Hopp til innhold

No må du førebu hunden din for nyttårsfeiringa

Det er enno litt tid igjen, men alt no bør du starte å førebu hunden din for høge smell og lysshow på himmelen.

Hundar på tur i snøen

BLIR SKREMDE: Høge smell frå nyttårsrakettar kan vere skremmande for engstelege hundar eller kattar.

Foto: Privat

– I fjor sat eg seks timar på badet med hunden.

Rebekka Sundøy Haldorsen er ein av fleire hundeeigarar som gruar seg til nyttårsaftan. Høge lydar og engstelege hund gjer at ho i år har vald å feire nyttår på eit flyplasshotell, heilt åleine.

Jente med hund

Rebekka Sundøy Haldorsen skal feire nyåret på flyplasshotell saman med hunden sin.

Foto: Privat

– Førebels er planen å feire nyttår aleine, men det kan vere at vener eller familie vel å slenge seg på.

Områda rundt flyplassane har fyrverkeriforbod, og vindauga har ekstra lydisolering, som gjer at lydane frå fyrverkeri ikkje er like skremmande for hunden.

For dyreeigarar som ikkje har planar om nyttårsfeiring på eit lydisolert hotell, finst det heldigvis eit par ting du framleis kan gjere for å sleppe å feire nyåret på baderommet.

Du må starte no

– Då må du begynne i dag. Jo tidlegare jo betre, forklarer hundeoppdrettar Susanne Håheim.

Hund i snøen med eigar

Hundeoppdrettar Susanne Håheim eksponerer hundane for fyrverkerilydar allereie når dei er kvalpar.

Foto: Privat

Hundar kan nemleg, som oss menneske, trenast opp. Eksponering over tid kan gjere dei mindre engstelege for høge lydar.

– Eg pleier å spele av lydar frå fyrverkeri over høgtalaren ganske lang tid i førevegen. Eg begynte allereie då dei var kvalpar.

Håheim meiner det er viktig å eksponere hundane for lydane gradvis over tid. Ho har sjølv opplevd at hunden hennar sleit i fleire månader etter at ho gjekk tur nær ein nabo som skaut opp rakettar.

– Ho var redd for alt. Redd for spraking i steikepanna, redd for innpakkingspapir, aluminiumsfolie og flammane i omnen.

Ikkje berre hundar som blir redde

Veterinær Hanne Eva Husebø Kristensen fortel at det ikkje berre er hundar som blir redde under nyttårsfeiringa. Kattar, kaninar, hestar og andre kjæle- og stalldyr kan òg reagere sterkt på lyden frå fyrverkeri.

Dyrlege Hanne Husebø Kristensen undersøkjer ein katt.

Veterinær Hanne Eva Husebø Kristensen fortel at det ikkje berre er hundar som blir skremde.

Foto: Solveig Svarstad / NRK

– Det er viktig at du finn ut om dyret ditt faktisk er redd for fyrverkeri, for det er ein del dyr som ikkje reagerer noko særleg. Det er òg ein del som kan vere redde utan at eigaren veit det.

Husbø Kristensen meiner at fleire dyr kan ha god effekt av trening, men då er du allereie i siste liten.

– Det kan absolutt vere effektivt å trene opp dyret gjennom eksponering. Det er viktig at du rådfører deg med nokon som har eit godt opplegg, viss ikkje kan du risikere å gjere vondt verre.

Det er likevel ikkje alle som responderer like godt på eksponeringstrening. Eit alternativ kan då vere roande middel.

– Dette krev litt kartlegging, og derfor bør du ta kontakt med dyrlegen god tid i førevegen for å legge ein plan for eventuell medisinering. Det er viktig at vi veit om dyret er friskt før vi gir ut medisinar.

Dyrlege Hanne Husebø Kristensen

Viss du skal gi hunden roande middel må du kontakte dyrlegen god tid førevegen.

Foto: Solveig Svarstad

Er det så farleg at dyra er litt redde?

– Å vere litt redd er ikkje så farleg nei, men den angsten fleire dyr kjenner på under nyttårsfeiringa kan vere ganske dramatisk. Det handlar ikkje berre om at dei er litt redde, men at dei er så redde at dei skadar seg sjølv, eller stikk av og blir påkøyrde. Det kan ta lang tid før frykta gir seg.

Dette er råda frå veterinæren

  • Start så tidleg som mogleg med å eksponere hunden for lydar frå fyrverkeri. Gå gradvis fram med å auke volum og lengde. Flytt lydkjelda rundt i ulike rom i bustaden.
  • Viss dyret er veldig engsteleg kan roande middel vere eit alternativ. Ta kontakt med ein dyrlege god tid i førevegen. Dei kan kartlegge om dyret ditt kan vere ein god kandidat for medisinering.
  • På sjølve kvelden er det lurt å slite ut hunden tidleg på dagen. Gå ein lang tur og held hunden i aktivitet både før og under sjølve oppskytinga.
  • Gi hunden eit godt måltid i førvegen slik at han er mett.
  • Når det smeller som verst er det lurt å dempe inntrykka. Trekk for gardinene og set på tv-en eller anna bakgrunnsstøy.
  • Før blei ein råda om å ignorere dyra når dei var redde. Dette har ein gått vekk frå. Det er viktig å vere saman med dyret på nyttårsaftan, og ikkje la det vere aleine heime.