Hopp til innhold

Bønder ber folk avgrense fyrverkeriet

– I verste fall kan dyra bryte seg ut og stikke av, seier bonde Inger Synøve Johnsen.

Ku

REIDDE: Nyttårsaftan er ikkje ein favorittdag for dyra. Høge smell og blinkande lys gjer at fleire dyr blir redde og urolege.

Foto: NRK

Det nærmar seg eit nytt år.

På sjølve nyttårsaftan er det tradisjon for mange å fyre opp fyrverkeri.

Men dette skaper ein del utfordringar og redsel for dyr og eigarar.

Bønder håpar folk vil ta omsyn og har eit ønske:

Følg reglane og skyt berre opp fyrverkeri innanfor tidsrommet klokka 18.00 til 02.00 på nyttårsaftan.

– Då kan alle som har dyr vere førebudde, og då blir det lettare for alle å handtere nyttårsaftan, seier bonde Inger Synøve Johnsen.

Bonde Inger Synøve Johnsen står i fjøset med tusen storfe.

Inger Synøve Johnsen er bonde og nestleiar i Vestfold Bondelag.

Foto: Ken Markus Christensen / NRK

Kan få store konsekvensar

Johnsen er heiltidsbonde saman med mannen og har griser, høner og rundt tusen storfe på garden i Våle.

På nyttårsaftan passar dei på å ha dører igjen og gir ekstra fôr. I tillegg følgjer dei ekstra med i fjøset, då dyra kan bli skremde og urolege.

– I verste fall kan dei bryte seg ut og stikke av. Lause dyr midt på natta på nyttårsaftan, det er det ingen som har lyst på.

Bodhild Fjelltveit er sauebonde i Bergen og 2. nestleiar i Norges Bondelag. I tillegg jobbar ho mykje med dyrevelferd.

Alle dyr reagerer ulikt, men nokre kan bli ville, fortel ho.

– Vi har mange dyr i fjøset som kan bli skremde, og det kan fort få store konsekvensar. Så då er det å tenkje seg om, om det er nødvendig å fyre opp rakettane.

Bodhild Fjelltveit i fjøset med sauer

Bodhild Fjelltveit er sauebonde og 2. nestleiar i Norges Bondelag.

Foto: Karl Erik Berge / Bondebladet

Det aller viktigaste

I 38 år har Mimmi Hauglind vore dyrlege. Ho er klar i talen når det gjeld kva dyreeigarar skal gjere på nyttårsaftan.

– Tilsyn. Det er det aller viktigaste.

– Kva kan skje med dyra når dei blir redde?

– Når dyr blir redde, kan dei finne på å stikke av viss det er praktisk mogleg. Dei kan også springe vilt omkring i ein binge og skade seg.

Men i løpet av åra som dyrlege, har ikkje Hauglind opplevd dette. Ho er likevel ikkje spesielt glad i rakettar.

– Det er såpass mange dyr som reagerer, og særleg mange mindre husdyr som blir redde.

Oppmoding

Fjelltveit håpar folk tek omsyn på den siste dagen i året. Og heller har ein felles og offentleg plass for oppskyting av fyrverkeri.

– Som dyreeigar har eg meir sansen for det. Først og fremst med tanke på dyra som blir stressa og redde.

I tillegg håpar ho at bønder tenkjer på eigen tryggleik først, viss dyra reagerer.

– Ein okse eller ei ku er fort mellom eit halvt og eit heilt tonn, så å tenkje at ein skal inn for å roe ned, det er nok ikkje det luraste.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark