Med 6,1 prosent oppslutnad gjer Miljøpartiet Dei Grøne eit kraftig byks mot fast plass på Stortinget frå Hordaland.
Det viser Respons Analyse AS sitt nye partibarometer laga for Bergens Tidende. Partiet har aldri gjort ei liknande måling i Hordaland.
På målinga er partiet større enn både Senterpartiet, Venstre og SV. SV sin partileiar er ute av Stortinget på målinga.
Med solide målingar også i hovudstaden luktar miljøpartiet etter alt å dømma på sperregrensa, som kan sikra fleire mandat for partiet.
– Skuffa om eg ikkje kjem på Stortinget
Listetopp for Dei Grøne i Hordaland, Tom Sverre Tomren, førehandsrøysta på rådhuset i Bergen torsdag. Då var han svært oppløfta over dei gode målingane dei siste tida.
– Slik som situasjonen er no, vert eg faktisk skuffa om eg ikkje hamnar på Stortinget, seier soknepresten som har kasta seg inn i kampen om ein plass på Stortinget.
Torsdag fortalde NRK.no at miljøpartiet dei siste vekene har stole veljarar frå alle andre parti på Stortinget.
Dei store krympar
Det er dei store partia som har størst tilbakegang i målinga til Bergens Tidende. Arbeidarpartiet greier ikkje og vinna terreng og går tilbake til 23,5 prosent. Høgre på si side går tilbake med 4,3 prosentpoeng og ligg med 34,4 prosent oppslutning. Det er over 14 prosentpoeng betre enn ved valet i 2009 i Erna Solberg sitt heimefylke.
Framstegspartiet slit på målinga og har 12,7 prosent oppslutnad.
Venstre, som mista sitt fylkesmandat med Lars Sponheim sin sorti i 2009, er inne på Stortinget i målinga.
Viser potensial for miljøpartia
Førstekandidat for Venstre Terje Breivik meiner framgangen til Miljøpartiet Dei Grøne viser at det er eit større potensial for dei etablerte miljøpartia.
– Det er i utgangspunktet bra at mange meiner at miljø og klima er viktig i valkampen. Men eg håpar jo at folk vil sjå at me har ei pakke som i større grad sikrar velferd, næringsutvikling og velstandsutvikling, seier nestleiaren i Venstre.
Målinga til Bergens Tidende har ikkje fleire enn 736 respondentar, noko som gjer at det heftar ein del uvisse rundt tala.