Hopp til innhold

Manglar praksisplassar til jordmødrene: – Det er ille

Nye studieplassar skulle gi fleire norske jordmødrer. No står rekrutteringa på staden kvil.

Jordmorstudenter simulerer behandling av pustevansker hos en baby.

Jordmorstudentar ved Universitetet i Stavanger simulerer behandling av pustevanskar hos ein baby.

Foto: Cathrine Oftedahl / NRK

Ein baby treng gjenoppliving.

Forsiktig hjelper jordmorstudentane babyen til å puste igjen.

Men denne gongen er det berre ei øving, og babyen er berre ei dokke.

– Praksis er viktig før vi skal ut i det verkelege livet, seier Lisa Bekkeli, jordmorstudent ved Universitetet i Stavanger.

Lisa Bekkeli

Jordmorstudent ved Universitetet i Stavanger, Lisa Bekkeli.

Foto: Cathrine Oftedahl / NRK

Men praksisplassar er det mangel på.

Det har ført til at rekrutteringa av nyutdanna jordmødrer står på staden kvil, trass i fleire studieplassar.

Då Stavanger fekk ei ny jordmorutdanning for fire år sidan, skulle det styrke rekrutteringa.

– Vinning går opp i spinninga

Men det motsette skjedde. Oppstart av ny jordmorutdanning i Stavanger førte til at Høgskulen på Vestlandet mista sine praksisplassar.

– Dei plassane har vi ikkje klart å erstatte. Så du kan seie at vinninga har gått opp i spinninga.

Det seier fagseksjonsleiar for master i jordmorfag og helsesjukepleie ved Høgskulen på Vestlandet, Vigdis Aasheim.

Vigdis Aasheim

Vigdis Aasheim, fagseksjonsleiar ved Høgskulen på Vestlandet. Skulen kan utdanne mange fleire jordmødrer, men proppen i systemet er mangel på praksisplassar på sjukehusa, seier Aasheim.

Foto: Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet kan utdanne 40 studentar. Men i fjor var talet nede i 23 på grunn av mangel på praksisplassar.

– Det er ille at vi nasjonalt ikkje klarer å utdanne fleire jordmødrer. På skulen vår har vi veldig god kompetanse, og vi har høvet til å utdanne mange fleire.

I Stavanger er dei fornøgde, men ser problemstillinga.

– Lokalt har vi løyst bemanningsutfordringane, men nasjonalt står talet på staden kvil, seier studieprogramleiar ved jordmorutdanninga på Universitetet i Stavanger, Eva Christina Furskog-Risa.

Studieprogramleder og forsker ved jordmorutdannelsen ved Universitetet i Stavanger, Christina Furskog Risa

Studieprogramleiar og forskar ved jordmorutdanninga ved Universitetet i Stavanger, Eva Christina Furskog-Risa.

Foto: Cathrine Oftedahl / NRK

– Det hastar med å finne ei løysing, meiner Furskog-Risa.

– Vi har ein aldrande jordmorgenerasjon, og det er tal som viser at vi allereie er på hælen inn i framtida, seier ho.

Meir enn ein av fire av dagens jordmødrer i Noreg er i alderen 62–75 år.

– Kamp om plassane i heile landet

Mangel på praksisplassar gjeld ikkje berre på Vestlandet. Alle helseføretak her i landet melder om auka behov, viser ein rapport om tilgang og behov for jordmødrer frå Helsedirektoratet.

Aasheim meiner at eit nasjonalt samarbeid kan vere løysinga, og ho får støtte.

– Det kan ikkje vere sånn at vi må kjempe oss i mellom, seier Furskog-Risa.

Aasheim sit også i ei nasjonal programgruppe for jordmorutdanninga. Dei foreslår at det må firast på krava i praksis for å gi plass til fleire.

– Vi foreslår å redusere talet på fødslar som er nødvendig i jordmorstudiet frå 50 til 40. Viss det går gjennom, vil det vere i tråd med EU-rådsdirektiv.

Jordmor- og sjukepleiefagleg koordinator ved Stavanger universitetssjukehus, Torill Tegle Brådland, seier at det er utfordrande å kunne tilby nok praksisplassar på fødeavdelinga.

