NRK Meny
Normal

Ny rapport: Liten grunn til å frykta hestekjøt

Faren for å bli sjuk av å eta hestekjøt med spor av dyremedisinen fenylbutazon er mikroskopisk, slår mattryggingsorganet og legemiddelverket i EU fast i ein fersk rapport.

Kjøtt-undersøkelser i Frankrike

Mattryggings-organ i europeiske land har skjerpa inn kontrollane kraftig etter ei lang rekkje funn av umerkt hestekjøt i menneskemat. Det er også funne spor av den potensielt farlege hestemedisinen fenylbutazon i matkjeda.

Foto: SEBASTIEN BOZON / Afp

Mattryggingsorganet EFSA og legemiddelverket EMA fekk i oppdrag frå EU-kommisjonen å gjennomføra ei risikovurdering etter at det i vår har blitt avdekt ei lang rekkje tilfelle av umerkt hestekjøt i ferdigmat - også på den norske marknaden.

No er konklusjonen klar: forbrukarane har liten grunn til å engsta seg over helsa si ved inntak av hestekjøt.

Forsvinnande få blir sjuke

Førekomsten av det sterkt betennelsesdempande medikamentet fenylbutazon i hestekjøt er låg, og det er lite sannsynleg at kroppen reagerer på stoffet dersom ein skulle få det i seg, ifølgje rapporten som blei overlevert til EU-kommisjonen måndag.

Det er tidlegare dokumentert at det betennelsesdempande middelet i sjeldne tilfelle kan føra til alvorleg blodsjukdom (aplastisk anemi) hjå menneske som får det i seg.

Sannsynet for at ein predisponert person et hestekjøt med medisinen og utviklar ein slik blodsjukdom er likevel forsvinnane liten: det skjer truleg så sjeldan som i mellom to av ein trillion og ein av 100 millionar tilfelle, opplyser EFSA og EMA.

Framleis ulovleg

Seniorrådgiver og veterinær Cathrine Svindland i Mattilsynet.

Mattilsynet utfører ikkje eigne risikovurderingar for fenylbutazon, men baserer seg på vurderingane til EU og EFTA, opplyser seniorrådgjevar Catherine Svindland.

Foto: Birgitte Wold Ingebretsen / NRK

Mattilsynet utfører ikkje eigne risikovurderingar for fenylbutazon, men baserer seg på vurderingane til EU og EFTA.

– Mer er glade for at risikoen for å bli sjuk er liten, men det endrar ikkje Mattilsynet sitt fokus på å hindra svindel og bruk av medisinerte dyr i maten, seier senorrådjevar i Mattilsynet Catherine Signe Svindland til NRK.

– Hestekjøtsaka i Europa og Noreg er svært alvorleg. Særleg er det problematisk at kjøtet ikkje er sporbart, legg Svindland til.

Fenylbutason blei sist evaluert av EU sitt legemiddelverk i 1997, som den gong innførte forbodet mot medikamentet i menneskemat.

Trass i at dei no går langt i å avkrefta helsefaren ved fenylbutason, meiner EU-organa at forbodet mot å bruka kjøt med fenylbutazon til produksjon av menneskemat, bør bli ståande.

Dei har enda ikkje lukkast med å slå fast eit nivå av fenylbutazon som er garantert trygt for menneske.

Kreft og DNA-skade er usannsynleg

Faggruppa kan ikkje utelukka at medisinen er skadeleg for menneske-DNA, men konkluderer med at det er usannsynleg. Det er heller ikkje grunn til å vera uroa over at medisinrestane skal kunne framkalla kreft.

Den nye risikovurderinga inneheld også rekkje tilrådingar for å ytterlegare redusera risikoen for at dyremedisinene kjem inn i matkjeda - betre sporingsmetodar, overvaking og rapportering.

Rapporten vil utgjera ein del av EU-kommisjonen sitt avgjerdsgrunnlag i den vidare handsaminga av hestekjøt-saka.

Svinland i Mattilsynet meiner risikovurderinga til EU-organa er eit solid stykke arbeid. At dei konkluderer med at fenylbutazon er tilnærma ufarleg for menneske, overraskar ikkje Mattilsynet

– Europa har i utgangspunktet ein høg terskel for kva som er tillate av medisin på dyr som skal bli mat. Det er ikkje lov å behandla matproduserande dyr med legemiddel med dokumenterte alvorlege biverknader hjå menneske, seier seniorrådgjevaren.

(Saka held fram under biletet)

Laboratorietest av mat

I Noreg vart det i februar funne hestekjøt i lasagne frå First Price, Coop og frå Rema 1000.

Foto: PASCAL LAUENER / Reuters

Fjernar 50.000 tonn kjøt frå butikkhyllene

Hestekjøtskandala har vakse seg stadig større i omfang etter at det først blei avdekt reint hestekjøt i Findus-lasagne i frysediskane i Storbritannia i starten av februar.

Seinast onsdag førre veke gav det nederlandske mattilsynet ordre om at 50.000 tonn kjøt skal ut av butikkhyllene, fordi produkta kan innehelda udeklarert hestekjøt.

Tilsynet NVWA har også bede over 130 selskap som lagar kjøtprodukt om å spora kjøtet og trekkja det tilbake.

Sjølv om Mattilsynet i Noreg så langt ikkje har fått opplysningar om at nokre av desse produkta er importerte hit, kan dei heller ikkje utelukka det.

– Me hadde jo importert noko av lasagnen frå Luxembourg. Men det ser ikkje ut til at desse produkta har gått direkte frå dei nederlandske bedriftene til Noreg. Me har minimalt med kjøttimport frå Nederland, seier seniorrådjevar Ragnhild Margit Arnesen i Mattilsynet til NTB.

I Noreg blir det årleg testa for stoffer som ikkje skal vera i maten via «Fremmedstoffprogrammet».

Ifølgje Mattilsynet er det hittil ikkje påvist fenylbutazon i mat på den norske marknaden.

Som følgje av hestekjøtskandala, skal Mattilsynet i 2013 ta ti ekstra prøvar frå hest slakta i Noreg og testa for fenylbutazon.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt