VIDEO FRÅ DET RUSSISKE FORSVARET

Wagner-gruppa har lenge ført krig i kulissane.

No har dei blitt sentrale på slagmarka i Ukraina.

VIDEO FRÅ DET RUSSISKE FORSVARET

Dei som gjer opprør, kan bli drepne med slegge.

VIDEO FRÅ DET RUSSISKE FORSVARET

Kvifor melder nokre seg inn likevel?

«Dei er kanonføde, og dei veit det»

«Dei er kanonføde, og dei veit det»

Russiske Andrej Medvedev, som kryssa grensa til Noreg sist veke, hevdar å ha vore lagførar i det som blir kalla for Putin sin hemmelege hær.

– Vi fekk idiotiske ordrar som kasta oss rett i kjøtkverna, mot stridsvogner med maskingevær, seier han i ein video som organisasjonen Gulagu.net har publisert.

Wagner-gruppa er kjend for å vere brutal, og for si viktige rolle i krigen i Ukraina.

Den har tidlegare operert i Afrika og Midtausten, og blir først og fremst brukt av den russiske staten for å terrorisere og spreie frykt, forklarar Sean McFate.

Han er tidlegare leigesoldat og no professor ved universitetet i Georgetown, Washington D.C.

Wagner-avhopper Andrej Medvedev

Andrej Medvedev hevdar at det russiske grensepolitiet skaut mot han medan han kryssa grensa til Noreg.

– Dette yrket trekker til seg tre forskjellige sortar menneske, seier McFate til NRK.

– Det trekker til seg desperate folk som har noko kjennskap til skytevåpen, eller i dette tilfellet ikkje, dersom dei har vore i fengsel. Det trekker til seg psykopatar som berre vil drepe folk, og det trekker nokon gongar til seg romantikarar, folk som vil på militær oppdagingsferd og har ein visjon av seg sjølv som ein superhelt i ein Hollywood-film.

McFate meiner at moralen til soldatane som no krigar for Wagner er låg eller ikkje-eksisterande. Samtidig føler dei seg fanga, seier han.

-

Jevgenij Nuzjin blei brutalt drepen av Wagner-gruppa etter ei fangeutlevering frå Ukraina.

Foto: WarLeaksUkraine.com

Dei som flyktar har mykje å tape. Fleire soldatar har ifølgje professoren skildra ein «signaturmåte» som gruppa drep opprørarar og avhopparar på – ved å knuse hovudet deira med slegge.

Eitt slikt tilfelle blei filma for to månader sidan. I november blei Wagner-avhopparen Jevgenij Nuzjin teipa til ei blokk og drepen på denne måten, av sine eigne medsoldatar.

Videoen av drapet blei lagt ut på ein Telegram-kanal som er kopla til Wagner.

– Ein hund sin død for ein hund, kommenterte Wagner-sjefen Jevgenij Prigozjin.

Eigaren av Wagner,-gruppa Jevgenij Prigozjin sammen med russiske soldater. Bildet skal være tatt inne i saltgruvene i den ukrainske byen Soledar.

Wagner-eigar Jevgenij Prigozjin kom med eit stikk til militæret etter at leigesoldatane i Wagner-gruppa skal ha teke Soledar.

Foto: Statskontrollerte russiske medier

– Ein flause for Moskva

– Det er ei gruppe som kan løyse dei vanskelegaste oppdrag, både på og utanfor slagmarka, seier Valerij Jarmolenko, ein russisk militæranalytikar NRK har snakka med.

Likevel er det tydeleg at gruppa har endra seg over tid, spesielt etter at Russland invaderte Ukraina.

Før var dei kjende som sofistikerte krigarar. Jarmolenko seier dei blei brukt som ein «offisiell reiskap» for dei russiske styresmaktene i utlandet.

Før nekta Russland for å ha noko med gruppa å gjere. I dag er koplinga mellom Kreml og Wagner ei dårleg skjult hemmelegheit.

