Hopp til innhold

Valls: – Ja, eg stiller

Frankrikes statsminister Manuel Valls tok i kveld bladet frå munnen; han stiller som kandidat i vårens presidentval, og trekkjer seg samstundes som leiar for landets regjering.

FRANCE-POLITICS-PARTIES-PS

KUNNGJORDE OMSIDER: Manuel Valls annonserte måndag kveld at han stiller som kandidat til presidentvalet i 2017. Valls er kjend som ein næringslivsvennleg kandidat, og har bl.a. vore for å skrote den mykje omtala 35-timars arbeidsveka.

Foto: BERTRAND GUAY / Afp

– Eg vil gi alt, gi alt for Frankrike som har gitt meg så mykje, sa Valls då han kom med kunngjeringa i Paris-forstaden Evry måndag kveld, der han tidlegare har vore borgarmeister.

Det har lenge vore venta at Valls ville stille som kandidat for Sosialistpartiet, men det var først etter at noverande president François Hollande før helga annonserte at han ikkje stiller til attval at det blei fritt fram for 41-åringen, som ikkje har lagd skjul på sine ambisjonar.

Det betyr at Hollande atter ein gong må utnemne ein statsminister – sist var 31. mars 2014, då Valls overtok etter noverande utanriksminister Jean-Marc Ayrault.

Ein kandidat på høgresida i partiet

Valls høyrer til høgresida i paritet, og har innteke ei tøff linje når det gjeld tryggleik og innvandring. Han var bl.a. for å ta frå terrordømte statsborgarskapet, eit forslag Hollande i sin tale torsdag nemnde som det einaste forslaget han verkeleg angrar på i løpet av si tid som president. Valls har også vore ein forkjempar for det såkalla burkiniforbodet, då denne debatten blussa opp i sommar.

Sjølv om han er noko meir populær enn sjefen med hans rekordlåge oppslutning, er mange i partiet misnøgde med korleis regjeringa har prøvd å løyse den økonomiske krisa i landet – ikkje minst har forslaget til ny arbeidslivsreform vekt mykje motstand.

France Election

DÅ DEI FRAMLEIS VAR EIT LAG: President Hollande, statsminister Valls og dåverande økonomiminister Emmanuel Macron i februar 2015. Sistnemnde forlét regjeringa i august for å starte si eiga rørsle. Han stiller også som kandidat til presidentvalet.

Foto: Remy de la Mauviniere / Ap

Ifølge Le Monde brukte Valls i kveld anledninga til å moderere det inntrykket av han som ein kandidat godt til høgre innanfor sosialistpartiet, og kalla seg ein forsvarar av dei svake i samfunnet.

Valls seier at han vil prøve å føre partiet saman, og gav samtidig eit stikk til Emmanuel Macron som har forlate partiet for å stille som kandidat for ei eiga røsle, En Marche! Likevel vil han møte sterk motstand frå fleire partikollegaer i januar, nokre av dei også tidlegare regjeringsmedlemmer.

Vil kjempe mot «ekstremhøgre»

Og sjølv om Valls skulle gå sigrande ut av primærvalet til sosialistpartiet, er det framleis venta at han vil tape i første runde av presidentvalet i slutten av april, mot høgrepopulistiske Marine Le Pen og konservative François Fillon.

– No har vi ein gyllen moglegheit til å samle oss, alle franskmenn som ikkje vil ha ekstreme høgre, som ikkje vil ha den sosiale tilbakegangen som Fillon står for, sa Valls om sin svært liberale motstandar, i økonomisk forstand.

Men før han eventuell møter både Fillon og Le Pen må han slå ut opp mot eit titals motkandidatar frå eige parti i primærvalet som går av stabelen 22. og 29. januar.

SISTE NYTT

Siste nytt