Ni kommunar samarbeider for at fleire skal få oppfylt draumen om eit småbruk.
Sidan Vest-Telemarkrådet starta prosjektet i 2020, har opptil 50 småbruk fått nye eigarar.
Berre i år er det kjøpt ni småbruk i området.
Mange ledige småbruk
Utviklingsleiar Torunn Raftevold Rue seier det er om lag 500 ledige småbruk i regionen.
Dalande folketal gjorde at kommunane måtte tenkje nytt.
Torunn Raftevold Rue ønskjer at fleire skal flytte til ledige småbruk i Telemark.
Foto: Privat– Vi ser at det er veldig mange ledige bruk der det ikkje bur folk. Folketalet går nedover og vi manglar og ein god del kompetanse i det offentlege.
Vest-Telemarkrådet kontaktar eigarar og spør om dei vil leige ut eller selje småbruka.
Det er mange det ikkje har budd folk i på fleire år, fordi eigedommen er eit dødsbu eller ein del av eit sameige.
Sjølv om det er mange ledige småbruk, merkar Rue at fleire ønskjer eit idyllisk liv på bygda.
TIL sals: Eit av mange småbruk som er til sals i Telemark.
Foto: Inviso– Vi kan sjå ein tendens til at folk ser at dei kan jobbe frå rurale område. Dei må ikkje nødvendigvis klumpe seg saman i Osloområdet.
Boltreplass for familien
Bård Haugen og Elin Jønnardalen har akkurat kjøpt seg småbruk på Rauland.
Til sommaren flyttar dei frå eit bustadfelt til eit småbruk på 55 mål med hus, låve og anneks.
– Vi har vore på utkikk etter meir boltreplass enn det ein får i eit bustadfelt. No kan vi drive med det vi har lyst til og klare oss meir sjølv, seier Haugen.
STAS: Bård Haugen og familien har flytta til småbruk.
Foto: Tor Mølster BygglandElin er rekneskapsførar og Bård er tømrar.
Med anneks på eigedommen får Elin heimekontor. Låven gir Bård høve til å produsere og lagre tømmer.
Heimedyrking og dyr står også på dagsordenen.
– Vi er litt usamde om kva slags dyr, men eg har lyst på geiter. Dei held vegetasjonen nede og landskapet blir fint. Høner som produserer massevis av egg kunne eg også tenkt meg, legg han til.
No gler dei seg til innflytting.
– Det blir fint. Eg skrur og snikrar, seier sonen Amund Haugen (5) og gir ei omvising i verkstaden på tomta.
FRAMTIDIG SNIKKAR?: Amund Haugen spikrar på ein planke.
Foto: Tor Mølster Byggland
Inspirerer andre kommunar
Prosjektet har blitt lagt merke til i andre dalføre i Distrikt-Noreg. Denne veka var kommunane i Hallingdal på besøk for å lære av Vest-Telemarkrådet.
Ordførar i Ål i Buskerud, Solveig Vestenfor seier at dei har utfordringar med å busetje folk.
Ordførar i Ål seier dei vil vurdere å gjere liknande tiltak.
Foto: Ål kommune– Finst det nokre småbruk her som ikkje er i bruk, hadde det vore verd å undersøkje, seier ho.
Ho skryter av Vest-Telemarkrådet for korleis dei har jobba med å busetje folk på småbruk.
– Det er veldig smart tenkt. Vi synest det er inspirerande og kjem til å diskutere dette vidare.
Vil ikkje ha udedikerte byfolk
Eigedomsutviklar Johan Angre er oppteken av framdrift i bygdene.
Sjølv har han vore ivrig på å etablere næring i heimbygda Seljord i Telemark. Han etterlyser tilflyttarar som kan bidra til fellesskapet.
Johan Angre ønskjer fleire tilflyttarar som vil etablere næring og bidra til fellesskapet i bygdene.
Foto: Privat– Vi treng kreative folk som kan bidra og engasjere seg i lokalsamfunnet. Det kan vere alt frå yngre til eldre folk, og ikkje minst frå ulike kulturar. Ei bygd er fattig utan engasjement.
Han ønskjer å sjå initiativ frå dei som kjøper seg eit småbruk.
– Vi vil ha nye innbyggjarar, men treng ikkje udedikerte byfolk. Dei må ha litt meir guts. Det har lett for å bli slik at dei som er ressurssterke berre brukar det som ein ferieplass. Nokon er også berre eventyrarar.
Mange søkjer på småbruk
Småbruk er høgt på lista over søk på Finn.no år etter år, fortel kommunikasjonsrådgivar i Finn.no, Linda Glomlien.
Kvart år blir ordet «småbruk» søkt på mellom 550.000 og 600.000 gonger.
– Det er ikkje dei store forskjellane frå år til år. Dette er eit typisk «kikkarobjekt» då det er mange som drøymer om eit småbruk, men for dei aller fleste blir det med tanken, seier Glomlien.
På Finn har søkjeordet småbruk falle nokre plassar dei siste åra, frå 6.-plass i 2019, til 12.-plass i fjor.
Rundt 2 millionar kroner er prisen for dei fleste småbruk, påpeikar Glomlien.
– Det finst objekt til under millionen, men då kjøper ein ganske falleferdige eigedommar, seier ho.