Samtidig er krigarane også kjende for å vere mykje mindre erfarne enn før, og ofte henta frå russiske fengsel.

Valerij Jarmolenko er ein russisk militæranalytikar.

Valerij Jarmolenko er militæranalytikar i Russland.

Ifølge toppleiarar i dei britiske styresmaktene som BBC har snakka med, har talet på soldatar auka frå kring 1000 til nesten 20.000 i Ukraina.

Dette utgjer 10 prosent av russiske soldatar i felt, ifølge desse kjeldene.

– Dei gjekk frå å vere fallskjermjegerar som tidlegare var i spesialstyrkane og ein lett kunne flytte på, til det dei er i dag, som berre er å tømme fengsla og mate kanonane, seier Sean McFate.

Menneskerettsorganisasjonen Russland bak murane sa i november at 11.000 fangar i Russland hadde blitt rekrutterte av Wagner-gruppa, og at 7500 av desse kriga i Ukraina.

Kor mange som faktisk blir henta ut av fengsla, er det vanskeleg å sette tal på. Ifølge leiaren for Russland bak murane, Olga Romanova, sit fleire enn 500.000 menneske framleis inne i fengsela.

Ho seier desse er eit lett bytte for rekrutterarane.

– Straffekoloniane i Russland er dei mest forferdelege stadane i verda, seier Romanova.

– Eit kva som helst anna alternativ vil verke å vere betre.

Andrej Medvedev

Den russiske avhopparen som no er i Noreg, hevdar at han både har trent det russiske militæret og vore lagførar i Wagner-gruppa.

Foto: VK/Andrej Medvedev

Løysinga, som til no har heldt soldatane i rekke trass i den låge moralen, seier McFate er «rein og skjær terrorisering».

– Dei bryr seg eigentleg ikkje om folkeretten eller menneskerettane i det heile. Det dei bryr seg om er om dette eine individet inspirerer andre Wagner-gruppemedlem til å følge etter, seier han.

– Dette skapar ein politisk flause for Moskva og eit problem for styrken deira på slagmarka. Det kan hende dei vil prøve å finne han, prøve å drage han tilbake til Ukraina og ha ei offentleg avretting der med slegge.

Samtalar med Wagner-soldatar

Sean McFate hevdar å ha snakka med fleire av dei som har slost som Wagner-soldatar i løpet av dei siste to åra.

– Dei fleste av dei vil verkeleg ikkje vere der, men dei gjer det for pengane, eller fordi dei er i fengsel og får tilbod om ein mildare straff, fortel han.

– For det andre fryktar dei denne nye, brutale disiplinen inne i Wagner-gruppa. Dersom du ikkje følger ordre, drep dei deg ikkje berre eller stiller deg for krigsrett, men dei drep deg på ein spektakulær måte som minner folk om IS i Syria, der ein kappa av hovud og slikt.

Russia Ukraine

Wagner-senteret er kopla til leigesoldatgruppa med same namn.

Foto: AP

Den siste tida har avhopparar dukka opp fleire stader i Europa. Dei som flyktar til Ukraina, blir berre sende tilbake, ifølge McFate.

– Det ukrainarane gjer er å gi frå seg Wagner-soldatar til Russland i fangeutvekslingar først, sjølv om dei veit at desse fyrane blir drepne.

Sean McFate

Professor Sean McFate er ein tidlegare leigesoldat med erfaring frå Afrika.

– Dei er kanonføde, og dei veit det, men dei føler seg fanga. Nokre nyt det, men dei fleste gjer ikkje det. Mange er som dei som blir mobiliserte, til ei viss grad. Dei har likevel meir valfridom enn dei mobiliserte.

Militæranalytikar Jarmolenko seier at ein no kan rekne Wagner-gruppa som eit offisielt reiskap som dei russiske styresmaktene brukar i utlandet.

