Hopp til innhold

Fleire må til fastlege for å få førarkort

Frå 1. oktober blir helsekrava for å ta førarkortet strengare. Norsk Foreining for Allmennmedisin trur det vil føre til meir papirarbeid for fastlegane og gje dei mindre tid til å behandle pasientar.

Lege

MINDRE TID: Dei nye reglane kan gå ut over tida mellom lege og pasient.

Foto: Stockmarked / Scanpix

– Den tida me må bruke på dette papirarbeidet må me jo ta frå ein annan stad. Eg fryktar at det fort er tida med pasientane som får lide, seier leiar i Norsk Foreining for Allmennmedisin, Petter Brelin.

I desse tider har fastlegane allereie merka aukande pågang av folk som treng legeattestar. Dei nye reglane for fråvær i skulen har ført til at mange skuleelevar spring ned døra hos fastlegen sin for å få gyldig fråvær frå skulen.

Det kan lede til ein type "Fastlegeshopping"

Petter Brelin - Leiar i Norsk Foreining for Allmennmedisin

Frå 1. oktober kjem det nye reglar for dokumentasjon av helse når du ska ta førarkortet, eller fornye det. Har du for eksempel kols, diabetes eller andre sjukdommar som påverkar evna til å køyre bil, treng du no ein attest frå lege. I dag er det slik at du må sende søknad til fylkesmannen i slike saker. Ansvaret for den medisinske vurderinga skal no over på legane.

– Som legar er vårt største samfunnsoppdrag å behandle sjuke personar. Me har rett og slett ikkje kapasitet til å gjere alt dette papirarbeidet, seier Brelin.

Petter Brelin

IKKJE KAPASITET: Leiar i Norsk Foreining for Allmennmedisin, Petter Brelin, seier at norske legar allereie har nok papirarbeid på pulten.

Foto: Oda Marie Midbøe / NRK

Tydlegare regelverk

Divisjonsdirektør i Helsedirektoratet, Svein Lie, trur Brelin bekymrar seg utan grunn. Han meiner at legane ikkje vil bruke meir tid på papirarbeid, fordi det nye regelverket blir tydlegare.

– Me har gjennomført ei rekke kurs, der tilbakemeldingane frå deltakarane har vore positive. Me har ikkje fått nokre bekymringar om tidsbruk, seier Lie.

– Så Petter Brelin tek feil?

– Det må me sjå med tida, men me tenker ikkje at dette skal stele meir tid frå legane, seier han.

Svein Lie

IKKJE BEKYMRA: Divisjonsdirektør i helsedirektoratet, Svein Lie, trur ikkje meir papirarbeid vil gå ut over tida mellom lege og pasient.

Foto: Rebecca Ravneberg / Helsedirektoratet

Fastlegeshopping

Med det nye regelverket blir det altså opp til fastlegen å bestemme om du får køyre bil eller ikkje. Brelin trur også at det kan by på problem skulle pasientar bli nekta å køyre bil.

Det kan lede til ein type "Fastlegeshopping". Der pasientar berre hoppar til ein ny lege om dei får nei frå for eksempel fastlegen, seier Brelin.

Svein Lie i Helsedirektoratet seier det nye regelverket skal forhindre dette scenarioet.

– Det er jo blant anna difor me har stramma inn regelverket og gjort det meir tydleg. Slik at den neste legen har det same grunnlaget for å vurdere pasienten som den førre, seier Lie.