Hopp til innhold

Vaksineutviklar trur livet er tilbake til normalen neste vinter

Verknaden av koronavaksinane vil for alvor slå inn over sommaren, seier ein av dei som har vore med å utvikle ei av vaksinane til BBC. Han trur at livet vil vere tilbake til normalen til neste vinter.

Professor Ugur Sahin i BioNTech

Professor Ugur Sahin i selskapet BioNTech har vore med å utvikle ei av koronavaksinane. Han trur det vil føre til ein kraftig reduksjon av pandemien.

Foto: FABIAN BIMMER / Reuters

Koronavaksinen som er utvikla av Pfizer og BioNTech ligg an til å bli ei av dei første som blir godkjent. Ifølge selskapa skal vaksinen vere 90 prosent effektiv i å hindre covid-19-infeksjonar.

Ein av grunnleggarane av BioNTech, professor Ugur Sahin, seier til BBC at vaksinen ville føre til ein dramatisk reduksjon av smittetilfelle.

– Eg er sikker på at overføringa mellom menneske kjem til å gå kraftig ned med den nye vaksinen. Kanskje ikkje med 90 prosent, men kanskje 50 prosent. Men vi skal ikkje gløyme at også det vil føre til ein dramatisk reduksjon av pandemien, seier han.

Venter på godkjenning

Vaksinen har vist gode resultat, og ventar no på godkjenning. Når det er i boks, vil han bli tilgjengeleg i EU. Noreg får sine vaksinar gjennom eit samarbeid med EU.

I tillegg til vaksinen til Pfizer og BioNTech, er det også venta at vaksinen AstraZeneca har utvikla saman med Universitetet i Oxford skal vere klar før jul.

Testing av vaksiner hos Pfizer

Ein teknikar hos Pfizer undersøker vaksinen dei har vore med å utvikle.

Foto: PFIZER / Reuters

Professor sir John Bell ved Universitetet i Oxford sa til BBC denne veka at han var optimist, og trudde vi kunne vere tilbake til normalen allereie til våren.

– Eg er kanskje den første som seier dette, men eg er ganske trygg på at det blir slik.

Trur på neste vinter

Men professor Sahin meiner vi bør vere budde på at det kan ta litt lenger tid. Dei første dosane kan vere klare til å settast like før jul eller rett over nyttår.

Han trur at massevaksinasjonane kan starte i april. Då skal Pfizer og BioNTech ha klare over 300 millionar dosar på verdsbasis.

Men dei største verknaden kjem først litt seinare i 2021, trur Sahin.

– Sommaren kjem til å bli viktig for oss fordi smitteraten går ned då. Og det er viktig for at vi skal få sett vaksinane før hausten og vinteren neste år.

Han seier det er viktig at alle vaksineprogramma er ferdige før hausten, slik at vi kan få eit normalt liv til neste vinter.

SISTE NYTT

Siste nytt