Hopp til innhold

Vil ha direkte samtalar mellom Putin og Zelenskyj

Samtalane måndag mellom Russland og Ukraina er avslutta, utan store framsteg. No vil den ukrainske utanriksministeren ha samtalar mellom presidentane Putin og Zelenskyj.

Russiske og ukrainske delegasjoner møtes til forhandlinger i Hviterussland, mandag 7. mars.

Delegasjonane frå Ukraina og Russland møttest måndag for tredje gong i Kviterussland etter den russiske invasjonen.

Foto: POOL / BELTA

Utanriksminister Dmytro Kuleba seier at Vladimir Putin og Volodymyr Zelenskyj bør møtast fordi det er Putin personleg som sit med makta.

– Vi har lenge hatt eit ønskje om direkte samtalar mellom dei to presidentane, fordi vi alle veit at det er Putin som har siste ord, særleg no, sa Kuleba i ei TV-sending måndag.

Og han la til:

– Vår president er ikkje redd for noko, ei heller eit møte med Putin. Viss det same gjeld Putin, så la han komme til møtet, la dei to setje seg ned og snakke saman.

Ukrainas utenriksminister Dmytro Kuleba

Utanriksminister Dmytro Kuleba, Ukraina.

Foto: VALENTYN OGIRENKO / AFP

– Små, med positive steg

Utsendingar frå Russland og Ukraina møttest til nok ein runde med samtalar måndag. Rådgjevaren til den ukrainske presidenten, Mykhailo Podoljak seier at samtalane har teke små, men positive steg rundt logistikken til «humanitære korridorar». Han var ein av dei som deltok i forhandlingane på ukrainsk side.

Men det blei ikkje gjort større framsteg i forsøket på å finne ei løysing på konflikten, ifølgje Podoljak.

Han sa samtalane hadde vore intense, og at forhandlingane om ei våpenkvile i Ukraina skal halde fram.

Les også NRK svarer: Spør oss om krigen mellom Russland og Ukraina

Skal møtast igjen

Den russiske forhandlaren, Vladimir Medinskij seier, ifølge Reuters, det er for tidleg å snakke om positive framsteg.

– Forventningane våre blei ikkje innfridde. Vi håpar at vi kan ta større og viktigare steg neste gong, sa han.

Men delegasjonane frå Ukraina og Russland skal snart møtast på nytt for å halde fram samtalane, seier Leonid Slutskij i den russiske forhandlingsdelegasjonen til russisk TV.

– Men vi kan ikkje rekne med at vi kjem fram til eit endeleg resultat i neste runde, seier han.

Det blir det fjerde møtet mellom dei to landa etter den russiske invasjonen av Ukraina.

Les også Norske Aleksander kjørte til grensa for å hjelpe: – Viktig å sjekke hva det egentlig er behov for

Aleksander Johansen fra Oslo hjelper flyktninger på grensa til Ukraina.

«Humanitære korridorar»

I den førre forhandlingsrunden sist veke blei Ukraina og Russland samde om mellombelse våpenkviler for å kunne evakuere sivile gjennom såkalla «humanitære korridorar».

Måndag avslo Ukraina eit russisk forslag om at sivile frå frie ukrainske byar skulle fraktast til Russland og Kviterussland.

Den ukrainske visestatsministeren Iryna Vereshchuk sa det russiske forslaget ikkje var eit akseptabelt forslag.

– Ukrainske sivile skal ikkje reise til Kviterussland, og deretter flyge til Russland, sa ho, ifølge Reuters.

Samtalane i Kviterussland måndag varte i rundt fire timar.

SISTE NYTT

Siste nytt

Kraftige sammenstøt på universitet i California

Proisraelske og propalestinske studenter gikk natt til onsdag løs på hverandre på universitetsområdet til UCLA. Demonstrasjonene er på kokepunktet i 25 amerikanske byer.

Politiet gjekk inn på universitet med store styrkar

Samstundes som demonstrantane vart arresterte av politiet, vart dei heia fram av unge palestinarar på Gazastripa.