i to tilfeller har det vore ulykker der liv har gått tapt.

Travelt i Gaustaområdet

Gaustatoppen er eit fjell som har vore svært populært i sommar. Her melder Rjukan og Tinn Hjelpekorps om ei auke på 20 prosent samanlikna med det som er normalt i området.

Distriktsleiar for Telemark Røde Kors, Siw Bastnes seier dei har merka at det har vore mykje folk i fjellet.

– Det har vore fleire henteoppdrag og AMK-oppdrag på og rundt Gaustatoppen. Det har vore større utfart og alle har ikkje vore riktig skodd og kledd for forhalda.

Folk på tur opp Gaustatoppen.

FOLKSAMT: Det har vore mykje folk på Gaustatoppen i år. Noko som har betydd mange oppdrag for Røde Kors.

Foto: Nina Didriksen / NRK

Ho har sjølv vore på Gaustatoppen i sommar og har ikkje blitt imponert av alt ho har møtt.

– Når det er kuldegrader og sterk vind er det ikkje heilt heldig å kome opp i shorts og joggesko, seier Bastnes.

Viktig for politiet

– Det kan vere ein kombinasjon av at det er fleire ute på tur, og at det er fleire med for lite kompetanse, seier politiinspektør Henning Fosaas.

Det er politiet som leiar de lokale redningssentralane. Dei kan òg stadfeste at det har vore ein auke i talet på redningsoppdrag.

– Røde Kors gjer ein viktig jobb. Den norske redningstjenesta er ein nasjonal dugnad. Dei frivillige organisasjonane er ein viktig ressurs for oss i politiet.

Fosaas legg til at dei brukar frivillige organisasjonar som Røde Kors dagleg.

Dobbelt så mykje i Buskerud

I Buskerud hjelpekorpsdistrikt i Viken fylke har det vore dobbelt så mange oppdrag som same periode i fjor. I år har det vore 29 oppdrag mot 15 i fjor.

– Me ser ein tydeleg oppgang frå tidlegare år. I Hallingdal er befolkninga tredobla i sommar, det liknar påsketrafikken. Då er det ikkje rart det er mykje aktivitet i fjellheimen, sier Bjørn Fluto, leiar i hjelpekorpsdistriktet Buskerud.

Han legg også til at det er ein del eldre som går seg vekk i fjellet og treng hjelp.

– Det er generelt mykje fotturistar som er ute for uhell, som skader i armar og bein. Det er lite hjerteproblematikk, men meir reine fysiske skader, avsluttar Fluto.

Også auke ved sjøen

Til sjøs har det også vore mykje folk denne sommaren. Det har også gjort utslag på Røde Kors sin statistikk. På Røde Kors sin båt på Tjøme og Hvasser i Vestfold-distriktet har det vore ein oppgang på heile 30 prosent.

Røde Kors-båten en stille sommer dag

TRAVELT: Det har vore hektisk for mannskapet ombord på Røde Kors-båten på Tjøme.

Foto: H. Philip Hofgaard / NRK

– Det går mykje på at folk er tome for drivstoff og tauging av båtar, seier Monika Rirud leiar i Vestfold Røde Kors.

Ho legg også til at det i Vestfold har vore flest oppdrag på sjøen.