Private arméar er eigentleg forbodne i Russland. Likevel får Wagner halde fram, noko som blir tolka som at Putin framleis vernar om sin gamle «kokk», Jevgenij Prigozjin.

Prigozjin eig Wagner-gruppa, som blei grunnlagd av yrkesmilitære Dmitrij Utkin.

Ifølge gravenettstaden Bellingcat skal Utkin sin fascinasjon for nazityskland ha gitt han kalllenamnet Wagner, etter Hitler sin favorittkomponist.

Han har sjølv retta open kritikk mot leiarskapet i det russiske forsvarsdepartementet, som han skuldar for å vere korrupt og byråkratisk seindrektig.

-

Bygg og vegar sør i Soledar, før og etter kampane herja dei i vinter.

Foto: HANDOUT / AFP

Dette kan han berre seie fordi nokon i styresmaktene «har gitt han lov til det», ifølgje Jarmolenko.

Han meiner også at skiljet mellom Wagner-gruppa og forsvaret er i ferd med å «bli viska ut», fordi militæret og den private leigesoldatgruppa treng kvarandre.

– Eg trur at forsvaret har ammunisjon og våpen, sine eigne våpen, hos Wagner-gruppa, seier militæranalytikaren.

– Det er opplagt at dei blir brukt, elles ville det vore umogleg. Logistikken må vere felles.

Wagner + Kreml = rivalar?

Denne månaden dukka det opp ein video av soldatar som jubla og heldt opp Wagner-flagget frå eit bygg som skal vere i Soledar, Donetsk.

Videoen er delt av nyhetsbyrået AP, men sendt ut frå russiske styresmakter. Nyheitsbyrået har ikkje klart å bekrefte at soldatane blei filma på tida og staden som Russland hevdar.

Dersom påstanden stemmer, derimot, er videoen vesentleg.

Aldri før har Wagner-gruppa markert ein siger så synleg, og aldri før har Prigozjin følgt opp ein siger med eit stikk til dei konvensjonelle militærstyrkane. I videoen står han saman med ein soldat.

Prigozjin og Putin

Jevgenij Prigozjin og Vladimir Putin har hatt tette band i mange år.

Foto: Alexei Druzhinin / AP

– Eg kom hit for å dele ut medaljar til karane som tok Soledar. Denne mannen leia erobringa av Soledar. Han tok den på berre to veker, sa han i ein video sendt ut av Wagner-gruppa sin eigen presseteneste.

– Før det hadde det ikkje skjedd noko der på lenge.

Russiske styresmakter har på si side nekta for at det finst nokon konflikt mellom Wagner-gruppa og dei.

Peskov er talsmann i Kreml.

Talsmann i Kreml, Dmitrij Peskov, fekk pepar frå Wagner-eigaren då han ikkje anerkjente rolla deira i kampen om Soledar.

Foto: NATALIA KOLESNIKOVA / AFP

Det blei likevel lagt merke til at Putin sin talsmann ikkje nemnde Wagner-gruppa då han skulle kommentere kapringa av Soledar.

Sean McFate meiner at rivaliseringa har blitt fullstendig openberr.

– Soledar har teke opp ein maktkamp som lenge har vore i gjære inne i Kreml. Den står mellom dei på innsida, Siloviki-ane som styrer militæret og etterretninga og nasjonalt politi, og Prigozjin, dette svarte fåret som er ein oligark og har sin eigne private hær, sier McFate.

– Han er no veldig ambisiøs og ser kanskje til og med seg sjølv som ein etterkomar til Putin, eller i det minste som ei høgre hand. Dette skapar friksjon som no boblar over til overskrifter i internasjonal presse.

Putins "kokk" leder Wagnergruppen - et privat selskap med soldater som kriger i Ukraina. Han tjener mye penger på at krigen aldri tar slutt. Hvordan utnytter han Putins krig?

Se Urix-sendinga om Wagner-gruppa si rolle i krigen i Ukraina.