Hopp til innhold

USA forsvarer flyåtak som drap sivile i Syria

Det amerikanske militæret kallar eit flyåtak i Syria der sivile kvinner og barn vart drepne, for «legitimt».

Dette bildet er tatt 19. mars og viser artilleriangrep mot den IS-kontrollerte delen av Baghouz.

Bildet viser åtak på landsbyen Baghouz i Syria 19. mars 2019.

Foto: Stringer . / REUTERS

Storavisa The New York Times skriv at ein amerikansk spesialstyrke i Syria slapp tre bomber over ei gruppe sivile i nærleiken av IS-bastionen Baghouz 19. mars 2019. 70 personar vart drepne i angrepet, hovudsakleg kvinner og barn.

Ein jussekspert skal ha flagga angrepet som eit mogleg krigsbrotsverk, men militæret tok fleire gonger grep for å skjule hendinga, skriv avisa. Dei meiner det er ei historie om gjentatt underrapportering og manglande gransking av sivile tap i samband med «krigen mot terror».

An F-15E Strike Eagle receives fuel from a 100th Air Refueling Wing KC-135 Stratotanker during an aerial refuelling mission over the Atlantic Ocean

Eit F15E Strike Eagle-fly får drivstoff i lufta over Atlanterhavet. Det var eit eller fleire slike jagarfly som bomba Baghouz i 2019.

Foto: HANDOUT / Reuters

Centcom: Legitimt og proporsjonalt

USA sin sentralkommando Centcom forsvarer åtaket og viser til ei gransking som dei meiner tyder på at det var «legitimt sjølvforsvar» og «proporsjonalt».

Dei hevdar og at «passande grep» vart tatt for å hindre sivile tap.

Granskinga skal ha blitt sett i verk etter at ein militær rapport konkluderte med at det truleg hadde vore sivile dødsfall. Den slo fast at minst fire sivile vart drepne og åtte skadde, i tillegg til dei 16 IS-krigarane som vart drepne.

– Vi har sjølv innrapportert og granska åtaket etter våre eigne bevis, og vi tek fullt ansvar for det utilsikta tapet av liv, seier Centcom-talsperson Bill Urban.

Ifølgje han var det gjennom granskinga ikkje mogleg å fastslå statusen til meir enn 60 andre som døydde i åtaket.

Han legg til at nokre kvinner og barn «anten gjennom indoktrinering eller eige val, valde å gripe til våpen, og dermed strengt tatt ikkje kan klassifiserast som sivile».

President Donald Trump viser frem et kart over Syria.

STOLT: Dåverande president Donald Trump held fram eit kart 22. mars 2019, som viser at IS ikkje lenger kontrollerer nokre område i Syria.

Foto: Carolyn Kaster / AP

Skulle verne sivile

Den kurdisk-leidde militsen SDF og deira allierte i den USA-leidde internasjonale koalisjonen erklærte at IS var nedkjempa 23. mars 2019, etter at jihadistgruppa hadde mist høgborga si aust i Syria.

Ifølgje The New York Times vart angrepet utført på førespurnad frå SDF, sjølv om det var sivile i området, og i strid med retningsliner som er innførte for å verne dei.

Alle bombeåtak skulle ha komme først etter grundige undersøkingar, som nokre gonger tok fleire dagar og veker. Men over tid byrja enkelte tenestepersonar med oppsynsansvar å mistenkte at spesialstyrken systematisk omgjekk tryggingsordningane som var meinte få avgrense sivile tap, skriv avisa.

Baghouz ligg heilt aust i Syria og var på slutten høgborga til IS.

SISTE NYTT

Siste nytt