Hopp til innhold

Unike klimadata frå Polhavet redda etter kamp mot klokka

For første gong på 25 år skal forskarane få heilt nye svar om temperaturen i Polhavet. Men det var så vidt dei rakk å hente opp måleutstyret frå havet før isen ville gjort det umogleg. Det har vore ein kamp mot klokka, kulden og isen.

Hanne Sagen, forskingsleiar på Nansensenteret og prosjektleiar for Caatex.

– Eg er letta, seier toktleiar Hanne Sagen, om bord på KV Svalbard i Polhavet.

Foto: Kystvakta

CO₂ i atmosfæren
426,9 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Det handlar om batteri som er i ferd med å gå ut. Batteri som held liv i avanserte instrument som har vore senka langt ned i havet.

Dersom ikkje instrumenta hadde blitt henta opp på denne sida av vinteren, ville batteria mest sannsynleg gått tomme, og data gått tapt. Data som kan bli ei gullgruve for klimaforskarane.

Den norske kystvakta har no fullført ein heilt spesiell «redningsaksjon» i Beauforthavet, den delen av Polhavet som ligg nord for Alaska og Canada.

Dykkar Andreas Soløy på veg ned i Beauforthavet for å leite etter forskingsrigg.

Dykkar Andreas Soløy på veg ned i havet for å leite etter den siste forskingsriggen.

Foto: Kystvakta

– Dagens helt i Beauforthavet

– Det har vore eit hektisk halvanna døgn. Den siste forskingsriggen viste seg å vere krevjande å få opp i svært tett is. Besetninga og forskarane har jobba på spreng for å finne ei løysning på korleis vi skulle klare å finne riggen under isen, seier skipssjef på KV Svalbard, Geir-Martin Leinebø.

Skipssjef på KV Svalbard, Geir-Martin Leinebø.

Skipssjef på KV Svalbard, Geir-Martin Leinebø.

Foto: Kystvakta

Det blei brukt både skredsøkjar og akustisk posisjonering for å finne toppen på riggen. Til slutt greidde den erfarne dykkaren Andreas Soløy å lokalisere riggen under tjukk is.

– Då dykkaren gav beskjed om at han kunne sjå forskingsinstrumenta, blei vi utruleg letta. Vi hadde då halde på i over eit døgn med posisjonering og leiting. Rundt midnatt kunne vi starte prosessen med å få alt av instrument om bord. Det er liten tvil om at Andreas Soløy var dagens helt i Beauforthavet, seier Leinebø.

Klokka seks onsdag morgon var alle instrumenta henta opp.

– Eg er veldig imponert. Dette er ein avgjerande rigg for forskingsprosjektet, så det ville ha redusert prosjektet betrakteleg om vi ikkje hadde fått den opp. Så dette er ein fantastisk dag for alle forskarane, seier toktleiar Hanne Sagen frå Nansensenteret.

Bøya som er festa til den siste riggen på veg opp frå havet.

Bøya som er festa til den siste riggen blir heist opp frå havet. Under isen er resten av instrumenta på veg opp.

Foto: Kystvakta

Måler temperaturen med lyd

At det blir mindre is i Arktis, er godt dokumentert. Forskarane veit langt mindre om situasjonen nede i havet under isen. Men no er viktige og nye svar bokstaveleg talt henta opp gjennom isen i Polhavet. Og på veg til analyse i Noreg og USA.

Nansensenteret i Bergen, Scripps Institution of Oceanography i San Diego, USA og fleire andre forskingsinstitusjonar samarbeider om forskingsprosjektet CAATEX.

Målet med prosjektet er – for første gong på 25 år – å måle temperaturen på tvers av Polhavet ved hjelp av lyd. Dette er langt meir omfattande målingar enn det som er vanleg.

Dermed vil forskarane snart få heilt ny kunnskap om temperaturendringane i desse enorme havområda.

Her blir den første riggen heist opp. Det var mindre is der enn i området der siste rigg blei henta. Video: Kystvakta

Lyd går raskare i varmt vatn

I fjor blei det utplassert riggar med måleinstrument i havet nord for Svalbard og nord for Alaska. Riggane gjekk 4000 meter ned, heilt til botnen av Polhavet.

Mellom desse riggane er det i nesten eit heilt år sendt lydsignal gjennom vatnet, signal som sensorane på den andre sida av havet har fanga opp.

