– Vi vil bytte ut dagens eksamensform med ei meir læringsfremmande og rettferdig sluttvurdering.
Det seier Freddy Øvstegård som er SVs stortingsrepresentant i utdanningskomiteen på Stortinget.
UMODERNE: Freddy Øvstegård (SV) vil kvitte seg med eksamen.
Foto: Terje Pedersen / NTB– For eksempel langtidsoppgåver der elevane gjennom lengre tid får vist kva dei kan, ikkje berre fire timar i eit tilfeldig fag i ein tilfeldig del av pensum.
Øvstegård har gått saman med partiets skulebyråd i Oslo, Sunniva Eidsvoll Holmås, når partiet no ber regjeringa om omfattande endringar for norsk skule.
Målet er å avvikle eksamen slik vi kjenner den. For godt.
Tre eksamenar som forsvann
Det har vore tre pandemiske unntaksår i skulen med lite å juble for.
Men meldingane om at eksamen vart avlyst på grunn av korona-situasjonen kom både i 2020, 2021 og no i 2022. Akkurat det skapte mykje jubel i klasseromma.
GREI STEMNING: Elevar på Foss vgs i Oslo likte beskjeden om avlyst eksamen i år.
Foto: Anders FehnSpørsmålet no er kva som skjer med eksamen etter tre unntaksår. Å fjerne eksamen permanent har også vore ei kampsak for Elevorganisasjonen som representerer landets skuleelevar.
Men det er sjølvsagt ulike synspunkt på eksamen blant norske elevar.
– Eksamen har vore lik sidan oldeforeldra dine gjekk på skulen, seier fylkesleiar i Elevorganisasjonen i Nordland, Mats Moen Mareliussen, som går andreklasse idrettsfag på Fauske.
– Prinsippa i skulen i dag er heilt annleis enn for 70 år sidan. I dag baserer skulen seg på forståing, ikkje pugging. Eksamen fungerer ikkje til det. Det er difor Elevorganisasjonen krev at eksamen blir avskaffa og erstatta med ny sluttvurdering.
Endringar på gang
Og eksamen kan vere i endring.
Ein ting er at det er innført nye læreplanar og at innhaldet i eksamen blir endra som følgje av dette.
I ein rapport som vart levert til Utdanningsdirektoratet like før pandemien, blei det også foreslått å justere eksamenssystemet. Trekkordninga der elevar blir trekte ut til eksamen i eit fag, kan endrast, og ein kan innføre eksamen i tverrfaglege emne, sto det blant anna. Den førre regjeringa med Høgre, Venstre og KrF peika i stortingsmeldinga «Fullføringsreformen» på at langtidsoppgåver kunne vere mogleg og at trekkordninga ikkje fungerer optimalt.
Med utgangspunkt i dette blir det lagt opp til forsøk med nye eksamensformer frå skuleåret 2023-24, opplyser Utdanningsdirektoratet til NRK.
Vil forsøke i Oslo
Men SV meiner det går sakte. Og vil ha større endringar.
– Utgreiingane frå regjeringa framstår lite forpliktande. Vi vil ha ei sak til Stortinget slik at vi kan sjå om vi har alternativ som fungerer, seier Øvstegård.
FORSØK: SVs skulebyråd i Oslo, Sunniva Holmås Eidsvoll.
Foto: Annika Byrde / NTBOslo-byrådet, der SV styrer skulepolitikken i samarbeid med Ap og MDG, ber no om å få gjennomføre eit forsøk der enkelte vidaregåande-elevar skal sleppe å ha eksamen men få ei anna type vurdering.
– Vi ønskjer å prøve ut alternativ til skriftleg skule-eksamen i vidaregåande, seier Sunniva Holmås Eidsvoll (SV), som er skulebyråd i Oslo.
Tanken er vidare å få Stortinget til å ta stilling til nye eksamensordningar neste vår. I Oslo arbeidar enkelte ungdomsskular allereie på den måten at dei kun gir elevane karakterar ein gong i halvåret. Denne arbeidsforma er til inspirasjon for det raudgrøne Oslo-byrådet.
