Hopp til innhold

Amerikansk marinefartøy berga kapra iranske fiskarar

Soldatar frå det amerikanske hangarskipet «John C. Stennis» har sett fri 13 iranske fiskarar, som var tekne til fange av somaliske piratar i Det arabiske hav.

Video USAs marine berget iranske fiskere

VIDEO: Sjå videoen frå den amerikanske marinen.

Ein talsmann for Pentagon, kaptein John Kirby, seier at dei 13 iranarane og skipet deira, ein dhow, er på veg tilbake til Iran. Samstundes har mannskap frå det amerikanske hangarskipet teke til fange 15 somaliske piratar. Dei er no om bord på hangarskipet, opplyser Kirby.

Den kapra fiskebåten og destroyeren USS "Kidd".

Det var mannskap frå USS 'Kidd' som berga dei iranske fiskarane.

Foto: HO / Afp

Nyheitsbyrået Ap melder at det iranske fartøyet har vore under kaprarane sin kommando i over 40 dagar, og at piratane brukte fiskebåten som «morskip» under sine piratoperajonar i Persiabukta.

Fanga opp naudsignal

Destroyeren USS «Kidd» fanga opp naudsignal frå ein iransk fiskebåt. Ei gruppe marinesoldatar gjekk om bord i fiskebåten, ein tradisjonell dhow, og sette fri det iranske mannskapet på 15 og pågreip 15 mistenkte piratar, heiter det i ei fråsegn frå the Fifth Fleet, USAs femte flåtestyrke.

Video Iranske fiskere berget av amerikanske soldater

VIDEO: Sjå innslaget frå Kveldsnytt

«John C. Stennis» er det same hangarskipet som nyleg var i Persiabukta, og som iranske styresmakter har frårådd å kome tilbake. Iran har nyleg halde ei stor marineøving ved Hormuzsundet i Persiabukta, og landet har trua med trua med å stengje sundet for all skipstrafikk om det blir sett i verk ein internasjonal blokade av iransk olje.

Amerikansk lettbåt ved den kapra iranske fiskebåten.

Ein amerikansk lettbåt på veg mot den kapra iranske fiskebåten.

Foto: HO / Afp

LES OGSÅ: Iran kan skape problemer for USA i Afghanistan

LES OGSÅ: Russland avviser at Iran har langdistanseraketter

Ordkrig mellom USA og Iran

Det har den siste tida vore ein hard ordkrig mellom USA og Iran. Bakgrunnen er at USA og andre vestlege land er sikre på at Iran er i ferd med å utvikle atomvåpen. Iran avviser påstandane, og seier at atomprogrammet deira berre er til sivile føremål.

I dag vart det klart at Iran planlegg ny marineøving i Persiabukta, og at denne øvinga vil bli fullstendig ulik tidlegare øvingar.

Somaliske piratar har kapra fleire skip i Det arabiske hav for å krevje løysepengar for å setje skip og mannskap fri.

LES OGSÅ: Frykter at oljeprisen fyker til værs

LES OGSÅ: – Iran testet langdistanseraketter

USS John C. Stennis i Hormuzstredet

Dei somaliske kaprarane er no om bord i hangarskipet USS «John C. Stennis».

Foto: Reuters

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE NYTT

Siste nytt