At over halvparten av fylkeskommunane har kjøpt profesjonell lobbyhjelp i samband med Nasjonal Transportplan uroar den erfarne politikaren.
– Det er urovekkande fordi vi flyttar makt frå demokratiske organ til folk som ein gong gjekk inn i politikken av overtydingsgrunnar, men som no tar godt betalt for å bruke sin politiske kunnskap til å påverke storting og regjering.
Nybakk fortel at ho har sett døme på at PR-rådgjevarar til og med har skrive stortingspolitikarane sine merknader i komitéinnstillingar.
– Det er spesielt tankevekkande, seier ho.
Fullt gjennomslag
Professor Øyvind Østerud var medlem av utvalet som skulle foreslå nye karantene-reglar for tidlegare politikarar. I tllegg leia han også den andre norske maktutgreiinga frå 1998 til 2003. Allreie då åtvara han og utvalet om at makt vart flytta ut av dei folkevalde organa.
– No ser vi at PR-byråa har fått fullt gjennomslag i norsk politikk, seier Østerud.
– Vi såg jo dette komme, men PR-byråa sitt omfang og utbreiing har gått langt raskare enn vi kunne forutsjå, seier professoren.
– Politisk kannibalisme
Felles for lobbyistar som tar oppdrag for offentlege organ og etatar er at honorara deira blir dekka av skattepengar. Ofte kjem oppdraga frå kommunar eller offentlege etatar som konkurrerer med andre kommunar eller etatar i ei sak.
– Du kan godt kalle det politisk kannibalisme, seier Marit Nybakk. Ho viser til at lobbyisme er ein del av demokratiet, men at den må vere open for innsyn.
Maktutgreiar Østerud meiner PR-byrå har skapt seg ein kunstig marknad; ved at den eine kommunen leiger inn profesjonell hjelp, vil den konkurrerande kommunen gjere det same.
– PR-byråa er over alt, alle bruker dei. Dei gjennomsyrer all norsk offentlig virksomhet, seier professoren. Når PR-byråa legg eit løp for ein politisk prosess, til 5000 kroner timen, så er det jo hemmeleg det dei driv med.
Visepresident Nybakk seier det til sist handlar om politikken sin legitimitet:
– Bruken av mellommenn og –kvinner gjer PR-byråa usynlege. Vi veit ikkje lenger kven som eigentleg står bak dei politiske vedtaka.