Hopp til innhold

Ho er ein typisk utlending på Vestlandet

Laura måtte søke 500 jobbar og synest det er vanskelig å kome i kontakt med nordmenn. Ho er ein av dei mange tusen arbeidsinnvandrarane vi burde legge mykje betre til rette for, meiner forskar.

Laura Macias

Sjølv om mange innvadrarar på Vestlandet er i jobb, slik som Laura Macias, betyr det ikkje at dei er godt intergrerte.

Foto: Håvard Grønli / NRK

Ein typisk utlending på Vestlandet er ein yrkesaktiv arbeidsinnvandrar. I større grad enn i andre delar av landet, der andelen som har kome til Noreg som flyktningar eller på familieattendeføring er større.

Vekst

– Det har nok med næringsstrukturen å gjere. Det store bildet er at det har vore meir vekst og mindre arbeidsløyse på Vestlandet enn i andre delar av landet, seier seniorforskar Svein Ingve Nødland ved forskingsinstituttet Iris i Stavanger.

Som ein del av eit større forskingsprosjekt som er støtta av dei fire vestlandsfylka, arbeidar han med å finne ut meir om vestlandsinnvandraren.

Men at yrkesdeltakinga er god blant innvandrarane her betyr ikkje at dei er meir integrerte. Kanskje heller tvert imot.

– For flyktningar har vi tiltak og introduksjonsprogram, det blir lagt meir til rette for integrering for desse. Mens vi eigentleg føreset at arbeidsinnvandrarar skal kunne finne fram i systema av seg sjølv, seier Nødland til NRK. Han trur det er ein fare for at arbeidsinnvandrarane blir isolerte klynger i lokalsamfunna.

– Complicated

– It’s complicated, seier Laura Macias når NRK spør henne om det har vore lett å bli kjend med Norge og nordmenn. Ho stadfestar langt på veg bildet forskaren har. På fritida held 27-åringen seg saman med folk frå Italia, Frankrike, England, Afrika og Kina.

Den spanske ingeniøren kom hit som au pair, og har jobba i restaurant mens ho har søkt på heile 500 jobbar for å få ei fagleg relevant utfordring. I restaurantjobben opplevde ho at unge nordmenn hetsa henne fordi ho var utlending. Men no går det betre. Ho har fått jobb på den svært så internasjonale arbeidsplassen Rosenberg i Stavanger.

Når NRK treff henne arbeidar ho med å designe ein støttekonstruksjon til eit gassrøyr på ein norsk plattform. Samtalane om arbeidet går på engelsk med norske eller britiske kollegaer. Litt bortanfor er to indarar i fagleg samtale. Ho tenker at framtida er her. Og ho har til og med fått ein norsk venn.

– It was difficult to get her, seier ho, but now we are really good friends.

Må sette pris på dei

Kristin Færøvik

- Nordmenn ser ikkje forskjell på asylsøkjarar og høgt kompetente arbeidsinnvandrarar, meiner administrerande direktør Kristin Færøvik.

Foto: Håvard Grønli / NRK

Administrerande direktør ved verftet, Kristin Færøvik, meiner vi må sette betre pris på arbeidsinnvandrarane våre. Ho trur nordmenn i for liten grad ser forskjell på asylsøkjarar, flyktningar og høgt kompetente arbeidsinnvandrarar. Og at samfunnet treng dei er ho ikkje det minste i tvil om.

– Dette er kompetanse vi er heilt avhengige av for å få hjula til å gå rundt i denne industrien som Noreg er så avhengige av.

Forskar Nødland trur vi kjem til å trenge arbeidsinnvandrarane i lang tid.

– No har vi mange arbeidsinnvandrarar fordi det har vore spesielle oppgangstider her. Men også på lang sikt treng vi truleg denne arbeidskrafta. Det blir færre i arbeidsdyktig alder i Noreg og elles i Europa. Då kan det vere viktig at vi klarer å ta vare på denne arbeidskrafta og halde dei i arbeid.

Les mer om stortingsvalget

Flere hundre mennesker møtte opp i Dronningparken for å gå et glimt av Erna Solberg og den nye borgerlige regjeringen.

– Siv får gjennomført det hun lover

Den nyvalgte regjeringen ble mottatt som superstjerner da de møtte folket i Dronningparken i Oslo i ettermiddag.

– Eg veit at eg kjem i et departement der det jobbar dyktige folk, seier påtroppande kommunalminister Jan Tore Sanner. Han har lang erfaring frå Stortinget, og seier at han føler seg godt førebudd til jobben.

– Har sommerfugler i magen

Statsminister Erna Solberg ringte aldri Jan Tore Sanner da hun skulle tilby ham statsrådspost. – I vår moderne tid driver vi med dørbank, så Erna kom og banket på hos meg, sier han.

Jens Stoltenberg sa at han har fått et nært og fint forhold til kongen idet han gikk inn til sitt siste statsråd i denne omgang.

Stoltenberg: - Gleder meg til å bo hjemme!

– Det har vært veldig fint å bo i statsministerboligen med mye praktisk hjelp og nærheten til Slottet og Stortinget, men det skal bli godt å bo hjemme!

Slik blir trolig kabalen

Desse blir statsrådar

Her er lekkasjane frå statsrådskabalen til den nye regjeringa. Onsdag får du se om kabalen går opp.