Den størte avstanden mellom riggane har vore 2566 kilometer. Lyden bruker 29 minutt frå den eine sida av havet til den andre.

Lyden går fortare i varmt enn i kaldt vatn. På den måten kan lyden avsløre havtemperaturen.

– Dersom du har ein temperaturauke i vatnet på ein grad, så aukar lydfarten med ca. 4,5 meter pr. sekund. Når vi måler kor lang tid lyden bruker tvers over Polhavet, kan vi rekne ut korleis temperaturen i havet har endra seg, seier Sagen, som er forskingsleiar på Nansensenteret og prosjektleiar for CAATEX.

Lydbølgjer tvers gjennom Polhavet.

Lydbølgjer i havet skal gi forskarane heilt ny informasjon om temperaturen i Polhavet.

Foto: Nansensenteret

Må ha nøyaktige klokker

Men skal resultata bli korrekte, er det avgjerande at alle instrumenta fungerer, og ikkje minst at klokkene er nøyaktige.

Sagen fortel at instrumenta har to klokker. Den eine klokka, som ikkje er heilt nøyaktig, går kontinuerleg. Den andre, og heilt nøyaktige klokka slår seg på ein gong i døgnet.

– Når denne klokka først slår seg på, bruker ho mykje straum, og batteria går til slutt tomme, seier Sagen.

Matthew Dzieciuch frå Scripps Institution of Oceanography og Hanne Sagen frå Nansensenteret på tokt i Polhavet

Matthew Dzieciuch frå Scripps Institution of Oceanography og Hanne Sagen frå Nansensenteret på tokt i Polhavet. No er dei spente på resultatet av det omfattande forskingsprosjektet dei leier.

Foto: Kystvakta

– Heile prosjektet var i fare

Riggane nord for Svalbard blei henta opp tidlegare i år. Det gjekk fint. Men då amerikanarane skulle hente opp riggane som var sette ut i havet utanfor Alaska, fekk dei eit alvorleg problem. Det oppstod brann om bord i USCG Healy, og skipet måtte snu.

– Situasjonen var kritisk. Heile prosjektet var i fare. Det var avgjerande å få henta opp riggane i løpet av dette året, sidan batteria truleg ville gå ut tidleg neste år, seier Matthew Dzieciuch, som er prosjektansvarleg i Scripps Institution of Oceanography.

Det måtte skje før isen gjorde det umogeleg å komme fram til området der dei var utplasserte. Her galdt det å handle raskt.

Polhavet, der det er sendt lydbølgjer som ein del av Caatex-prosjektet.

Lydbølgjene er blitt sende tvers gjennom Polhavet. Lyden bruker 29 minutt frå den eine sida av havet til den andre.

Foto: NRK

– Ei gåve frå himmelen

– Då vi fekk vite at den norske Kystvakta var villige til å hjelpe, var det som ei gåve frå himmelen. Dette såg ut til å vere den einaste måten å redde riggane på, seier Dzieciuch.

Og no står han på dekk på KV Svalbard, saman med Hanne Sagen frå Nansensenteret, og ser tjukk is ut over Beauforthavet. Men den kraftige isbrytaren har greidd å presse seg fram til riktig posisjon.

Begge er takksame for at Kystvakta kunne stille opp på kort varsel.

– Dette er veldig spesielt å vere her, eg er verkeleg langt borte frå San Diego no. Men sjølv om det er tøffe forhold, kjenner vi oss trygge. Kapteinen og mannskapet er svært kompetente og imøtekommande. Vi arbeider saman for eit felles mål.

To riggar er blei henta opp før helga. No er også den siste berga.

Den første riggen er heist opp frå havet ved hjelp av mannskapet på KV Svalbard.

Den første riggen blir heist opp frå havet.

Foto: Kystvakta

– Frykta det verste

– Eg var svært letta då eg såg den første riggen komme opp frå havet. Veldig mykje måtte klaffe for at vi skulle komme til dette punktet. Fram til riggen var trygt på dekk, var det all grunn til å frykte det verste, seier Dzieciuch.

Også kollega Hanne Sagen var letta då ho såg det første flyteelementet komme til syne mellom isflaka.

