Høgre kapra Frp sine skrytekommunar

Os og Austevoll kommune har vore omtala som Framstegspartiet sine utstillingsvindauge. Men i årets stortingsval går partiet kraftig tilbake i begge kommunar.

Søviknes og Njåstad

MISTAR VELJARAR TIL HØGRE: Framstegspartiet går kraftig tilbake i Os og Austevoll kommune. Terje Søviknes og Helge Andre Njåstad er samde i at det er nasjonale trendar som er årsaka.

Foto: Montasje / Scanpix/NRK

I Os kommune, der Terje Søviknes har vore ordførar sidan 1999, går Framstegspartiet tilbake 10,7 prosentpoeng. Resultatet er nesten like ille i Austevoll, der Frp går tilbake med 8,8 prosentpoeng.

Dei to kommunane har i fleire år vore omtala som Frp sine skrytekommunar. Søviknes og Os har vore kjend som landets største Frp-bastion, men nokre meiner Njåstad og Austevoll er i ferd med å vippe Os av trona.

Kraftig tilbake

Helge Andre Njåstad og Siv Jensen FrP sitt landsmøte 2011

KLARE: Helge Andre Njåstad er klar for Stortinget. Siv Jensen er klar for å forhandle med KrF, Venstre og Høgre om regjering. Men partiet går kraftig tilbake i Frp-bastionane Os og Austevoll kommune.

Foto: FrP Media

Frp mistar også veljarar nasjonalt. I Hordaland går Frp tilbake med 7,8 prosent og mistar to mandat på tinget. På landsbasis har partiet mista tolv mandat og har 16,3 prosent oppslutnad. Det er ein nedgang på 6,6 prosent sidan valet i 2009.

Men ordførar og stortingsklare Helge Andre Njåstad i Austevoll er likevel nøgd.

– No samanliknar du med tal frå 2009, då vi hadde veldig gode tal. Men 25 prosent i Austevoll er bra sett i forhold til snittet i landet. Me er godt nøgd med oppslutninga til Frp både lokalt og nasjonalt.

– Folk har stemt på Erna

Os-ordførar Terje Søviknes (Frp) seier det er naturleg at hans parti har gått tilbake, til fordel for Høgre som har auka med 11,1 prosent i Hordaland og 9,6 prosent på landsbasis.

– Også på Os har vi den same Erna-effekten som vi har sett på Vestlandet og i Norge elles. Folk har stemt på Høgre som dominerande regjeringsparti og Erna som statsminister, seier Søviknes.

Han tar ikkje den store nedgangen til Framstegspartiet i Os personleg.

– Nei, det er ikkje lokale forhold som spelar inn i eit stortingsval. Vi er veldig godt nøgde med å få inn to kandidatar frå Hordaland.

Meiner det er nasjonale trendar

Helge Andre Njåstad har vore ordførar i Austevoll sidan 2003. I kommunevalet i 2011 vart han attvalt med heile 47,4 prosent av stemmene i kommunen. Han er langt på veg samd med sin partifelle i Os.

– Ein fjerdedel er eit bra resultat i Austevoll. Eg tolkar at det er dei nasjonale trendane som spelar inn, og eg trur ikkje det er noko taktikkeri i forhold til posisjonar lokalt.

Beklager, vi kunne ikke vise innholdet.
Se «Valgresultat 2013 for Austevoll» i nytt vindu

Beklager, vi kunne ikke vise innholdet.
Se «Valgresultat 2013 for Os» i nytt vindu

Beklager, vi kunne ikke vise innholdet.
Se «Valgresultat banner» i nytt vindu

Les mer om stortingsvalget