Hopp til innhold

Jublar over snø i vinter-Noreg: – Et ullsokkane mine om det ikkje blir godt føre

Vinterferien kan vere redda for mange av dei store skidestinasjonane.

Tråkkemaskin i solnedgang på Rauland skisenter i Telemark 1.februar 2022.

ENDELEG SNØ: Det blir jobba natt og dag på Rauland skisenter for å berge vinterferien.

Foto: Tarjei Lundarvollen

– No lavar det ned!

Teknisk sjef ved Rauland skisenter i Telemark, Håvard Bjørke, gler seg over gode forhold.

Dei siste dagane har det komme mykje snø frå himmelen på Sør- og Austlandet.

Trakkemaskinene går for fullt natt og dag ved dei mange skidestinasjonane i landet.

– Betyr alt

Det lovar godt for alle som elskar ski på beina. Men også for alle som har snø som levebrød.

Dei siste månadene har vore tøffe for mange i bransjen. Lite snø, mykje vêr og varmegrader.

– Det har vore ei rimeleg spesiell oppleving. Vi er meir vande med å moke snø enn å danse snødans, seier Bjørke.

Bjørke hevdar at det ikkje har vore så dårlege snøforhold i hans område sidan 80-talet. No trur han vinteren er tilbake for fullt.

– Det betyr alt. Vi lever av snø og gode opplevingar. Dette er med å berge vinterferien. Det er veldig godt for oss å endeleg sjå at det ramlar ned litt snø.

– Dette har vi venta på

På andre sida av fjellet ligg eit lite skisenter der utfordringane har stått i kø denne vinteren.

Ved Stordalen Skisenter i Masfjorden i Vestland står tre snøkanonar nedsnødde. Dei er ikkje i drift.

Straumprisane og høg temperatur har gjort det uaktuelt å bruke dei. Den største utfordringa er likevel at snøen som har kome har smelta, regna eller blåse vekk.

– Dette har vi venta veldig lenge på, seier Liv Trædal. Ho er dagleg leiar ved det vesle skisenteret, som blir drive på dugnad.

Liv Trædal, Stordalen skisenter

Dagleg leiar ved Stordalen Skisenter i Masfjorden, Liv Trædal, er spent på om dei klarar å opne til helga.

Foto: Jan Børge Leirvik / NRK

I fjor hadde skisenteret berre 16 opningsdagar. Rett nok 16 godt besøkte dagar.

– Vi måtte prøve oss fram med koronarestriksjonar i fjor. 16 opningsdagar må vi slå i år.

Då NRK vitja skisenteret torsdag, håpa dei å opne laurdag. Fredag innser dei at det ikkje går på grunn av tekniske problem.

Snø og sol i bakkene i Trysil.

Også i Trysil er det gode forhold for ski no, med sol og snø om kvarandre.

Foto: Ola Matsson

Snø over heile landet

Det har lenge vore grøn plen utanfor kontoret til Camilla Sylling Clausen i Oslo. Men no er endeleg snøen komen tilbake.

Clausen er generalsekretær i bransjeforeininga Norske alpinanlegg og fjelldestinasjoner.

– No er det mykje glede å spore hjå medlemmane våre, seier ho.

Camilla Sylling Clausen i Alpinanleggenes Landsforening

Camilla Sylling Clausen i Alpinanleggenes Landsforening seier det er gode skiforhold over heile landet no.

Foto: Ola Matsson

Clausen stadfestar at det er gode skiforhold, så å seie over alt.

– No er det jamn fordeling med snøfall. I alle fall så godt det går an å få det jamt i dette lange landet vårt.

Har kjøpt grillkrydder og ketsjup

Tilbake hjå skidestinasjonen i Telemark går dei langt i å garantere gode forhold i løypenettet.

– Eg lovar gode forhold i størsteparten av løypenettet denne helga, elles et eg ullsokkane mine, seier Tarjei Lundarvollen i Rauland skisenter.

Kollegaene har derfor gått til innkjøp av grillkrydder og ketsjup, berre for å vere på den sikre sida.

– Om det ikkje skulle bli skikkeleg bra løyper, skal det i alle fall bli rikeleg med underhaldning på dei tilsette, lovar teknisk sjef, Bjørke.

Han og dei andre tilsette i Rauland skisenter gler seg stort til å ta imot skigjester til helga.

– Det er vel berre å seie «velkommen til fjells!»