– Det er ei fantastisk kjensle å kunne sjå alle instrumenta på dekk. I tillegg til lydkjelda, handterer vi rundt 70 andre instrument som er festa til ein lang vaier. Heile arbeidsoperasjonen på dekk tar sju-åtte timar, dersom det ikkje oppstår uventa problem, fortel Sagen.

Den første riggen er henta opp frå Beauforthavet, og trygt inne på dekk på KV Svalbard.

Den første riggen er henta opp frå Beauforthavet, og er trygt inne på dekk på KV Svalbard.

Foto: Kystvakta

Spenning heilt til det siste

Men spenninga er ikkje heilt over.

– Er det liv i batteria? Har alt fungert som det skal?

– Hovudinstrumenta i dei to første riggane, ser ut til å ha verka gjennom heile året. Instrumenta sender ut sine programmerte signal til riktig tidspunkt på dekk. Det tyder at batteria framleis verkar!

Sagen fortel onsdag ettermiddag at kollegaen hennar, Espen Storheim, nettopp har sjekka instrumenta i den tredje og siste riggen. Også der er det signal. Dermed tyder alt på at klokkene har fungert som dei skulle også her.

Men først seinare skal forskarane analysere dei store datamengdene i detalj.

– Det blir spennande å sjå om vi finn alle signala som er sende frå kjelda på den andre sida av Polhavet!

På veg heim

No startar turen tilbake til Longyearbyen. Forholda i desse havområda kan vere vanskelege så seint på året.

– Vi har aldri hatt oppdrag så langt borte frå norske farvatn før. Det er mørkt nesten heile døgnet, vêret er dårleg og det er mykje is. Temperaturen ligg på minus 20–30 grader. Det er langt til næraste fartøy, og til land, for få hjelp dersom noko skulle skje. Men vi er vande med utfordringar, seier skipssjef Geir-Martin Leinebø.

Dei tre riggane som blir henta opp, ligg i islagde område i Beauforthavet nord for Alaska.

Dei tre riggane som er henta opp, låg i islagde område i Beauforthavet nord for Alaska.

Foto: Kystvakta

Han studerer nøye satellittbilete og iskart frå Istenesta i Tromsø.

– Vi får også gode vurderingar frå Kystverket i Ålesund. Vi er litt bak skjema og det er uvisst om vi klarer å ta dette igjen. Det er isforholda i Laptevhavet og Austsibirhavet som vil avgjere det, seier Leinebø.

Feirar med komle

Han ser også at det kjem eit kraftig lågtrykk som mest sannsynleg vil forseinke ein del.

– Å avbryte oppdraget var et reelt alternativ som vi heldigvis slapp å nytte oss av. Vi må kjøre på for å komme oss vestover dag for dag. Det er ei betre kjensle å komme heim forseinka ned tre riggar på dekk enn å komme med to, og i samsvar med planen.

Men han satsar på å vere i Longyearbyen 25. november, som planlagt.

– I dag feirar vi dagen om bord med komle til middag, og det er vel og sjanse for ein liten middagsstrekk, seier Leinebø.

Unike data for klimaforskinga

Matthew Dzieciuch og Hanne Sagen ser fram til å kunne analysere nye data frå Polhavet.

– Andre temperaturmålingar viser status på dei punkta og på det tidspunktet målingane blei gjennomførte. Vi har målt på tvers av Polhavet gjennom eit heilt år, og vil kunne korrigere dei estimata som er laga fram til no. Vi har også målt temperaturen meir enn 1000 meter ned i Polhavet, der det finst lite data frå før, seier Dzieciuch.

Hanne Sagen er spent på resultatet.

– Vi måler temperaturen på tvers av heile Polhavet, og det er ikkje gjort på 25 år, så eg vil jo kalle dette for eit veldig unikt prosjekt. I tillegg til temperaturmålingane, inneheld riggane ei rekkje andre målingar som vi gi oss viktig informasjon om havet under isen.

Dei seks riggane som er henta opp frå havet, nord for Svalbard og i Beauforthavet, har til saman 375 instrument.

Det er eit omfattande analysearbeid som ventar.

.

Planlagd seglingsrute for KV Svalbard under Caatex-toktet til Beauforthavet i oktober/november 2020.

Planlagd seglingsrute frå Svalbard til Beauforthavet og tilbake.

Grafikk: Kystvakta

SISTE NYTT

Siste nytt