Her ligg det fleire hundre tusen døde fuglar.

Dødens dal

Vatnet er svart. Det frys aldri.

Dødens dal

- Kva har skjedd?

Døden Dal

- Det liknar mumiar frå pyramidane i Egypt.

Døden Dal

Mysteriet i «Dødens dal»

Mysteriet i «Dødens dal»

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Sjå på dette vatnet!

Harald Steen, biolog

Ved foten av ei høg og bratt fjellside står biolog Harald Steen og ser på dammen som har fått namnet sitt på grunn av fargen og innhaldet: «Oljedammen».

Svart olje? I Antarktis?

Han kastar ein stein ut i vatnet. Då ser vi det endå betre.

– Det er fullt av rotna biomasse.

Stanken kjente vi tydeleg då vi kom hit. Til den staden som på kartet heiter Svartgryta. 20 minutt med beltevogn over blåisen frå den norske forskingsstasjonen Troll. Siste stykket til fots.

– Det er jo ikkje så mange som er her, då. Så berre det å komme hit, er jo ganske spesielt, seier Steen.

Her er det ingen turistar. Svært få har sett denne plassen. Ingen har forska på det vi ser rundt oss.

Ikkje før no.

Dødens dal
Foto: James Grecian, Ewan Wakefield / Durham University

– Vi kallar det berre for «Dødens dal».

Ewan Wakefield, biolog

Ewan Wakefield kom hit for første gong i fjor. Det var heilt tilfeldig.

– Eg var i Antarktis i samband med eit anna prosjekt som eg jobbar med. Eg blei tipsa om at eg burde ta meg ein tur.

Han blei i området i tre-fire timar. Det gjorde inntrykk.

– Det eg såg, var for meg heilt ufatteleg. Det var uverkeleg, rett og slett.

– Kva såg du?

Harald Steen i Dødens dal
Foto: Eivind Molde / NRK

– Eg såg først denne svarte dammen, som dei fortalde aldri frys.

Det stussa han over, sidan temperaturen alltid er under frysepunktet her. Så kikka han oppover den bratte fjellsida, mot dei kvasse tindane bak dammen.

– Då eg såg nærare etter, oppdaga eg at fjellsida var dekt med restane av hundretusenvis, om ikkje millionar av døde fuglar. Tydelegvis frå ein veldig stor sjøfuglkoloni ein gong i fortida.

Det likna på bilete du ser av mumiar frå pyramidane i Egypt.

Ewan Wakefield, biolog
dødens dal
Foto: James Grecian / DURHAM UNIVERSITY

– Eg blei skikkeleg begeistra, men også litt forvirra. Hovudet mitt var fullt av spørsmål.

«Kva har skjedd her?» «Korfor er fuglane borte?» «Når skjedde dette?»

Med prøver av døde fuglar i sekken drog han tilbake til universitetet i Durham. Ingen laboratorium har nokon gong hatt slikt materiale under lupa.

Fuglekadaver i Dødens dal
Foto: Ewan Wakefield / Durham university

Men Ewan Wakefield ville vite meir. Han hadde jo berre fått med seg dei prøvene som han rakk å samle inn i løpet av eit veldig kort besøk.

Så han ville tilbake. Til denne mystiske staden på det enorme iskontinentet i sør. Få fleire svar.

Om fugl og om klima.

Og i år var han på plass igjen i «Dødens dal». Denne gongen hadde han med seg ein kollega. Dei brukte fleire dagar, gjorde grundige undersøkingar og kartla området systematisk.

Dei fann ut at fuglekolonien må ha strekt seg over eit område på minst tre-fire kilometer.

Mange prøver blei tatt. Og forskarane har komme langt i å analysere det unike materialet. Wakefield har aldri høyrt om ein slik stad før.

Dødens dal
Foto: Erin McClymont / DURHAM UNIVERSITY

– Det er fantastisk berre å sjå desse fuglane, at dei er så godt bevarte gjennom alle desse åra. Det ser ut som dei kunne ha vore 50 år gamle, ikkje 50.000.

– 50.000?

– Ja, vi har funne ut at fuglane var i området for mellom 43.000 og 53.000 år sidan. Vi har brukt karbondatering, ein metode som hjelper oss med å finne ut kor gammalt organisk materiale er.

Wakefield fortel engasjert om kor viktig han meiner funnet er.

– Dette var i istida. Då var det meir is, og mykje kaldare i Antarktis. Derfor er det svært interessant å kunne slå fast at fuglane var i området på den tida. Desse fuglane – antarktispetrell – legg nemleg egga sine direkte på marka eller i fjellskråningar. Det kan altså ikkje ha vore is her då.

Petrellane lever av kril og fisk som dei finn i Sørishavet. Frå fjellområda i Dronning Maud Land er det i dag rundt 200 kilometer ut til iskanten. Så må fuglane vidare ut over havet, kanskje opp mot 600 kilometer til, for å komme til «matfatet».

Men den gongen var det altså meir is i Sørishavet, og derfor ein endå lenger reiseveg.

– Korleis kunne fuglane som hekka i Antarktis på den tida komme ut til ope hav for å finne mat? Dette er nok eit spørsmål som melder seg i kjølvatnet av funna i «Dødens dal», seier Wakefield.

