Ein typisk utlending på Vestlandet er ein yrkesaktiv arbeidsinnvandrar. I større grad enn i andre delar av landet, der andelen som har kome til Noreg som flyktningar eller på familieattendeføring er større.
Vekst
– Det har nok med næringsstrukturen å gjere. Det store bildet er at det har vore meir vekst og mindre arbeidsløyse på Vestlandet enn i andre delar av landet, seier seniorforskar Svein Ingve Nødland ved forskingsinstituttet Iris i Stavanger.
Som ein del av eit større forskingsprosjekt som er støtta av dei fire vestlandsfylka, arbeidar han med å finne ut meir om vestlandsinnvandraren.
Men at yrkesdeltakinga er god blant innvandrarane her betyr ikkje at dei er meir integrerte. Kanskje heller tvert imot.
– For flyktningar har vi tiltak og introduksjonsprogram, det blir lagt meir til rette for integrering for desse. Mens vi eigentleg føreset at arbeidsinnvandrarar skal kunne finne fram i systema av seg sjølv, seier Nødland til NRK. Han trur det er ein fare for at arbeidsinnvandrarane blir isolerte klynger i lokalsamfunna.
– Complicated
– It’s complicated, seier Laura Macias når NRK spør henne om det har vore lett å bli kjend med Norge og nordmenn. Ho stadfestar langt på veg bildet forskaren har. På fritida held 27-åringen seg saman med folk frå Italia, Frankrike, England, Afrika og Kina.
Den spanske ingeniøren kom hit som au pair, og har jobba i restaurant mens ho har søkt på heile 500 jobbar for å få ei fagleg relevant utfordring. I restaurantjobben opplevde ho at unge nordmenn hetsa henne fordi ho var utlending. Men no går det betre. Ho har fått jobb på den svært så internasjonale arbeidsplassen Rosenberg i Stavanger.
Når NRK treff henne arbeidar ho med å designe ein støttekonstruksjon til eit gassrøyr på ein norsk plattform. Samtalane om arbeidet går på engelsk med norske eller britiske kollegaer. Litt bortanfor er to indarar i fagleg samtale. Ho tenker at framtida er her. Og ho har til og med fått ein norsk venn.
– It was difficult to get her, seier ho, but now we are really good friends.
Må sette pris på dei
- Nordmenn ser ikkje forskjell på asylsøkjarar og høgt kompetente arbeidsinnvandrarar, meiner administrerande direktør Kristin Færøvik.
Foto: Håvard Grønli / NRKAdministrerande direktør ved verftet, Kristin Færøvik, meiner vi må sette betre pris på arbeidsinnvandrarane våre. Ho trur nordmenn i for liten grad ser forskjell på asylsøkjarar, flyktningar og høgt kompetente arbeidsinnvandrarar. Og at samfunnet treng dei er ho ikkje det minste i tvil om.
– Dette er kompetanse vi er heilt avhengige av for å få hjula til å gå rundt i denne industrien som Noreg er så avhengige av.
Forskar Nødland trur vi kjem til å trenge arbeidsinnvandrarane i lang tid.
– No har vi mange arbeidsinnvandrarar fordi det har vore spesielle oppgangstider her. Men også på lang sikt treng vi truleg denne arbeidskrafta. Det blir færre i arbeidsdyktig alder i Noreg og elles i Europa. Då kan det vere viktig at vi klarer å ta vare på denne arbeidskrafta og halde dei i arbeid.