Hopp til innhold

Lærer bort gjenoppliving av nyfødde barn i Tanzania

Ho har laga Noregs første skreddarsydde gjenopplivingskurs for jordmorstudentar. Nå får også afrikanske land nytte av kunnskapen til jordmor Linda Wike Ljungblad.

Jordmor-opplæring i Tanzania

OPPLÆRING: Linda Wike Ljungblad, jordmor og førsteamanuensis PHD ved Universitetet i Søraust-Noreg, lærer jordmorstudentar frå Tanzania korleis ein skal gjenopplive nyfødde barn.

Foto: Ida Bolaug

40 studentar som har sitt siste studieår i Aust-Afrika skal lære av Linda Wike Ljungblad. Til dagleg jobbar ho ved Universitetet i Søraust-Noreg.

Forskjellane på oppfølginga av gravide i Noreg og Tanzania er store, fortel ho.

– Dermed vil det naturleg også påverke utfallet når barnet fødast. Fordi dei ikkje har kunna følge opp og gi den rette rettleiinga og behandlinga for kvinner gjennom heile svangerskapet.

Les også Livsviktige sekunder etter fødselen – nå skal jordmorstudenter øve mer på gjenoppliving

Martine Topaas Billington og Mari Ellingsen.

Meiningsfullt

Engasjementet blant studentane er stort, fortel Ljungblad. Med seg på reisa har ho også med seg studentar ved Universitetet i Stavanger.

Spesielt dei tanzanianske studentane opplever oftare å måtte ta i bruk gjenoppliving i praksis enn dei norske.

– Dei synest det er nyttig og viktig at dei får trene på det for å bli gode på ferdigheitene. I tillegg vil dei lære dette vidare til eigne kollegaer og bruke i klinisk praksis.

– Kva gir det deg å lære bort dette?

– Det er meiningsfullt. Dei synest det er nyttig å ha ein forenkla guide for å trene på ferdigheitene i gjenoppliving av nyfødde barn.

Jordmor Christina Furskog Risa lærer opp andre jordmødre i Tanzania

Programmet har fått finansiering frå Laerdal Foundation i Stavanger. Dei har også fått med seg dokker som dei øver på.

Foto: Privat

Utvekslingsprosjekt i Tanzania

Universitetet i Stavanger har eit internasjonalt utvekslingsprosjekt, der studentane reiser på utveksling til Tanzania. Her lærer landa av kvarandre.

Christina Furskog Risa er programrettleiar for jordmorutdanninga ved Universitetet i Stavanger. Under Ljungblads doktorgrad var ho birettleiar.

Linda Wike Ljungblad (jordmor) og Christina Furskog-Risa (studieprogramleiar ved jordmorutdanninga på Universitetet i Stavanger) i Tanzania

Linda Wike Ljungblad og Christina Furskog Risa er i byen Moshi i Tanzania på Kilimanjaro Christian Medical Center.

Foto: Privat

– Eg såg verdien av det ho hadde utvikla, og så har vi planlagt eit prosjekt og søkt midlar for å prøve ut det saman med studentane våre.

Ho meiner det er mykje som fungerer bra i Tanzania, men at det er også er noko som kan forbetrast. Blant anna å trene meir og reflektere saman.

– Det er fint å sjå korleis dei samarbeider og har ei felles interesse for at så mange barn som mogleg ikkje skal trenge å bli gjenoppliva, seier ho.

Les også Manglar praksisplassar til jordmødrene: – Det er ille

Jordmorstudenter simulerer behandling av pustevansker hos en baby.

Å redde liv

Det er fint at doktorgradsavhandlinga har fått ringverknader rundt om i verda, meiner Ljungblad.

Ho set stor pris på at kunnskapen som informantane i studien har bidratt med, kan gi ei større meining til mange fleire jordmorstudentar.

– Og vidare til å hjelpe til å redde liv, som er ei større utfordring i Tanzania enn i Noreg.