Hopp til innhold

Innfører strakstiltak mot hestekjøt

Noreg og Island har sagt ja til ein plan for å avdekkja umerkt hestekjøt i menneskemat. Kjøtet kan innehalda farleg medisin.

HORSEMEAT/BRITAIN

Ein britisk slaktar har teke grep for å få kundane tilbake til kjøttdisken etter hestekjøtskandalen. Findus og Nestlé er to av selskapa som har funne spor av hestekjøt i sine produkt.

Foto: DARREN STAPLES / Reuters

Efta-overvakingsorganet Esa kalla torsdag inn Noreg og Island til eit møte i Brussel som følgje av hestekjøt-skandalen som veks seg stadig større i omfang.

På møtet gjekk Esa gjennom tiltaka som er gjort for å vurdera situasjonen i Noreg og Island. Dei la også fram eit forslag til ein koordinert kontrollplan for å avdekkja mogleg matsvindel i tida framover.

Forslaget blei i ettermiddag vedteke av begge landa, opplyser informasjonsansvarleg i Esa Trygve Mellavang-Berg overfor NRK.

Rapporterer til EU

Efta har ansvar for å følgja opp land utanfor EU.

Som i EU går planen som Noreg og Island no innfører ut på å:

  1. etterforska førekomsten av umerkt hestekjøt i matvarer: planen medfører kontroll, særleg hjå forhandlarar, av menneskemat som ifølgje merkinga inneheld storfekjøt.
  2. testa produkta over ein månad for å avdekkja moglege medisinrestar. Éi prøve per 50 tonn hestekjøt skal avsløra eventuelle restar av medisinen fenylbutason.

Kontrollresultata frå Noreg og Island skal jamleg rapporterast inn til Esa, som så skal rapportere vidare til EU-kommisjonen.

– Me skal gje all informasjon vidare til EU-kommisjonen og det europeiske meldesystemet for helsefarleg mat og fôr, slik at alle styresmakter i EØS umiddelbart får tilgang til han, opplyser Efta.

Kontrollplanen skal i utgangspunktet vare i éin månad, men kan bli utvida i to månader til.

Produkt fjerna i eit titals land

Hestekjøt-skandalen veks seg stadig større.

Også i Hong Kong har styresmaktene no gjeve ordre om fjerning av Findus lasagne frå Parknshop - ein av dei største daglegvarekjedane i regionen.

Etter at alarmen først gjekk i Storbritannia, har butikkar i Noreg, Danmark, Sverige, Belgia, Irland, Finland, Frankrike, Austerrike, Nederland, Tyskland, Italia, Spania, Portugal og Slovenia fjerna produkt frå hyllene.

Foutan Nestlé og Findus, er det brasilianske kjøttprodusentfirmaet JBS og den britiske butikk-kjeda Tesco råka av skandalen.

Saka har også ført til debatt i USA om den medisinske behandlinga av hestar i amerikansk oppdrett.

SISTE NYTT

Siste nytt