Hopp til innhold

Over 400 røyster går rett i søpla

Talet på for seine førehandsrøyster aukar stadig, og har no passert 400. Røyster over heile landet går uopna rett i søpla, fordi dei ikkje nådde fram i tide.

Tre dagar etter valet får mange kommunar framleis stemmer for seint i posten. I Fjell kommune må over 100 stemmer makulerast.

SJÅ VIDEO: Desse førehandsrøystene nådde aldri fram til valurna. I dag gjekk 116 røyster i kverna, berre i Fjell kommune.

Konvolutt med forseinka førehandsrøyster

POSTSTEMPLA VALDAGEN: Denne konvoluttane med førehandsrøyster talar sitt klare språk. Ein er poststempla fredag, men kom ikkje fram i tide. Ein er poststempla sjølve valdagen og kunne aldri nå fram i tide.

Foto: Halvor Folgerø / NRK

Onsdag melde NRK at ni førehandsrøyster i Tana blir forkasta grunna sein postgang. No viser det seg at valblemma har eit langt større omfang.

Talet har auka utover dagen, og nye tal frå Oslo i ettermiddag viser at 131 røyster i hovudstaden er forkasta fordi dei ikkje nådde fram i tide. Ein annan kommune med mange for seine førehandsrøyster er Fjell i Hordaland, som melder at 116 førehandsrøyster går rett i makuleringsmaskina.

Dermed er talet no godt over 400 førehandsrøyster som ikkje blir telt med i valresultatet – alle på grunn av sein postlevering.

Blant dei hardast råka fylka er Hordaland, der minst ti kommunar sit på bunkar med uopna konvoluttar med førehandsrøyster.

Skulle 6 km – nådde ikkje fram

NRK.no har så langt fått tal frå kommunar i Finnmark, Troms, Sør-Trøndelag, Sogn og Fjordane som viser at trenden er den same: Mange som trur dei har røysta ved Stortingsvalet, får i realitet ikkje delta i valet.

Dette er skandaløst.

Frank Aarebrot, professor og valforskar

Fleire av røystene som kom for seint inn, burde vore fullt mogleg å nå fram i tide med posten. Her er nokre av eksempla NRK.no har fått:

  • Røyster postlagt 3. september nådde ikkje fram i tide.
  • Stemmesetlar postlagt i Lindås og skulle til nabokommunen Meland i Hordaland, kom ikkje fram i tide. Det sjølv om avstanden mellom kommunesentra i dei to kommunane er seks kilometer.
  • Det same gjeld Bergen og nabokommunen Sund. Setlane som berre skulle over Sotrabrua kom ikkje fram i tide.
  • Stemmesetlar som skulle frå Bergen til nabokommunar vart først sendt til Oslo, før dei kom tilbake til Bergen og vart sendt til kommunen dei skulle til.

NRK får opplyst at stemmesetlar som skulle frå Bergen til nabokommunar vart først sendt til Oslo, før dei kom tilbake til Bergen og vart sendt til kommunen dei skulle til.

  • Veit du om fleire eksempel på rot med førehandsrøystinga?
    TIPS NRK.no: 03030@nrk.no – tipstelefon 03030, sms/mms 03030

(Artikkelen held fram under biletet.)

Eli Berland makulerer førehandsrøyster

EI TUNG OPPGÅVE: Fjell-ordførar Eli Årdal Berland (H) overvakar makuleringa av for seint innkomne førehandsrøyster.

Foto: Halvor Folgerø / NRK

Kommunane fortvilar for veljarane

På Osterøy fortvilar Kari Aakre (Ap) over at veljarar registrert i kommunen ikkje fekk vere med på å påverke.

– Det er prinsipielt alvorleg. Det er sjølvsagt synd at folk som har gjort borgarplikta si, blir svikta av postsystemet, seier Aakre.

Og ho er på langt nær den einaste som har fått førehandsrøyster i posten, etter at oppteljinga etter stortingsvalet offisielt vart avslutta.

I Tromsø sit valstyret også att med røyster som ikkje kom med.

Valmedarbeidar Rikke Marker i Tromsø kommune opplyser at dei totalt har teke imot 20 førehandsrøyster for seint. I Ishavsbyen tek dei framleis i mot røyster.

– Éi kom i dag, nokre i går, mens fleirtalet kom på tysdag, opplyser Marker.

