Hopp til innhold

USA stengjer grensene for Huawei-tilsette

USA innfører innreiserestriksjonar for tilsette i den kinesiske telegiganten Huawei og andre som USA meiner støtter brot på menneskerettane.

Mike Pompeo foran Huawei-logo

Utanriksminister Mike Pompeo seier USA innfører reiserestriksjonar for tilsette i den kinesiske teknologigiganten Huawei og andre selskap som USA meiner støtter menneskerettsbrot i autoritære land.

Foto: Andrew Harnik / AP / NTB Scanpix

Restriksjonane rettar seg mellom anna mot brot på menneskerettane i Xinjiang-provinsen, der Kina vert skulda for å undertrykkje uigurar og andre muslimske grupper, opplyser utanriksminister Mike Pompeo.

– Selskap som blir ramma av denne avgjerda inkluderer Huawei, som er ein forlengd arm det kinesiske overvakingssamfunnet, som sensurerer politiske dissidentar og gjer interneringsleirar i Xinjiang mogeleg, sa han på ein pressekonferanse onsdag.

Kommunistar kan bli nekta innreise

USA vurderer òg innreiseforbod for medlemmer av det kinesiske kommunistpartiet, melder New York Times. Dette er ifølgje avisa til vurdering i Trump-regjeringa.

Forbodet som blir vurdert, skal vere basert på dei same vedtektene i immigrasjonslova som vart brukte då USA i 2017 innførte eit innreiseforbod for utvalde land med hovudsakleg muslimsk befolkning.

Kan bli kasta ut

Utkastet til presidentordren opnar òg for å trekkje tilbake visumet for medlemmer av kommunistpartiet og familiemedlemmene deira som allereie har opphald i USA. Det vil i så fall bety at dei blir kasta ut av landet.

Det blir òg foreslått innreiseforbod for medlemmer av det kinesiske forsvaret og leiarar i statseigde selskap, sjølv om mange av desse sannsynlegvis òg er partimedlem.

Detaljane i presidentordren er ikkje ferdigstilte. President Donald Trump kan velje å forkaste han, skriv avisa.

Pompeo åtvare fleire selskap

– Utvalde Huawei-tilsette støttar det kinesiske kommunistpartiet, som gjer seg skuldig i menneskerettsbrot. Telekommunikasjonsselskap verda over bør notere seg dette: Dersom dei handlar med Huawei, handlar dei med menneskerettsforbrytarar, sa Pompeo vidare.

Huawei seier i ei fråsegn at selskapet er skuffa over avgjerda og kallar ho urettvis.

– Huawei opererer uavhengig av den kinesiske regjeringa. Vi er eit privat selskap eigd av våre tilsette. Vi er skuffa over denne urettvise og vilkårlege behandlinga som nektar våre tilsette visum. Dei jobbar utrøytteleg for å bidra til teknologisk innovasjon i USA og resten av verda, heiter det i fråsegna.

Ser nærare på TikTok

Pompeo sa òg at Trump-regjeringa skal sjå nærare på korleis USA kan redusere informasjonen som blir henta inn via den populære kinesiske videoappen TikTok.

USA har tidlegare vurdert å forby appen, men dette vart ikkje stadfesta av Pompeo onsdag.

Kunngjeringa kom dagen etter at den britiske regjeringa sa at den vil forby Huawei å ta del i bygginga av 5G-nettverket i Storbritannia. Årsaka er uro for at sensitive data skal komme på avvege og misbrukast av kinesiske styresmakter.

SISTE NYTT

Siste nytt