Hopp til innhold

Dette skal til for å lykkast på eksamen

Éin student, éin ekspert på idrettspsykologi og éin sensor deler sine beste tips.

Kristine Folkvang Volland står inne i et tomt undervisningsrom på Universitetet i Sørøst-Norges avdeling i Porsgrunn.

STUDENT: Kristine Folkvang Volland trur mange studentar kan meir enn dei trur sjølv. – Pust og bruk den kunnskapen du har.

Foto: Stian Wåsjø Simonsen / NRK

Det nærmar seg sommarferie, men før den tid skal mange studentar og skoleelevar gjennom éin eller fleire eksamenar.

Ingeniørstudent Kristine Folkvang Volland beskriv stemninga ved Universitetet i Søraust-Noregs avdeling i Porsgrunn som anstrengt.

Ho har inntrykk av at mange studentar går inn i si eiga verd på denne tida av året.

– Dei som sit og snakkar saman før eksamen er som regel dei som føler at dei har kontroll, eller dei som allereie veit at dei kjem til å konte.

Flere studenter sitter rundt et bord ved Universitetet i Sørøst-Norges avdeling i Porsgrunn.

Mange studentar førebur seg nå til eksamen ved Universitetet i Søraust-Noreg.

Foto: Stian Wåsjø Simonsen / NRK

Start tidleg viss du vil unngå stress

Volland meiner det er heilt naturleg å kjenne på nervar før ein eksamen.

– Ein er spent på korleis det skal gå, og om ein klarer å bli førebudd nok til å gjere det godt.

Les også Holder pusten før eksamen: – Alle våre systemer er grundig testet

KLARE FOR EKSAMEN: August Klåstad og Sebastian Badri, avgangselever ved Thor Heyerdahl videregående skole i Larvik

Professor Elsa Kristiansen, som blant anna har skrive ei bok om idrettspsykologi, seier at ein eksamen kan vere ei kjelde til stress.

– Definisjonen er at det er ein ubalanse mellom kva du skal kunne og kva du føler at du kan.

For å unngå stress bør ein førebu seg gjennom heile skole- eller studieåret, slik idrettsutøvarar gjer før viktige konkurransar, seier Kristiansen.

Elsa Kristiansen

Professor Elsa Kristiansen anbefaler ikkje skippertak før eksamen. – Du er nøydd til å vere utkvilt viss hovudet skal fungere.

Foto: UNIVERSITETET SØRØST-NORGE

Tren på det du skal gjere

Volland seier ho startar førebuingane til ein eksamen med å gå gjennom teori og tidlegare oppgåver. Den siste dagen simulerer ho ein eksamen.

– Da ser ein litt korleis det kjem til å gå dagen etter. Da roar nervane seg som regel.

Kristiansen trur Vollands metode er smart.

– Ein lykkast gjerne betre når ein veit kva ein går til. Ein treng tryggleik og sjølvtillit når ein skal prestere, også ved eksamen.

Les også På denne skolen varer «eksamen» i eit heilt år

Svanhild Sand, Vilmer Schwebs og Alana Sandvold.

Har ein først klart å få éi god eksamensoppleving, kan det fort komme fleire, seier professoren.

– Sjølvtillit er veldig avgjerande. Ein gruer seg ikkje viss ein har fått til ting og opplevd noko positivt tidlegare.

Trur det er bra å vere litt nervøs

Ole Alexander Gulbrandsen er lektor i pedagogikk og eksamenssensor ved Universitetet i Søraust-Noreg.

Han seier at han opplever at det er ein del nervøsitet i lufta i eksamensperioden.

– Ein del er godt førebudd og ein del er ikkje så godt førebudd. Det er sånn som det alltid har vore.

Ole Alexander Gulbrandsen sitter i et undervisningsrom på Universitetet i Sørøst-Norges avdeling i Porsgrunn

Ole Alexander Gulbrandsen seier han prøver å møte nervøse studentar på ein roleg og hyggeleg måte.

Foto: Stian Wåsjø Simonsen / NRK

Volland meiner det går greitt å vere litt nervøs så lenge ein ikkje mistar kontrollen.

Ho trur det er lurt å sette av litt tid til avkopling før ein eksamen, og har nokon trøystande ord til alle som kjenner dei er på djupt vatn nå:

Sommeren kommer uansett. Får du E er du me'.

Kristine Folkvang Volland student, Universitetet i Sørøst-Norge

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark

Seriekobla campingvogner

Seriekoblede campingvogner på ferga mellom Horten og Moss: – Er som et vogntog