Han har tatt prøver som kan gje svar på om fuglane åt det same den gongen, som no.

Kollasje av bilder fra Dødens dal
Foto: Ewan Wakefield / Durham university

Eg er spent på kva desse leivningane av sjøfugl kan fortelje oss om klimaet i Antarktis i ei fjern fortid.

Ewan Wakefield, biolog

Vi ber han samanfatte status så langt i forskingsarbeidet.

– Eg meiner at funna i «Dødens dal» kan bli eit svært verdifullt arkiv med store mengder informasjon som vil vere nyttig ikkje berre med tanke på biologi, men for folk som prøver å få meir kunnskap om klimaet i Antarktis. Noko som igjen vil vere nyttig for å forstå klimaet i heile verda.

Harald Steen i Dødens dal
Foto: Eivind Molde / NRK

Biologen Harald Steen ser rundt seg. Som forskingsdirektør på Norsk Polarinstitutt har han sett mykje, både i nord og i sør på globusen.

Men dette er ikkje daglegdags. Forsiktig sagt.

– Det er ganske utruleg å gå her, altså. For titusenvis av år sidan var det eit stort fugleliv akkurat her. Eg ser beinrestar, eg ser fjør, her er eit nebb, ein hovudskalle. Det er ganske fantastisk. Det er heilt utruleg korleis dette er blitt bevart opp gjennom tidene.

Han er glad for at alt dette no skal bli forska grundig på.

Ewan Wakefield i Dødens dal
Foto: James Grecian, Ewan Wakefield / DURHAM UNIVERSITY

Ewan Wakefield er altså mannen som sit på nøkkelen, som kan bidra til å oppklare mysteriet i «Dødens dal». Biolog og postdoktor ved Durham university.

Vi har tre spørsmål til som vi gjerne vil stille han.

– Når, og korfor forsvann fuglane?

– Det er blant dei tinga vi prøver få finne ut av, men det har nesten heilt sikkert med klimaendringar å gjere. Konkret handlar det om noko som er vanskeleg å måle no – nemleg snømengda på bakken.

Han fortel at antarktispetrellen ikkje kan leggje egga sine på snø eller is. Og at når det er altfor mykje snø, er det katastrofalt for hekkesuksessen.

– Vi trur at denne staden blei forlaten fordi det var altfor mykje snø der, og etter kvart som klimaet blei varmare, flytta fuglane seg til fjellområde lenger sør.

Dødens dal
Foto: Ewan Wakefield / Durham university

– Korfor ligg det så mange døde fuglar i området?

– Det korte svaret er at fuglane truleg døydde i løpet av mange hekkesesongar. Det er vanleg at ein liten prosentdel av vaksne fuglar, og ein større prosentdel av kyllingane, døyr i løpet av sesongen. Det kan blant anna ha samanheng med liten tilgang på mat.

Antarktispetrellen har også ein skummel fiende i desse fjellområda, nemleg sørjoen. Både vaksne fuglar og ungar kan måtte bøte med livet dersom den fuglen går til brutalt angrep.

– Det kan også vere andre årsaker, som tøffare verforhold som følgje av endringar i klimaet, men det blir rein spekulasjon, seier Wakefield.

Fuglekadaver i Dødens dal
Foto: Ewan Wakefield / Durham university

Han fortel at kroppane blir brotne ned veldig sakte på grunn av kulden i Antarktis, og gjennom åra har det berre blitt meir og meir død fugl her.

Og kaldt er det. Antarktis er det kaldaste kontinentet på jorda. Temperaturen kan krype ned mot minus 40 midtvinters (altså når det er sommar i Noreg).

– Du tok eit bilete der vi ser vi ser at det piplar ut olje i ein fjellsprekk. Er dette olje frå fuglane, etter så mange år?

– Ja, eg trur dette kjem frå fuglane. Det er merkeleg at oljen kjem ut frå fjellknausane, og eg har aldri sett noko liknande. Eg har inga god forklaring på det.

– Og denne dammen ... som er som ein seig masse ...

Oljedammen i Dødens dal
Foto: Eivind Molde / NRK

Oljedammen i Dødens dal, Svartgryta
Foto: Eivind Molde / NRK

– Det er jo vatn, men mest olje. Antarktispetrellane er svært feite, for at dei skal kunne halde varmen. Då dei døydde, begynte det å sive olje ut av kroppen, og ned i dammen. Dersom det er bakteriar der, så bryt dei ned oljen svært sakte. Det er utruleg å sjå.

Kart over Antarktis. Dronning Maud Land er uthevet. Området dekker ca 1/6 av Antarktis. Vi ser et norgeskart som får god plass inne i Dronning Maud Land. Svartgryta, et sted nord i Dronning Maud Land, er markert på kartet.
Grafikk: Eirik Kirkaune / NRK
Grafikk: Eirik Kirkaune / NRK

Svartgryta er altså namnet på denne staden. Og det er som ei gryte. Dammen, fjella som reiser seg mot himmelen, veggen av is på motsett side. Ein endelaus isbre bakanfor.

Mil etter mil gjennom Dronning Maud Land, som er nesten sju gonger større enn Noreg og utgjer ein seksdel av Antarktis.

Vi snur oss tilbake ein siste gong.

Det er ikkje ein lyd å høyre i «Dødens dal».