31 berre i Trondheim

Terje Søviknes

Os-ordførar Terje Søviknes (Frp) håpar rotet med førehandsrøystene ikkje har påverka valresultatet. I hans heimefylke skilde berre 350 røyster Frp og Sp i kampen om sistemandatet til Stortinget.

Foto: Vidar Gudvangen / NRk

Terje Søviknes (Frp) er leiar for valstyret i Os og medlem i valstyret i Hordaland. Han blir sjokkert når NRK fortel omfanget av førehandsrøyster som er kome for seint til å bli rekna med.

– Kva? Det er eit veldig høgt tall, utbryt han.

– Dette er urovekkjande, spesielt når vi veit at det berre var 350 stemmer som skilte det siste distriktsmandatet frå Hordaland, seier Søviknes, som opplyser at mellom fem og ti førehandsstemmer kom for sent til Os.

Dette mandatet vann Senterpartiet rett framfor nasen på Framstegspartiet.

Heller ikkje i Trondheim nådde alle førehandsrøystene fram i tide. Til saman 31 røyster ligg uopna. Ti er postlagt i Norge, 19 kom frå utlandet.

Bente Krogstad, telleansvarlig i Trondheim, førstekonsulent bysekretariatet Trondheim

– Slik er det kvar gong, at ei mengde røyster kjem for seint Det er fælt, men vi kan rett og slett ikkje ta dei med når dei kjem for seint, seier Bente Krogstad som er teljeansvarleg i Trondheim kommune.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Forkasta førehandsrøyster i Bergen

LIGG I PAPPESKER: I desse kassane på rådhuset i Bergen ligg konvoluttar med valkort og førehandsrøyster. Fleire av dei blir ikkje opna fordi røystene kom fram for seint.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Valforskar er sjokkert

Professor og valforskar ved Universitetet i Bergen, Frank Aarebrot, er opprørt over tala NRK.no har innhenta.

– Dette er skandaløst. Ein kan ikkje ha det slik at fortel folk at det er så frykteleg lett å førehandsrøyste, og ha seinare fristar slik at flest mogleg skal komme, og så er det Posten eller ein stakkars kommunefunksjonær som ventar fem minutt for lenge med å postleggje ein lapp, som gjer at folk mistar røysteretten sin.

Konvoluttane med førehandsrøyster som blir forkasta, skal ikkje opnast. Det er valforskaren glad for.

Frank Aarebrot

– SKANDALE: Valforskar Frank Aarebrot er skaka over kaoset med førehandsrøystene. Han meiner ordninga må strammast inn.

Foto: Åge Algerøy / NRK

– Det vil nok vere folk som er lei seg for at dei ikkje får røyste. Vi får endå håpe at dei veljarane som har røysta stemmeretten sin, ikkje veit at dei har mista den.

Aarebrot meiner ein no må sjå på heile systemet rundt førehandsrøystinga.

– Respekten for valet er viktig. Prinsippet om hemmeleg val og at kvar borgar sin røysterett skal takast i vare, er viktigare eit lett tilgjenge og høg valdeltaking. Ein må etter kvart skjerpe inn og sørge for at ein får valordningar der slike ting ikkje skjer.

Posten beklagar

Felles for alle kommunane NRK har snakka med, er at konvoluttane har blitt levert for seint av Posten. Både Kommunal- og regionaldepartementet og Posten ser uheldig på feilen og lovar at dei skal komme til botn i saka.

Pressesjef Hilde Ebeltoft-Skaugrud i Posten Norge

NÅDDE IKKJE FRAM: Pressesjef i Posten Norge, Hilde Ebeltoft-Skaugrud, beklagar at sein postgang har råka førehandsrøystene. Ho trur feilen ligg både hos dei og kommunane.

Foto: Per Onsheim / NRK

– På vegner av Posten vil eg beklage dette. Vi ser alvorleg på at vi ikkje har fått førehandsrøystene fram i tide, seier pressesjef Hilde Ebeltoft-Skaugrud.

Ho trur det er fleire årsaker til at røystene ikkje nådde fram til valdagen.

– I nokre tilfelle vil eg tru at det er Posten som har gjort feil. I andre tilfelle kan det vere avsendar-kommunen som ikkje har sendt røystene i tide.

Posten har no tatt kontakt med Kommunal- og regionaldepartementet som har øvste ansvar for gjennomføringa av valet.

