Hopp til innhold

Zelenskyj seier den russiske framrykkinga er stansa

Framrykkinga til russiske styrkar har stoppa opp, ifølge den ukrainske presidenten Volodymyr Zelenskyj.

Volodymyr Zelenskyj

Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj hevdar dei har klart å stanse Russlands framrykking. Her er presidenten avbilda i samband med at Hellas statsminister Kyriakos Mitsotakis besøkte Ukraina i mars.

Foto: Ukrainian Presidential Press Office / AP

I eit intervju med den franske kringkastaren BFM TV sa presidenten at situasjonen for dei ukrainske styrkane er mykje betre enn han har vore dei siste tre månadane.

Zelenskyj seier også at Ukraina no bygger over 1000 kilometer med forsterkingar langs fronten.

Russland har så langt ikkje kommentert utsegnene.

Frontlinjene har stort sett stått stille, men Russland har hatt initiativet på slagmarka dei siste månadane. Ukrainas forsvarsminister vedgjekk i slutten av februar at situasjonen var krevjande.

I midten av februar tok russiske soldatar kontroll over byen Avdijivka etter å ha pressa på i lang tid. Det var det største nederlaget for Ukraina sidan mai 2023. då dei russiske styrkane tok Bakhmut.

Les også Haaland Matlary: – Ekstremt uheldige Ukraina-uttalelser fra paven

Pave Frans

Naturleg at det stoppar opp

Professor Tormod Heier ved Forsvarets høgskole seier at det kan godt vere at Ukraina har klart å stoppe russiske framrykkingar aust i Ukraina. Men at det truleg berre gjeld enkelte stader langs fronten.

– Kvar ein offensiv må stoppe etter ei stund. På eit tidspunkt går lufta ut av han. Styrkane må vente på nye forsyningar og våpen. men den ukrainske framgangen skjer ikkje over heile den meir enn 1000 kilometer lange frontlinja.

Tormod Heier

Tormod Heier ved Forsvarets høgskole.

Foto: Frode Fjerdingstad / Nrk

Heier trur utsegnene til den ukrainske presidenten kan vere retta mot Vesten som forsyner dei med våpen og materiell, og hindre at gjevarlanda imister motet og trua på at det nyttar å kjempe vidare.

Men meldinga kan også vere retta mot ukrainarar, seier han.

– Den siste tida har det vore ein liten tendens til pessimisme blant folk. Det kan gjere det vanskelegare å få nye rekruttar til å melde seg til å kjempe i krigen.

Les også Ukrainere gjemmer seg for å slippe å krige

sliten ukrainsk soldat nær Horlivka

Kan bruke våren til å styrke seg

Med våren kan det kome ein litt rolegare periode i krigen. Når frosten forsvinn i bakken, blir det vanskelegare å føre krig. Fram til månadsskiftet mai/juni vil truleg ukrainarane halde fram med å styrke forsvarsverka langs frontlinja, trur Heier.

– I mellomtida kan dei trene opp styrkane sine og få mest mogeleg kampkraft utover sommaren.

Les også Norske elever er med på å produsere våpen

Nammo

Heier seier også at det blir viktig for Ukraina å halde russiske styrkar på avstand medan dei ventar på meir materiell.

– Ukrainarane må halde dei russiske styrkane mest mogeleg i sjakk medan vestlege land arbeider med å få opp produksjonen av ammunisjon, seier han.

SISTE NYTT

Siste nytt