– Det er mykje stress og press og testing og prøving og karaktersetting. Viss vi kan finne alternative vurderingsformer og eksamensformer som gjer elevane meir motiverte, ville det vore veldig bra, seier Eidsvoll til NRK.
Forsøket byrådet no vil gjennomføre var varsla i byrådserklæringa mellom MDG, Ap og SV i 2019. Det vil innebere at vidaregåande-elevar som er med på forsøket ikkje har eksamen slik vi kjenner den i dag. Dei skal heller få ei anna type vurdering.
Ho meiner at eitt alternativ å prøve ut kan vere ei type mappevurdering der eleven leverer tekstar i løpet av året.
– Blir ikkje det berre ein annan måte å gje ein standpunktkarakter på?
– Det kjem an på korleis det er rigga. Det kan jo vere ei ekstern vurdering av arbeid som elevane har jobba med over tid.
Brenna: – Fortsatt eksamen
Men kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) er ikkje klar for den skule-revolusjonen SV ber om.
– Vi kjem til å ha eksamen i norsk skule i framtida også, seier Brenna til NRK.
FORTSATT EKSAMEN: Tonje Brenna, kunnskapsminister (Ap).
Foto: Even B. JohnsenOgså Hurdalsplattformen, dokumentet som styrer kva Ap og Sp vil gjennomføre i regjering, slår fast at eksamen ligg fast.
Men statsråden seier ho er open for å endre måten eksamen blir gjennomført på.
– Eg er oppteken av at vi skal gjere eksamen betre, og at den alltid skal vere relevant for norske elevar. Difor vil eg at vi får testa ut nye former for eksamen. Det arbeidet er vi i gang med.
– Kva kan det vere?
–Det kan for eksempel vere tverrfaglege eksamenar, andre type trekkordningar enn vi har i dag, at elevane kan velje mellom fleire forskjellige fag dei kan kome opp i, eller også bruke noko meir mappevurdering. Eg synest det er litt tidleg å konkludere kva som er best, vi må få prøvd ut dette i skulen.
Brenna seier med andre ord at ho er open for forsøka Oslo kommune ber om, men ho understrekar at det er Utdanningsdirektoratet som behandlar konkrete søknader om forsøk.
Høgre-uro for eksamens framtid
Høgre har uttrykt uro for at regjeringa legg opp til å gå bort frå eksamen i norsk skule. Utdanningspolitisk talsperson Margret Hagerup (H) har lite sans for at SV forsøker å få med regjeringa på eksamensavvikling.
– Dette er eit dårleg forslag. Vi må ha eksamen for å sikre både openheit og kunnskap om skulen. Pandemien har vist behovet for å ha ein eksamen for å måle standpunktkarakterane mot noko.
– SV meiner jo tvert om, nemleg at pandemien har vist at skulen fungerer utan eksamen. Kva meiner du pandemien viser då?
– Den viser at det er store forskjellar i standpunktkarakterar og at eksamen er ein viktig elevrett. Den sikrar dei rettferdig og nøytral vurdering.
Hagerup seier ho er redd eit slikt forsøk som Oslo kommune legg opp til kan gå ut over rettstryggleiken til elevane.
– Dei som er med på forsøket, får ikkje den nøytrale vurderinga.
Høgre meiner ein må bevare kjerna i dagens eksamen som er ein test som blir gitt likt til alle elevar, og at elevane blir bedømt av ein ekstern sensor.
Skriftlege eksamenar i norsk grunnskule og vidaregåande er like i heile landet, mens dei muntlege eksamenane er «lokalt gitt», det vil seie oppgåvene blir laga på skulen. Sensorane som set karakter kjem i begge tilfelle frå andre skular og kjenner ikkje eleven.
– Kvifor meiner Høgre at eksamen slik vi kjenner den i dag må bli bevart?
– Høgre er opne for at eksamen kan endrast etter fagfornyinga i skulen. Blant anna kan eksamen spegle kritisk tenking og andre element i fagfornyinga betre, men vi må ha eksamen, seier Hagerup.