Will Smith avlyser filming i Georgia i protest

Hollywood-skodespelaren Will Smith avlyser planlagde filmopptak i Georgia i protest mot delstatens nye vallover som gjør det vanskelegare å stemme.

Will Smith og Antoine Fuqua

Hovudrolleinnehavar Will Smith og regissør Antoine Fuqua tar med seg filmen «Emancipation» til ein annan delstat i protest.

Foto: AP / NTB

Opptak til filmen «Emancipation» skulle starta i Georgia 21. juni, men blir no flytta til ein annan delstat.

Georgia har sidan 2008 gitt store skattekutt til filmprosjekt som gjer opptak, noko som har trekt mange store filmar og TV-seriar til delstaten. Trass i det flyttar Will Smith og regissør Antoine Fuqua no produksjonen, og dei kan få følgje av fleire, skriv Hollywood Reporter.

Slaveopprør

«Emancipation» handlar om slaven Whipped Peter (spelt av Smith) som rømmer frå ein plantasje i sørstatane under den amerikanske borgarkrigen og vervar seg til nordstatshæren.

Smith og Fuqua seier seg leie for at dei føler seg tvinga til å flytte filminga.

– I desse dagar, når nasjonen tar eit oppgjer med historia si, og forsøker å fjerne spor av institusjonalisert rasisme, og oppnå rasemessig rettferd, kan vi ikkje med godt samvit yte økonomisk støtte til ei delstatsregjering som innfører vallover som vil innskrenke veljarane sin tilgang til å stemme, uttaler dei to i ein felles fråsegn.

Dei nye vallovane i Georgia vart vedteke av det republikanske fleirtalet i delstatskongressen i mars.

Lovforslaget vart fremma etter at demokratane vann både presidentvalet og to senatorval etter rekordframmøte i vala i november og januar.

Nye krav til veljarar

Vallovene stiller fleire nye krav for å få lov til å stemme på førehand. Republikanarane viser til at den frie førehandsstemminga har overbelasta valmedarbeidarane og valsystemet. Dei meiner at vallova vil hindre juks og gjere valet sikrare.

Den 66 sider lange og detaljrike lova krev at veljarar som vil stemme på førehand, må oppgi ein lovleg grunn. Før var dette ikkje naudsynt.

Lova forkortar og tida veljarane har til å be om stemmesetel til poststemming og set strammare fristar for innlevering. Det vert og sett grenser for kor mange stader som mottaksboksar for førehandsstemmer kan plasserast, og når dei skal vere opne.

200.000 har ikkje foto-ID

Det vert og innført krav om foto-id for å avleggje førehandsstemme, noko som rammer fattige hardt. Over 200.000 innbyggjarar i Georgia er utan førarkort eller offisielle ID-kort med bilde. 25 prosent av svarte amerikanarar manglar slike kort, samanlikna med berre 8 prosent av kvite amerikanarar

Lova gjer det og ulovleg å dele ut mat og vatn til veljarar som ventar i kø for å få stemme. Dette vert rekna som ulovleg valpåverknad.

President Joe Biden har sagt at han meiner at lova er uakseptabel og minner om dei gamle raselovene.

SISTE NYTT

Siste nytt