Torill Brådland, jordmor, SUS

Torill Tegle Brådland, jordmor- og sjukepleiefagleg koordinator ved Stavanger universitetssjukehus (SUS), seier at rettleiingsarbeidet er krevjande og fører til slitasje på jordmødrene. Det er også utfordrande for rettleiarane å få nok eigne fødslar utan student, seier ho.

Foto: Cathrine Oftedahl / NRK

Det er for få erfarne jordmødrer til å rettleie. Mange erfarne jordmødrene har slutta for å begynne i kommunehelsetenesta som har auka talet på stillingar dei siste åra. I kommunane slepper dei turnusarbeid.

Jordmødrer flyktar til kommunehelsetenesta

Berre éin av tre jordmødrer jobbar heiltid på sjukehusa. Høgt arbeidspress er ei utbreidd årsak til deltidsjobbing, ifølgje Riksrevisjonen.

– Vi må sjå på nye måtar å gi praksis på for å utdanne fleire, seier Brådland.

Jordmorstudenter øver på fødsel.

Rettleier Anne Aareskjold underviser praksisstudentar på Stavanger universitetssjukehus. SUS vurderer om talet på fødslar per student kan erstattast med meir simulering.

Foto: Cathrine Oftedahl / NRK

Ho seier dei blant anna vurderer om talet på fødslar kan erstattast med simulering.

På eitt av føderomma øver praksisstudentane Elise Bentsen og Maria Grahl Ingemundsen på den gamle måten. Begge slit med å oppnå kravet om 50 fødslar.

Dei har vore i praksis like lenge. Den eine har 14 fødslar, den andre ni.

Elise Bentsen og Maria Gral Ingemundsen

Elise Bentsen og Maria Grahl Ingemundsen er praksisstudentar ved Stavanger universitetssjukehus. Bentsen har vore med på ni fødslar, medan Ingemundsen har vore med på 14. Det kan ta lang tid før dei har oppnådd kravet om 50 fødslar.

Foto: Cathrine Oftedal / NRK

– Det er eit sårbart system, seier Bentsen.

Vi må gå ugunstige vakter som innebere mange nattevakter og helg for å få nok fødslar.

Ifølgje rapporten er det rundt 2600 avtalte jordmorårsverk innanfor helsetenestene i Noreg, i tillegg til 300 avtalte årsverk utanfor helsetenesta.

Sjukepleiarar i jordmorstillingar

Det har blitt færre jordmødrer i jobb dei siste åra. Viss ikkje noko blir gjort, blir underskotet på omkring 700 jordmorårsverk i 2035, ifølgje SSB.

Allereie i dag tilset sjukehus sjukepleiarar i jordmorstillingar på barsel på grunn av mangel på jordmødrer, viser rapportar frå helseføretaka.

Hanne Charlotte Schelderup, leiar i Jordmorforbundet i Norsk Sykepleierforbund, seier at grunnbemanninga allereie er for låg. Ho er alvorleg bekymra.

Hanne Charlotte Schjelderup, leder i Jordmorforbundet NSF

Hanne Charlotte Schelderup, leiar i Jordmorforbundet i Norsk Sykepleierforbund.

Foto: privat

Fødsler handlar om liv og død og kompetanse til å oppdage og forhindre alvorlege skadar, som til dømes truande oksygenmangel under fødsel, blødingar og svangerskapsforgifting på eit tidleg tidspunkt. Vi ser også at mangel på kompetanse allereie har ført til nedgang i amming og færre fødslar.

Ho meiner Kunnskapsdepartementet må på banen.

Vi foreslår å auke grunnbemanninga med å tilsette jordmødre i heile stillingar, redusere krav om 50 til 40 fødsler under jordmorutdanningen.

I tillegg foreslår ho å starte opp ei desentralisert jordmorutdanning, og gi økonomisk støtte til flere praksisplassar i distrikta.

Vi bidrar gjerne med tett samarbeid med myndighetene for å løse den nasjonale jordmorkrisen.