Vågå tamreinlag er i gang med å flytte rein i utkanten av Jotunheimen, men mangel på snø har skapt store utfordringar.
– Det er meir eller mindre bart i fjellområda her, seier Jørn Slettom.
Snøskuteren er det viktigaste verktøyet dei har i jobben, men tendensen er at skutersesongen blir kortare og kortare.
– Det er nok fort to månader kortare skutersesong nå enn for berre tretti år sidan, seier Jørn Slettom.
Gjetarane seier snømangelen slit både på utstyret og dei som sit oppå skuteren.
Dei har allereie valt bort beiteområde som dei tidlegare har brukt på grunn av mangel på snø.
Oppsiktsvekkande lite
På det populære hytteområdet Sjusjøen har dei ikkje målt mindre snødjup sidan målingane starta i 1978.
– Hittil har det vore ein trasig vinter for oss austlendingar som er glad i ski og snø, seier Heidi Bache Stranden, hydrolog i NVE.
– Alle her på Austlandet som er glad i ski og snø har jo hatt ei litt trasig vinter foreløpig, seier hydrolog i NVE, Heidi Bache Stranden.
Foto: NVEEin gjennomgang av NVE sine snømålingar frå andre stader på Austlandet viser at vinteren har vore historisk dårleg for dei som ynskjer seg skiføre.
– På Filefjell har vi målt snø sidan 1960-talet og det er berre i 1996, 2006 og 2010 at vi har hatt like lite snø på målestasjonen vår, forklarer Stranden.
I dag er det rundt ein halv meter snø på stasjonen der. Ellen Tømte Hagen, som sjølv driv parkering og brøyting ved Sjusjøen, har sjekka med eigen målepinne.
KNAPT MED SNØ: Ellen trenger knapt nok truger når ho sjekkar snøen.
Foto: Roar Berntsen / NRK– Så lite snø i slutten av januar, byrjinga av februar, har det aldri vore.
Snømangelen er ikkje eit unnatak.
Uvanleg lite på snørike plassar
På NVE sin målestasjon på Hardangervidda er bilde nokon lunde det same.
På kartet til senorge.no er det meste av Austlandet mørkegult og raudt, noko som indikerer snødjup på mellom 0 til 50 centimeter snø.
Foto: senorge / NVE– Der har vi målingar frå 1971, det er berre i åra 1989, 1996, 2002 og 2019 kor det har vore like lite snø i månadsskiftet januar/februar som det er i år.
John Smits på Meteorologisk institutt kan stadfeste at vinteren har vore uvanleg snøfattig.
– Det er uvanleg lite på heile Austlandet, men det mest påfallande er at det er så veldig lite snø på vanlegvis så snørike plassar som Valdres og Hallingdal, seier statsmeteorolog John Smits.
Meir snø i vest
Det er særleg på austsida av fjella at det er uvanleg lite snø, og årsaka til snømangelen i fjellområda er at det har vore mest vestlege vindar.
– I går var det 6 centimeter snø på Beitostølen, i fjor på denne tida var det 85 centimeter, seier Smits.
Heilt sidan i haust har det kome generelt lite nedbør på Austlandet.



Under stormen Gyda hadde Forsvarets vinterskole skredkurs i område rundt Leirvassbu i Jotunheimen. Her er det rundt 1400 m.o.h og her kom mykje av nedbøren som snø.
Forsvarets vinterskole– Ein av dei få stadene der mykje av nedbøren har kome som snø er vel i dei vestlegaste fjellområda som på Strynefjellet. På Grotli er det nå 99 centimeter snø, og i Breidalen er det nesten 2 meter, seier John Smits.
Og den uvanleg snøfattige austlandsvinteren ser ut til å halde fram.
– Det ser ikkje ut til å bli så mykje påfyll utover heller. Det ser ut til å halde fram med mildt ver, seier statsmeteorolog John Smits.
Optimistisk
Likevel skal det vere mogleg å kome seg ut, meiner Ellen Tømte Hagen.
ALDRI SUR: Om det blir ski, truger eller føter, snømengda stoppar ikkje turen. Ellen Tømte hagen ved NVE sin målestasjon.
Foto: Roar Berntsen / NRK– Sjølv om det er lite snø, er det mange moglegheiter til å kose seg ute på ski og på truger, seier ho.
Hagen kvir seg i alle fall ikkje.
–Ute er det fantastiske forhold uansett.