– Det vi gjer vi for å sjå om ein kan framskunde fristen for å sende førehandsrøyster. Det er viktig at dei kjem fram i tide. Ei løysing kan vere å setje denne fristen noko tidlegare.

Posten vedgår at det i enkelte tilfelle kan vere for kort tidsfrist for Posten å få røystene fram til rette kommune når førehandsrøystinga med dagens ordning held ope heilt til fredag kveld, mens valresultatet skal vere klar etterfølgjande måndag kveld

Departementet vil evaluere

I Kommunal- og regionaldepartementet tek ser dei alvorleg på opplysningane frå NRK.

Valgurne

NYE REGLAR? Neste gong valurnene blir henta fram er kommune- og fylkestingsvalet i 2015. Fram til då skal dagens ordning evaluerast, lovar departementet.

Foto: Erichsen, Jarl Fr. / SCANPIX

– Det er uheldig dersom røyster må forkastast fordi dei er komne for seint fram, skriv pressekontakt Sissel Mossing i ein e-post til NRK.no.

Ifølgje Vallova kan kommunar halde ope førehandsrøystelokala fram til klokka 21 fredagen før valet. Men Mossing strekar under at departementet i rundskriv har bede kommunane vere merksame på postgangen.

– Departementet har tidlegare gjort kommunane merksame på informasjon sendt frå Posten om tida det tar å sende, nettopp for å forsikre at dei ser til at røyster kjem fram i tide. Departementet vil i samband med evalueringa av valet også sjå nærmare på eventuelle problem knytt til framsending av røyster, skriv Mossing.

Må stengje tidlegare?

Dette går ikkje an. Anten må Posten skjerpe seg, eller så må vi vurdere om fristen for førehandsrøysting bør blir korta ned nokre dagar.

Terje Søviknes, ordførar i Os (Frp)

I Hordalandskommunen Os krev ordførar Terje Søviknes no at noko blir gjort framfor kommune- og fylkestingsvalet i 2015.

– Veljarane skal kunne kjenne seg trygge på at røysta blir telt med, når dei røystar innan fristen. Dette går ikkje an. Anten må Posten skjerpe seg, eller så må vi vurdere om fristen for førehandsrøysting bør blir korta ned nokre dagar, seier Frp-ordføraren.

I Trondheim trur teljeansvarleg Bente Krogstad at løysinga må ligge hos Posten.

– Eg trur ikkje det er ei god løysing å stengje røystelokala tidlegare. Det gir eit dårlegare tilbod til veljarane. Det bør heller bli gjort ein spesialavtale med Posten om raskare og oftare postgang den siste helga før valet Slik det er no kan dei jo ikkje garantere at røystene som blir levert seint fredag kveld kjem fram i tide.

  • Veit du om fleire eksempel på rot med førehandsrøystinga?
    TIPS NRK.no: 03030@nrk.no – tipstelefon 03030, sms/mms 03030

Les mer om stortingsvalget

Flere hundre mennesker møtte opp i Dronningparken for å gå et glimt av Erna Solberg og den nye borgerlige regjeringen.

– Siv får gjennomført det hun lover

Den nyvalgte regjeringen ble mottatt som superstjerner da de møtte folket i Dronningparken i Oslo i ettermiddag.

– Eg veit at eg kjem i et departement der det jobbar dyktige folk, seier påtroppande kommunalminister Jan Tore Sanner. Han har lang erfaring frå Stortinget, og seier at han føler seg godt førebudd til jobben.

– Har sommerfugler i magen

Statsminister Erna Solberg ringte aldri Jan Tore Sanner da hun skulle tilby ham statsrådspost. – I vår moderne tid driver vi med dørbank, så Erna kom og banket på hos meg, sier han.

Jens Stoltenberg sa at han har fått et nært og fint forhold til kongen idet han gikk inn til sitt siste statsråd i denne omgang.

Stoltenberg: - Gleder meg til å bo hjemme!

– Det har vært veldig fint å bo i statsministerboligen med mye praktisk hjelp og nærheten til Slottet og Stortinget, men det skal bli godt å bo hjemme!

Slik blir trolig kabalen

Desse blir statsrådar

Her er lekkasjane frå statsrådskabalen til den nye regjeringa. Onsdag får du se om kabalen går opp.