Får ikkje overta småbruk fordi prisen var for høg

Paret i Bø kjøpte småbruk for å busetje seg og drive med frukt og bær. Men kommunen seier nei fordi prisen er for høg og huset for dårleg.

GÅRDEN

KOMMUNEN SA NEI: Kommunen meinte huset ikkje er i brukbar stand og at det var eit stort sprik mellom taksten og avtalt pris. Derfor sa dei nei til at paret fekk kjøpe staden.

Foto: Nils F. Skumsvoll / NRK

Annette Myhre Hansen og Sondre Haugen kjøpte nyleg garden Bruserud i Midt-Telemark for 3,05 millionar kroner, 750 000 kroner over prisantydinga.

Men gleda blei kortvarig.

Garden har 37 dekar fulldyrka landbruksjord, som er to dekar over grensa for den såkalla konsesjonsplikta. Det betyr at paret måtte søkje kommunen om løyve til å busetje seg og drive garden.

Kommunedirektøren og fleirtalet av politikarar i planutvalet sa nei. Dei meiner prisen var for høg samanlikna med landbrukstaksten som var sett til 2,1 millionar kroner. I tillegg er huset i for dårleg stand.

Utan konsesjon får ikkje paret bu eller drive næring på eigedommen.

Kan tape ein million

Paret eig no garden og har to val: klage på vedtaket eller selje garden vidare til ein pris nærmare landbrukstakst. I verste fall kan dei tape 950 000 kroner.

– Vi er skuffa over vedtaket og veit ikkje kva vi skal gjere. Vi ønskjer å busetje oss der med jentungen og drive med noko frukt- og bærproduksjon. No må vi betale på lånet for eigedomen, men får ikkje brukt han til det vi ønskjer, seier Annette Myhre Hansen til NRK.

Det var Varden som først omtalte saka.

Er bustaden brukbar?

For sal av landbrukseigedommar over ein viss storleik, skal det etter lova gjennomførast priskontroll dersom prisen er over 3,5 millionar kroner. Det skal sikre forsvarleg prisvekst på landbrukseiendommer.

Men reglane seier òg at bustadhuset må vere i brukbar stand.

– Etter vurderinga vår var ikkje huset i brukbar stand og det må gjerast investeringar for å flytte inn. Det var såpass stort sprik mellom taksten og avtalt pris. Vi innstilte derfor på avslag, seier saksbehandlar Dag Gjermund Roheim ved Midt-Telemark landbrukskontor.

Paret meiner at det er mogleg å bu i huset. Landbrukstaksten slår fast at bygningen er bebueleg, for ein kortare periode.

Tidlegare eigar har budd på eigedommen i eitt av dei to siste åra, og huset har tidlegare vore utleigd til studentar, seier takstrapporten.

Annette Myhre Hansen kjøpte gård i Bø, men kan bli tvunget til å selge med tap fordi de ikke får konsesjon.

VART OVERRASKA: – Hadde vi tolka taksten til at det ville bli priskontroll, ville vi ikkje lagt inn bodet, seier Annette Myhre Hansen som kan bli tvinga til å selje småbruket utan konsesjon.

Foto: Privat

Sondre Haugen er murar og tømrar, og paret ønskte å setje i stand bustadhuset. Men det er standarden på bustaden når den blir selt, som avgjer.

– Hadde vi tolka taksten til at det ville bli priskontroll, ville vi ikkje lagt inn bodet. Vi baserte oss på det som står i taksten, og lova er ganske open på kva som er eit brukbart bustadhus, meiner paret.

– Galskap

Tidlegare landbruksminister Bård Hoksrud (Frp) er ein av fleire som har reagert på at paret ikkje får overta småbruket til den avtalte prisen.

– Dette er under grensa for priskontroll og då meiner eg det er galskap at lokalpolitikarar skal bestemme om huset er bebueleg eller ikkje. Her er det unge menneske som vil satse og bruke garden til produksjon i staden for at han kanskje berre blir ståande, seier Hoksrud.

– Blir prisa for høgt

Noregs Bondelag meiner priskontroll er viktig for å unngå at landbrukseigedommar blir overprisa.

Etter at regjeringa i 2017 heva grensa for priskontroll frå 2,5 til 3,5 millionar kroner, har prisane stige, meiner leiar Lars Petter Bartnes.

– Konsekvensen er at eigedommar fort kan bli prisa høgare. Slik sett blir det vanskelegare å ha eit godt næringsgrunnlag som gir tilstrekkeleg inntekt, seier Bartnes.

For høg pris

63 av 2557 ordinære søknader om å overta landbrukseigedommar blei avslått i norske kommunar i 2019, ifølgje Kostra-tal.

Landbruks- og matdepartementet meiner det er grunn til å tru at for høg pris kan ha vore ein eller fleire grunnar til nokon av avslaga.

Gjenspeglar verdien

Landbruks- og matminister Olaug Bollestad (KrF) vil ikkje kommentere saka i Midt-Telemark, men seier reglane om priskontroll òg handlar om andre mål enn rekruttering til landbruket.

Priskontroll skal leggje til rette for inntektsmoglegheiter som skaper stabile heil- og deltidsarbeidsplassar i landbruket.

– Det sentrale er å bidra til at prisnivået på landbrukseigedommar ikkje er høgare enn det som reflekterer verdien av driftsgrunnlaget til eigedommen og verdien han har som bustad.

– Ved avgjerda av ei enkeltsak kan det derfor føre til at kommunen avslår konsesjonssøknaden på grunn av for høg pris, sjølv om søkjaren skal flytte til eigedommen og drive han, svarer Bollestad i ein e-post.

Vurderer klage

Paret i Bø kan klage på vedtaket til Fylkesmannen, men fryktar lang behandlingstid.

– Priskontroll skal opne moglegheita for at fleire kan rekruttere til landbruket. Men her var det ein bodrunde og prisen hamna under grensa for priskontroll, seier Hansen.

Saksbehandlaren ved Midt-Telemark landbrukskontor forstår at paret har hamna i ein vanskeleg situasjon.

– Dei har moglegheit til å klage på vedtaket, seier Roheim.

Dersom det er avtalt i kjøpsavtalen at risiko for å få konsesjon ligg på kjøpar, kan kjøpar bli tvinga til å selje eigedomen til ei lågare pris, seier han.

Men ei løysing for å få konsesjon, er at kjøpar og seljar kan bli samde om ein lågare pris som kan godkjennast.

Markedstyrt

Meklar Baard Ivan Janitz i Koppang landbruksmekling meiner det var riktig at marknaden styrte prisen, der fem bodgjevarar var med.

– Så lenge eigedommen er selt under 3,5 millionar kroner som er grensa og vurdert som mogleg å bu i ei kort periode, så meiner vi at det ikkje var noko fare for at ein ikkje skulle få konsesjon for den prisen, seier eiendomsmeklaren.

– Det er ei skjønnsmessig vurdering om noko er i brukbar stand. Kommunen er ueinig med takstmann og dei har hengt seg opp i ei pris som er marknadsstyrt. Vi må stole på dei opplysningane vi får i takstrapporten. Nå nektar de et ungt par å etablere seg og starte eit liv på ein gard, seier Janitz.

Meklaren seier at det ikkje er aktuelt å gå ned på pris for at paret skal få konsesjon.

– Dersom ein har selt eigedommen, er ein villig til å gå ned 950 000 kr fordi nokon i kommunen meiner det er feil pris? Eg kan aldri tenke meg det, seier han.

Tidlegare eigar vil ikkje uttale seg om saka, men viser til meklar.

NRK opplyser at saka er oppdatert med meir informasjon sidan den først blei publisert.